Årsrapport Framtida.no 2025

2025 har vore eit svært godt redaksjonelt år for Framtida.no. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 22.01.2026 16:01

Trafikken på Framtida.no kan framleis ikkje måla seg med tala frå koronaåra, men me ser på sakene som vert best lese at det er saker som styrer Framtida i riktig redaksjonell retning.

Framtida.no har òg fått mykje støtte til å gjennomføra kvalitetsjournalistikk som har nådd breitt ut og vorte lagt merke til.

Framtida.no har i løpet av 2025 hatt to siteringar i NPK (Nynorsk Pressekontor) og fire siteringar i NTB. Ei av desse var toppsak i både NRK og VG.

Dei siterte sakene var: 

Lesartal

Framtida.no har i 2025 har 579 775 lesarar.

58,8 % av lesarane kom frå mobil, 38,8 % frå desktop og 2,4 % frå tablet. Framtida.no har òg ei betydeleg mengd trafikk frå læringsplattformer, noko som tydar på at journalistikken vert brukt i undervisninga. Trafikken til Framtida.no er størst frå dei store byane, noko som er naturleg med tanke på innbyggjartal.

Dei best lesne artiklane på Framtida.no i 2025 var:

  1. Lothepus (56) er ikkje feminist – dottera Ida (21) er ueinig (22 114)
  2. AUF-leiaren: – IKKJE ta q-tips i øyret! (16 315)
  3. Oslo kommune ber partia halde seg unna stemmekøane (11 851)
  4. Då Lothepus var 20 gjekk han med hårnett for å trasse forsvaret (11 826)
  5. Elevar frå ulike delar av Oslo gjekk i same klasse: – Folk kan ha fordommar (11 405)
  6. Amrit Kaur etter debatten: – Openbert at eg vert forskjellsbehandla (10 850)
  7. Dottera om Elon Musk-gest: – Definitivt ei nazi-helsing (10 239)
  8. Fleire unge «festrøyker» – Kreftforeningen skuldar på sosiale medium (8768)
  9. Draumeleilegheit til låg pris – mot å vente til eigaren døyr før du kan ta over? (7421)
  10. MDG-Frøya om romanserykte: – Tar det som eit stort kompliment (6234)

Prosjekt

Framtida.no har ein stabil økonomi, men er avhengige av prosjektmidlar for å oppretthalda drifta. Den prosjektbaserte arbeidsmetoden bidreg i stor grad til nyskaping, innovasjon og kreativitet i ein liten redaksjon, som må tenkja utanfor boksen.

I 2025 budsjetterte Framtida.no med 400 000 kroner i prosjektmidlar. Redaksjonen fekk tilslag på 475 000 kroner i støtte. 50 000 av desse gjekk direkte til honorar som ikkje var budsjettert med. Vidare strekker nokre av midlane seg inn i 2026, noko som gjer at dei ikkje kan teljast som inntekt for 2025 åleine.

Under kjem ei oppsummering av fjorårets prosjekttilslag og -gjennomføring:

Ung kritikk 2025

Framtida.no fekk 50 000 i støtte til prosjektet Ung kritikk 2025. Dette er tredje året me får støtte til honorering av film- og seriemeldingar frå unge.

I 2025 har prosjektet resultert i 25 film- og seriemeldingar og 3 listesaker. Sakene er lest til saman 9000 gonger.

Dei mest leste meldingane var:

I løpet av 2025 har ein meldar slutta å ta oppdrag for Framtida.no av omsyn til studium og ein av omsyn til jobb. På grunn av mindre støtte til prosjektet enn budsjettert og søkt om, har ikkje Framtida.no lyst ut etter ein erstattar for Rein filmmeldar og ein spelmeldar som har sagt opp av omsyn til jobb og studiar. Hovudvekta av meldingane er difor produsert av Ola Birgitsønn Vik og Jenny Lund.

Redaktør Andrea Rygg Nøttveit og meldar Rakeb Berhanu Erana har òg vore i panelsamtale under Filmformidlingskonventet under BIFF i oktober, for å snakka om prosjektet og korleis me løftar unge meldarar. Dette viser at prosjektet har vorte lagt merke til i bransjen.

