Vegetarmat, «weedmonopol» og klimahopp – slik er det på Grøn Ungdom sin sommarleir

Det er lite kjøtt, mykje engasjement og førebuing til å fase ut olja på Grøn Ungdom sin sommarleir.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.

– Alt har eigentleg berre vore ei oppleving, seier May Sami (13) når Framtida.no hukar tak i ho mellom to føredrag om oljeutfasing og flyktningar.

Det er slutten av juli og Grøn Ungdom er samla til sommarleir på Risøy folkehøyskole i Tvedestrand.

Himmelen er grå, og den første delen av dagen blir dei aller fleste programbolkane halde innandørs. May Sami frå Ullensaker er på sommarleir for fyrste gong.

– Mange har halde så bra taler at eg har mått filme. Eg noterer alt eg kan, seier ho i ein pause.

Sami vart engasjert i politikk gjennom mora, som sjølv er MDG-politikar. Ho likar spesielt godt det fyrste føredraget i festsalen, som handlar om eit spel. Eller, ein parodi av eit spel.

Listhaug som skurk

Når Equinor lagar barnespel om oljeutvinning, må sjølvsagt MDG ha sin eigen variant.

May Sami (13) frå Ullensaker er den yngste deltakaren som Framtida pratar med på Grøn Ungdom sin sommarleir. | Foto: Åshild Slåen

Frivillige frå ungdomspartiet spelar «Populistiske Paul» (ein stand-in for både Senterpartiet og FrP), «Streite Sigrun» (sjølvsagt ein arbeidarpartipolitikar), og den rimelege MDG-politikaren i rolla som energiminister.

Punkt-til-punkt-teikningane er litt annleis på Grøn Ungdom sin sommarleir. | Foto: Åshild Slåen

Bak i sélen er det ark med «Teikn trollet» (punkt-til-punkt-teikningar av oljeplattforma), gamle banner frå tidlegare sommarleirar, og informasjon om norsk sokkel.

Det er éin ting som er tydeleg frå fyrste stund: Ei Listhaug-styrt regjering med ein energiminister frå FrP er eit skrekkscenario for Grøn Ungdom.

Om det faktisk kjem til å skje dersom det blir borgarleg fleirtal, er usikkert, sidan både Høgre, Venstre og KrF peikar på Erna Solberg, og Sylvi Listhaug framleis ikkje har sagt eksplisitt at ho er statsministerkandidat.

Klima er i alt

Etter skulering i argument for og mot utfasing av olje, skal Frøya Skjold Sjursæther (19), politisk nestleiar og Grøn Ungdom sin beste sjanse på ein stortingsplass, prate om flyktningar.

– Med klimaendringane vil det bli fleire folk på flukt, seier ho frå scena.

Maten som blir servert på leiren, er sjølvsagt vegetarisk, for eit mindre klimaavtrykk. Til lunsj er det bønnegryte med ris, salat og andre valmoglegheiter.

Diskusjonen rundt lunsjbordet går i klima og naturvern, verv i Miljøagentane eller Natur og Ungdom, kven av organisasjonsvenane som er i kva ungdomsparti no, og kva politikken deira er i enkeltsaker.

– Du må lære meg posisjonen vår på dødshjelp og surrogati før skuledebattane, seier ein leirdeltakar til sidemannen.

Den fargerike miljørørsla

– GU-ar er fargerike, for å seie det sånn, seier Emma Hagen (22) frå Rogaland.

Bruktkledefaktoren er også høg, og seinare på kvelden skal det arrangerast moteshow og klesbytefest.

Med hår som er farga grønt i tuppane, har Hagen litt erfaring med klisjeane i miljørørsla.

– Eg plar å seie at eg er gjenkjennbar i større crowds, men når alle her går med grønt er det ikkje like lett.

Ho starta i Raud Ungdom, rekruttert av nokre venar, men vart etter kvart overtydd til GU gjennom debattar og etter å ha undersøkt politikken deira meir.

