Koke bjørn – grafisk vald, obduksjonar og blod

Koke bjørn er perfekt for deg som vil sjå ei blodig, dyster og nervepirrande mordgåte.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Året er 1852 og vi er i den vesle bygda Kengis nord i Sverige. Ein ny prost og familien hans har nettopp flytta inn, og det tek ikkje lang tid før det blir dramatisk. Ei ung jente blir meldt sakna. Den fæle lensmannen meiner at det er ein bjørn som står bak, men vår helt prosten veit betre.

«Koke bjørn»

Kor: Disney+

Lengde: 6 episodar på 50 minutt

Aldersgrense: 18 år (vald, gørr)

Regissør: Trygve Allister Diesen

Språk: Svensk/samisk

Sjanger: Krim/drama

 

Det som følgjer er ei historie om løyndomar, forskjellar og kjærleik.

Blodig, dyster og nervepirrande mordgåte

Dette er ein serie eg har gleda meg lenge til. Eg likar boka han er basert på veldig godt. Dette er ein av dei fyrste seriane Disney har produsert i Skandinavia, og Emil Karlsen, som spelar ei av hovudrollene, er ein kjent musikar i mitt miljø.

Heldigvis lever serien opp til forventningane, og er perfekt for deg som vil sjå ei blodig, dyster og nervepirrande mordgåte.

Serien har aldersgrense 18 år, og det med god grunn. Det er mykje grafisk vald, obduksjonar og blod. Eg er ei ganske sart sjel, så det hende at eg måtte ta ein pause etter dei verste scenene, spesielt mot slutten av serien.

Historisk fiksjon

Koke bjørn/To Cook a Bear er basert på den bestseljande boka med same namn, som kom ut i 2016. Forfattar Mikael Niemi hentar ofte inspirasjon frå historie og natur frå Nordkalotten, og denne historia er ikkje noko unntak.

Sjølv om namnet ikkje vert nemnt i serien, er det ingen tvil om at prosten er Lars Levi Læstadius. Han var ein svensk-samisk prest og naturforskar, mest kjend for meg som grunnleggjar av den kristne rørsla læstadianismen. Rørsla er ein del mindre no til dags, men spora kan framleis merkast, særleg nord i landet der eg kjem frå.

Sjølv om historia har røter i verkelegheita, er serien historisk fiksjon. Det er nok ganske bevisst at dei ikkje nemner namnet hans. Utan å tenkje meir på historiske samanhengar, er prosten veldig karismatisk og ein fengande hovudkarakter. Han er veldig sterk i si tru på Gud, men også nysgjerrig på natur og folk. Han vil ikkje at nokon i kyrkjelyden skal svelte, og samlar inn kollekt til dei fattigaste. Han er kategorisk imot alkohol, noko som gjer han upopulær blant dei rikaste i Kengis.

Dette set scena for resten av serien, der prosten må kjempe mot overklassen sine interesser for å finne sanninga bak dei mystiske forsvinningane.

Holmes & Watson-duo

Med seg overalt har prosten fostersonen Jussi, spelt av Emil Ráste Karlsen. Han er beskjeden, seier ikkje så mykje, og blir dårleg behandla av bygdefolket på grunn av sin samiske bakgrunn. Han er like nysgjerrig som faren, og saman dannar dei ein flott Holmes & Watson-duo.

Etterforskinga er den mest engasjerande delen av serien for min del, og det er nok vår detektiv-duo einig i. Nokre gongar må prosten ta seg i å bli litt for ivrig, det er trass alt mord dei undersøker.

Fengjande karakterar

Utanom det sentrale mysteriet, er det karakterane som fenger. Prosten og Jussi har eit nært forhold som blir sett på prøve gjennom serien. Prosten si dotter Lisa føler sjalusi, sidan faren openbert favoriserer fostersonen, tilsynelatande berre fordi han er mann.

Kengis er ei lita bygd, så vi blir godt kjende med dei som bur der. Den unge Maria jobbar mot forventingane samfunnet har til ho, den omreisande målaren Beronius er eksentrisk og kanskje litt mistenkjeleg, og dei rike fabrikkeigarane og handelsmennene har meir enn nokre få svin på skogen.

Foto: Sami Kuokkanen / Disney+

Går ikkje veldig i djupna

Serien tar for seg tema som diskriminering, religion og klasseskilje, men går aldri veldig i djupna på det. For min del gjer dette ingenting; handlinga og karakterane er i fokus framfor ei veldig nyansert skildring av livet på den tida. Særleg i starten kan folka verke litt som karikaturar, og dei slemme var veldig rasistiske og griske. For alt eg veit er det sånn det var på den tida.

Det er i alle fall ein effektiv måte å etablere konflikt på, og det tar ikkje lang tid før karakterane får djupne.

Dette er mykje på grunn av skodespelet. Det er fleire store namn med: Gustaf Skarsgård som prosten, Ane Dahl Torp som kona hans Brita Kajsa og Pernilla August som den rike Madam Sjødahl. Sistnemnde spelte mora til Anakin Skywalker i episode 1 av Star Wars, ein liten fun fact.

Det er heller ikkje merkbart at dette er Emil Karlsen sin første jobb som skodespelar. Han sklir rett inn blant dei etablerte namna. Serien er også filma inn i Sverige og Finland. Den ville naturen set ei unik stemning, vakker, men også rå og farleg. Det hjelper med å få fram det dystre og nervepirrande i historia.

Full av tvistar

Ein kul detalj er at karakterane heile tida byter mellom å snakke svensk og samisk. Området var eit møtepunkt for mange kulturar, så det er stilig å sjå det representert på den måten. Av ein eller annan grunn er ikkje svensk sett som originalspråk, så lesarane må hugse å byte språk på serien for å få den beste opplevinga.

Koke bjørn er full av tvistar, rå natur, og har ein nerve som går gjennom alle episodane. Om du toler blod og dyster stemning, er glad i mysterium og vil støtte nordisk kultur med internasjonal produksjon bak seg, er det ingenting som stoppar deg frå å sjå denne serien.