I løpet av perioden har Jenny Lund vorte rekruttert via Framtida.no til å verta filmmeldar i NRK. Jenny Lund har òg i perioden vorte invitert inn i NRK sitt radiostudio to gongar for å snakka om tema knytt til meldingar skrive for Framtida.no. Den eine gongen handla det om nyinnspelingar av live action-filmar i lys av Lilo & Stitch, den andre gongen om sjangeren body horror i lys av Den stygge stesøsteren.

Demokratiprosjektet «Summer of ‘25»

Framtida.no plar søkja om eit sommarprosjekt som er skreddarsydd for sommarvikarane våre, for å gje dei ei god og konkret arbeidserfaring der dei får eigarskap til eit saksfelt.

Sommaren 2025 fekk Framtida.no 200 000 kroner til demokratiprosjektet «Summer of ‘25» der me sende sommarvikarane våre ut på ungdomspartileirane, for å finna forskjellar og likskapar mellom dei. Prosjektet resulterte i 48 artiklar som har fått nesten 60 000 lesarar.

Dei fem best lesne sakene er:

I tillegg har fem saker vorte republisert i ABC Nyheter, der dei har nådd ei eldre målgruppe.

Framtida.no har òg produsert 14 TikTok-videoar i prosjektet som ved prosjektslutt hadde fått 43 360 visningar.

Framtida.no har òg lagt mykje flid i å spreia sakene via Instagram.

Framtida.no har i prosjektperioden hatt godt over éin million visningar på Instagram. Me har nådd over 120 000 kontoar, noko som er 57 prosent meir enn i føregåande periode.

Prosjektet hadde òg svært gode tal å visa til når det gjaldt å løfta unge stemmer og mangfald blant kjeldene.

I prosjektet har 161 intervjuobjekt blitt sitert i 48 saker. Nokre kjelder er intervjua i fleire saker.

Snittalderen på kjeldene med kjent alder er 20,5 år, noko som betyr at Framtida.no bidreg til å løfta ei gruppe som i mindre grad vert brukt som kjelder i media. Ifølgje Fritt Ord sin eigen rapport om kven som kjem til orde i media, er berre 6 prosent av kjeldene i aldersspennet 20–29 år. Aldersspennet 10–19 år utgjer berre 2 prosent av kjeldene i sakene forfattarane har sett på. Prosjektet sine kjelder strekker seg frå 13 år og opp til ukjent vaksen alder. Det er svært få kjelder over 30 år.

46 prosent av kjeldene til Framtida.no hadde kvinnenamn, ein kjønnsbalanse som truleg ville vore enno jamnare om det var fleire kvinnelege ungdomspartileiarar på tidspunktet prosjektet vart gjennomført.

22 prosent av kjeldene hadde namn med utanlandsk opphav, ekskludert nordiske namn.

Kjeldene kjem frå heile det politiske spekteret, men sidan KrFU ikkje hadde sommarleir som dei andre ungdomspartia, er dette partiet dårlegare representert enn dei andre.

Prosjektet har også internasjonale kjelder frå Danmark, Tyrkia og Sverige.

Framtida.no sin redaktør vart òg invitert som paneldeltakar på Spire si valvake for å snakka om kva unge har vore opptekne av i denne valkampen, med utgangspunkt i prosjektet.

Unge stemmer 2025

Framtida.no fekk i april 2025 100 000 kroner i støtte frå Bergesenstiftelsen til prosjektet Unge stemmer, der me intervjua førstegongsveljarar i forkant av valet. Det vart òg gjennomført fem debattkurs og etterfølgjande debattar for unge, i regi av Svein Olav Langåker.

Til saman deltok 200 ungdommar på debattkurs, som nådde 1217 tilskodarar i fem ulike kommunar.

Prosjektet resulterte òg i 16 artiklar som vart lese 3500 gonger.

