Elevar frå ulike delar av Oslo gjekk i same klasse: – Folk kan ha fordommar

I to veker gjekk 24 elevar frå Oslo vest og aust i same klasse. Resultatet av eksperimentet kan du sjå i TV 2-serien Skolebytte.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Dei trudde me ikkje hadde så mange pengar og at me kom til å kanskje stjela ting frå dei, fordi dei hadde ganske dyre ting, ler Celina Daniela Espinal Møller (15).

Framtida.no møter ho og fire tidlegare medelevar på Bjøråsen skole på Romsås.

Våren 2024 var dei med på eit sosialt eksperiment der tolv niandeklassingar frå Uranienborg skole i bydel Frogner og tolv niandeklassingar frå Bjøråsen skole i bydel Grorud gjekk i same klasse i to veker.

Resultatet har vorte TV 2-serien Skolebytte, som er inspirert av eit britisk program frå 2019.

Vil skapa samtalar

Serien har premiere 28. august og går over fem episodar. Målet er på å visa fram forskjellar og likskapar mellom Oslo aust og Oslo vest.

Programleiarane Janne Amble og Kadafi Zaman har brukt eigne erfaringar og lært mykje nytt i møte med elevane.

– Både Kadafi og eg er blitt utfordra til å tenkja nytt om oss sjølv og samfunnet. Me gler oss til å visa denne serien til heile Noreg, og trur at serien vil bidra til mange gode samtalar rundt middagsbordet denne hausten, seier Janne Amble i pressemeldinga knytt til serien.

– Ikkje opplevd denne sida

– Mange eldre meiner det er ganske stor forskjell, men dei har berre ikkje opplevd denne sida av Oslo og Noreg. Dei høyrer meir på det som blir sagt enn å opna augo sine, meiner Møller.

Utover at det var eit meir fleirkulturelt miljø i Oslo aust meiner ho at det ikkje er så store forskjellar mellom aust og vest, noko fleire av dei andre er einige i.

Trudde det var meir «kebabnorsk»

I undervisninga diskuterer elevane mellom anna interesser, verdiar, kjønnsroller, dating, rus, busetjingsmønster og språk.

Anne Aas-Jakobsen opplevde at forskjellane mellom dei som vaks opp i aust og dei som vaks opp i vest var mindre enn ein kanskje trur.

– Eg trudde kanskje at korleis dei snakka var mykje meir annleis, men det var ganske likt. Eg trudde kanskje dei skulle snakka litt meir «kebabnorsk» eller noko sånt, men eg synest dei snakka ganske likt som oss.

– Like interesser

På den andre sida hadde Elias Kongsro-Buraas fordommar om at elevane frå Oslo vest hadde blondt hår, midtskil og poloskjorte.

– Det er kanskje litt betre økonomi på vestkanten, ikkje alle, men sånn generelt, påpeikar han.

Han synest at han fekk stadfesta ein del fordommar, men at mykje var likt mellom dei ulike bydelane.

– Me er jo alle menneske. Me hadde same interesser. Jentene likte å sminka og pynta seg og gutane likar fotball og tullar mykje.

Bortskjemte fordommar

Victor Flygind gjekk på Uranienborg ungdomsskole og vart med på prosjektet for å bli kjent med nye folk og læra meir om ein del av byen han ikkje hadde mykje kjennskap til.

– Me vart jo ganske godt kjent med dei me var i klasse med, fortel 16-åringen.

Han erkjenner at det finst nokre stereotypar om folk som er busett i Oslo vest.

– Folk kan ha fordommar om at ein er litt bortskjemte og sånn. Det er ikkje alle som er det, men sikkert nokon.

Òg Celina Daniela Espinal Møller trekk fram at det er personavhengig.

– Og sjølv om dei har pengar så kan nokon ha problem med økonomi òg. For dei bur jo i dyre område og då kan det vera litt dyrt nokre gongar.

Opna for nye menneske

I prosjektet går familiane til elevane på middagsbesøk hos kvarandre, noko mor til Victor sette stor pris på.

– Då tenkjer eg kanskje mest på det der med å opna opp for nye menneske. Kor lite ein gjer det i kvardagen eigentleg og kor utruleg hyggeleg det er å møta nye menneske, seier mor til Victor.

Trass i at det kunne vera forskjellar på religion og andre ting, fann dei ut at mykje var likt på alt frå innetider til verdiar.

– Det var jo likt, og det var veldig fint.