Vener, samhald og regn – slik er Unge Høgre sin sommarleir
Ungdommane i Unge Høgre gjer seg klare for både fotballkamp og valkamp på årets sommarleir.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
På Hove leirstad utanfor Arendal står eit ruvande telt, glitrande i sola etter morgonens regnskur.
Teltet er blått, lyset inni er blått og alle det treffer er politisk blå. Det kan berre tyde ein ting: Unge Høgre har sommarleir.
– Alle har jo snakka om kor bra ver det er i Arendal, og så har det jo regna. Det har pøsregna heile tida!
Det seier Markus Volleberget Ringsby (16).
– Det var litt skuffande, smiler han.
– Men sjølve opplevinga, å møte nye folk, møte Erna, møte alle, det har vore kjekt.
For han har det beste med sommarleir vore å få nye vener.
– Eg har ikkje vore på sommarleir før. Så det har vore veldig spennande å møte andre, og få vener frå andre fylke enn Akershus. Det har vore veldig, veldig bra, seier Ringsby.
Fullt program
For medlemmane i Unge Høgre har det ikkje mangla på underhaldninga.
Sjølvsagt har politikarar frå moderpartiet vore innom, som Erna Solberg, Tina Bru og Henrik Asheim. Men også gruppa Beethoven, BA-desken og komikar Martin Lepperød tok turen til Tromøya.
Sistnemnde trekk Ragnhild Holm fram som eit høgdepunkt.
– Utruleg, utruleg gøy. Vi har òg hatt talentshow og natursti. I dag er det konsert. Det er veldig gøy at det er så mykje å oppleve utanom det faglege, seier Holm.
– Er det noko du kjem til å hugse spesielt godt, trur du?
– Eg kjem til å hugse innsjekken, at alle var så glade. Dei ønskte oss velkommen, og så fekk du programmet, og berre – dette blir gøy! Då ser du sånn fram til heile veka, seier ho.
Fotballglede
Ein ting fleire har sett fram til, er fotballturneringa, som går over to dagar. Når Framtida kjem, har dei berre spelt ein dag, men for Ringsby har det allereie blitt eit høgdepunkt.
– Eg synest noko av det aller beste har vore fotballturneringa. For vi står saman som eit fylke, og får spele mot andre fylke. Vi er ikkje heilt ferdig, men vi er så langt nøgde med innsatsen vår, seier Markus Volleberget Ringsby.
– Der er det mål!
Håkon Snortheim sitt kommentatorspor skjer gjennom larmen frå publikum, godt hjelpt av ein megafon skrudd opp til maks.
Fordi det spelets to kampar samstundes, går hovudet hans fram og tilbake for å forsikre seg om at han får med seg det mest spennande.
– Då er Vestland Unge Høgre ein sko mindre og eit mål bak Akershus.
Likevel kan det virke som Snortheim ikkje synest det er fotballen som er mest spennande, for den seriøse kommenteringa kjem i andre rekke når sjansen byr seg til nokre verbale sleivspark.
På eit tidspunkt går Unge Høgre-leiar Ola Svenneby hardt i bakken, tydeleg i store smerter.
Medan vektarar og tillitsvalde spring til, er ikkje Snortheim sein til å snu tragedie til komedie.
– Medan Ola ligg og vrir seg, gnir nestleiaren seg i hendene, klar til å ta over om sjansen byr seg, kommenterer Snortheim.
Rett etterpå skårar laget til Svenneby, og det blir hinta til at det kan vere leiarens fråvær som har skyld i at lukka har snudd.
– Eg har aldri vore med på noko fotball i politisk regi, det har vore veldig gøy, seier Nathaniel Mburu Ezhno (18).
– Eller, det var gøy fram til siste kamp. Då vart det litt sure miner. Hovudstyret til Unge Høgre vann mot oss, og det var litt kjipt, seier han.
Mburu Ezhno tykkjer det beste med sommarleir er samlinga av menneske frå heile landet.
– At ein kan møte så mykje nye vener, at det skapar eit sosialt samhald innanfor partiet. Det kan òg skape moglegheiter når du blir eldre, om ein vil jobbe i Høgre til dømes, seier han.
For eit Europeisk fellesskap
Ved sidan av fotballbana står fleire organisasjonar på stand, for å påverke og rekruttere nye medlemmar.
Organisasjonane Tryggare Ungdom og Målungdomen står der, men det er Europeisk Ungdom som blir mest besøkt.
Leiar i Europeisk Ungdom, Leo Stub Køber, seier dei har verva fleire nye medlemmar både her og på andre sommarleirar.
– Det er så fint og sjå at det er mogleg å ha tverrfaglege samarbeid. At vi kan inviterast av partia, og at det er rom for at man kan vere engasjert i fleire ting samtidig, seier han.
Fleire av ungdommane Framtida snakkar med, er positive til å gå inn i EU.
– Ja, eg trur EU kan gjere Noreg godt, no som det er urolege tider, seier Sofia Bjørge (17).
Ho meiner det no er på tide med ei ny folkeavstemming.
Det er Markus Volleberget Ringsby einig i.
– Eg er for EU, men det burde ikkje bli bestemt på Stortinget. Det er noko folket bør avgjere gjennom ei folkeavstemming, meiner han.
Fellesskap og samhald
Om ein skal samanfatte kva medlemmane i Unge Høgre synest er det beste med sommarleir, er det samhaldet det skapar og venene ein får. Slik er det òg for José Antonio Alcaron Sangesland (17).
– Det beste med sommarleir er å møte andre frå heile landet. Eg fått vener frå Rogaland, Telemark, Akershus, Oslo …
Alcaron Sangesland trekk også fram det faglege som eit høgdepunkt.
– Skuleringane er bra, det er sentralstyret veldig gode på. Også kan ein øve mykje på debatt, og lære meir om politikk, seier han.
At Alcaron Sangesland har hatt det bra på leir, kan det ikkje vere tvil om.
– Eg trur eg kjem til å ha minna herifrå for resten av livet.