Prosjektet tok særleg sikte på å løfta heilt vanlege førstegongsveljarar i forkant av valet. Redaksjonen var opptekne av å rekruttera vanlege førstegongsveljarar, som òg kunne svara på oppfølgingsspørsmål etter eit portrettintervju.

Førstegongsveljarane fordelte seg slik:

  • 9 portrett
  • 3 kvinner
  • 5 menn
  • 1 ikkje-binær
  • 3 kjent minoritetsbakgrunn
  • 1 norsk urfolk

Den største utfordringa med tanke på mangfald var å finna unge kjelder som stemte på høgresida. Å treffa den politiske breidda blant ungdommar er eit fokusområde for Framtida.no.

«Frivilligheit i individualismens tid»

Framtida.no fekk i november 2025 avslag på støtte frå Fritt Ord til prosjektet frivilligheit.

Søknaden vart arbeidd med og sendt til Sparebankstiftelsen DNB og i desember 2025 fekk me 50 000 i tilslag for å gjennomføra ei spørjeundersøking om rekruttering til organisasjonane og 10 artiklar om «Frivilligheit i individualismens tid». Prosjektet skulle opphavleg vera avslutta i januar 2026, men er noko utsett og vil verta avslutta i mars 2026.

«Gen Z i maktas korridorar»

Framtida.no fekk i desember 2025 75 000 kroner i støtte til prosjektet «Gen Z i maktas korridorar». Prosjektet var tenkt starta i desember 2025, men er utsett til februar-april 2026. I prosjektet vil Framtida.no intervjua unge politikarar verda over om politiske saker som pregar deira land, eit prosjekt som gjev gode moglegheiter for å utvida perspektiva til lesarane våre i ei spanande utanrikspolitisk tid.

Prosjektet søkte opphavleg om 215 000 kroner til 25 artiklar, og vert nedskalert til 10 artiklar på grunn av lågare tilslagssum.

Meiningsportalen

Framtida.no har i 2025 publisert 144 meiningsinnlegg som ifølgje statistikk i WordPress er lese over 48 000 gongar.

Desse innlegga er kome inn både via e-post og meiningsportalen, som har vore ein suksess sidan lanseringa i 2023. I tillegg er det innlegg som redaksjonen har etterspurt frå skribenten, og innlegg som er republisert frå sosiale medium eller andre aviser med løyve.

Dei mest leste innlegga i 2025 var:

  1. «Når handla bunaden om å vere seg sjølv fullt og heilt?»
  2. «Eit arrogant og kynisk angrep på alle uføretrygda»
  3. «På sin plass at «Gutta» får Gullbarbie»
  4. «Viss du ikkje likar det, la vere å sjå på det»
  5. «Vi vil ha fleire karakterar»

Framtida har òg vorte kontakta av mellom anna Nationen, VG og ABC Nyheter for republisering av innlegg. Slik vidareformidling av innhald ser me på som ein viktig del av det å løfta unge stemmer i den offentlege.

Teknisk overgang

I løpet av året har Framtida.no fullført ei digital lausriving frå ABC Nyheter som inneber at me no eig vår eigen Google Drive og e-postsystem, noko som har ført til noko auka kostnadar. Dette var ei endring me venta ville kome, men som likevel innebar ei rask omvelting.

I samband med omstillinga valde Framtida.no å halde fram med Google sine system, som passar godt til små bedrifter. Me har òg valt ein enkel support-avtale med Garnes Data, som passar oss som lita bedrift godt.

Bemanning

Framtida.no har i 2025 hatt eit stabilt mannskap med tre fulltidstilsette, i tillegg til ein fulltidstilsett i Magasinett. På grunn av sjukdom og permisjon i Magasinett har me hatt ein fast vikar gjennom året. Magasinett har òg hatt tre ferievikarar. I tillegg har Framtida.no våren 2025 teke imot ein praktikant frå Nynorsk Avissenter i Førde og hatt ein praksiselev frå medieproduksjon på Fyrstikkaléen VGS. Framtida.no hadde òg to elevar frå Operasjon Dagsverk, som fekk opplæring og spesialtilpassa arbeidsoppgåver.