Det beste på sommarleiren meiner ho er samhaldet.

– Vi møter jo folk som meiner det same, har dei same verdiane, og det er noko av det største for meg,

Det gjer det enklare for ho å vere komfortabel i ein gjeng med framande.

– Viss ein veit at ein har litt same verdiar, så kan ein senke skuldrene og vere komfortabel sjølv om ein ikkje kjenner folk frå før.

Slår seg laus i sitt eige miljø

Ein som har møtt mange nye personar, er Serdar Sengezer (27) frå Tyrkia. Han er ein del av komiteen Young European Greens (YEG), og likar besøket sitt i Noreg. Trass i regnet, har det vore mindre kaldt enn han frykta.

– Så klimakrisa har jo ein effekt her også, trur eg.

Det gøyaste som har skjedd han så langt på leiren var å spele eit brettspel som starta med fem personar, enda med femten, og som eigentleg berre hadde plass til ni.

Sengezer set òg pris på at han får vere med på dei meir interne arrangementa til Grøn Ungdom, der erfaringar og idear blir utveksla.

YEG har jamleg festar, konsertar og andre aktivitetar på tilstellingane sine. Der har han erfart at dei norske ungdommane kan vere litt sjenerte.

– Det var så overraskande å sjå dei i deira eigen organisasjon, for her dansar alle, og eg var den sjenerte.

Ung mann med kvit skjorte, mørkt hår og grønt band.
Serdar Sengezer er ein del av komiteen for Young European Greens. Han er på besøk hjå Grøn Ungdom sin sommarleir. | Foto: Åshild Slåen

Sengezer kjenner til den norske sperregrensa som MDG og ungdomskandidatane prøver å kome seg over. Han håpar Noreg kan vere eit land med eit yngre klimaperspektiv etter valet.

– Når du pratar med ministrar, partileiarar og statsministrar så seier dei alltid «de unge er framtida». Det høyrest kanskje fint ut, men det er også ein underliggande beskjed: «Dette er ikkje tida dykkar no, vent på tur».

Rebusløp på stand

Som med alle andre politiske sommarleirar, er det nok av organisasjonar som set opp stand og vil gi informasjon til deltakarane.

Skilnaden hjå Grøn Ungdom er at dei gjer det til eit rebusløp, der alle som vil løyse oppgåver må innom kvar einaste stand for å hente inn informasjon.

Deltakarane går mellom organisasjonar som Norsk Målungdom, Dyrevernalliansen, Nei til Atomvåpen, Latin-Amerika-Gruppen og Tryggere Ungdom.

Organisasjonen Tryggere Ungdom har også ein «weedmonopol»-logo. Dei er for legalisering av cannabis og at rusbruk ikkje skal straffast. | Foto: Åshild Slåen

Tryggere Ungdom, ein organisasjon som jobbar mot straff av rusbruk og for regulert sal av cannabis, møtte opp tidleg, sidan nokre av dei måtte vidare til Unge Høgre sin leir, berre nokre mil lenger sør.

– Eg trur vi er litt meir populære her, konkluderer ein av dei frammøtte.

Det er ikkje heilt usannsynleg, om ein skal tru folkemengda. At Grøn Ungdom er for hasj på polet er ikkje noka hemmelegheit.

– Vi har mykje betre «weedmonopol»-logo då, seier ein leirdeltakar i forbifarten.

Hoppar for eit betre klima

Etter ein lang dag med føredrag, stands og debattskulering er det ein ting som er att. Sola tittar endeleg fram, og planen er klar.

Dei frivillige badevaktene godkjenner ein badeplass, og dei mest badeglade stiller seg opp.

– Skal vi ta eit trønderstup?

– Eg kan ikkje stupe.

– Eit trønderhopp då!

Og det blir eit trønderhopp, med fleire landsdelar som følgjer etter.

– Vi hoppar for eit leveleg klima! Der har du saka di.