Tryggleik, skule og psykisk helse – dette er Unge Høgre sine hjartesaker

Det manglar ikkje på sterke meiningar når Framtida.no vitjar Unge Høgre sin sommarleir.

Einar Nygaard
Publisert

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia

– Eg meiner den viktigaste velferda vi har, er å gje folk gode og like moglegheiter.

Det seier Sahra Ismail Hindise (18) frå Ålesund i Møre og Romsdal. Saman med ungdommar frå heile landet er ho på Tromøy utanfor Arendal, på Unge Høgre sin sommarleir.

Framtida.no har tatt turen mellom anna for å høyre kva hjartesaker dei har i Unge Høgre.

Hindise seier hjartesaka hennar er skule og utdanning.

Hindise trur årets mest diskuterte sak blir økonomi, skatt og skule. | Foto: Einar Nygaard

– Like moglegheiter får ein gjennom skulen. Det er ikkje alle som er like heldige. Ikkje alle har vellukka foreldre, eller kjem frå ressurssterke heimar. Difor er skulen det viktigaste vi har i samfunnet. Det gjer at alle kan kome opp på eit godt nivå.

Brenn for skulepolitikken

Sommarleiren til Unge Høgre gjekk i år frå 28. til 31. juli. I løpet av veka har ungdommane fått besøk av store Høgre-namn som Erna Solberg, Tina Bru og Henrik Asheim, dei har hatt rebus og fotballturnering.

Ragnhild Holm er eigentleg frå Harstad i Troms, men bur no i Froland i Agder. | Foto: Einar Nygaard

Dei har òg hatt underhaldning på kveldane. Mellom anna har Martin Lepperød hatt show. Det trekker Ragnhild Holm (18) fram som eitt av høgdepunkta.

– Det var utruleg, utruleg gøy.

Holm seier sakene som står ho nærmast er skule og kvinnehelse.

– I skulen er det særleg fritt nivå-val. Til dømes i matte opplever eg at lærarane har sett og høyrt meg. Og det vil eg gjerne at skal skje i andre fag også, at dei veit korleis eg ligg an, seier Holm.

– Eg ønskjer at lærarane veit korleis elevane eigentleg er, og at dei kan sjå kvar elev.

Holm er ikkje åleine om å vere oppteken av skule. Faktisk er skulepolitikk den saka flest nemner når Framtida.no spør om hjartesakene til Unge Høgre.

For José Antonio Alarcon Sangesland (17) gjeld det spesielt fritt skuleval.

– Eg meiner elevane veit best kor dei skal gå på skule, og kven dei vil gå på skule med, seier Alarcon Sangesland, som sit i styret i Kristiansand Unge Høgre.

– Om ein ikkje får velje skule, har ein ikkje kontroll over kvardagen sin. Då mister ein litt av fridomen sin òg. Det valet har mykje å seie for framtida di, så det er eg oppteken av, seier han.

Sofia Bjerkeli Bjørge seier det beste med sommarleir er å møte andre som deler same visjonar og ambisjonar.

Trur EU kan hjelpe Noreg i utrygge tider

Sofia Bjerkeli Bjørge (17) er styremedlem i Follo Unge Høgre i Akershus.

Ho seier ho alltid har vore samfunnsengasjert, men at ho verkeleg fatta interesse for politikk i valåret 2021. Hennar hjartesak er eit tryggare Noreg.

– Det er ei uroleg tid vi lever i no, og eg meiner vi må fokusere på særleg dei unge som kjenner seg utrygge når dei går ut i gatene seint på kvelden, seier Bjørge.

Det ho beskriv som urolege tider, kan også vere grunn til å tenke nytt om EU, ifølgje Bjørge.

– Eg trur EU kan gjere Noreg godt. Siste folkeavstemming var i 1994, så eg trur det er på tide med ei ny avstemming. 

Meir press på psykisk helse

Nathaniel Mburu Ezhno (18) har helse og psykisk helse som si hjartesak.

– Det gjeld både i skulen og for dei vaksne. Det er mykje som skjer rundt i verda, både krig og forferdelege hendingar.

– At ein skal sitte på skulen og lese om dette, men berre ha tilgang til psykolog eller helsesekretær ein gong i månaden … det synest eg er for lite, seier Mburu Ezhno.

Han oppfordrar Høgre til å halde fram slik dei gjer, men legge meir press på psykisk helse, spesielt i skulen.

Nathaniel Mburu Ezhno er med i Vestfold Unge Høgre. | Foto: Einar Nygaard

– Det er ekkelt å seie, men vi har skummelt høge tal for depresjon blant menn. Dette er feil som kjem frå regjeringa, ikkje frå enkeltpersonane eller familiane som vert råka, avsluttar han.