Identitet

«Når handla bunaden om å vere seg sjølv fullt og heilt?»

Ikkje ein einaste gong har eg tatt på meg bunaden for å vere meg sjølv fullt og heilt. Tvert i mot. Alle anledningane handlar om å vere ein del av noko større, skriv Frida Bjørnereim Dalsbø.

Frida Bjørnereim Dalsbø (24)
Kunsthistoriestudent
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget var først publisert på Substack og er republisert med løyve.

Det er mai. Ein av årets mest føreseielege månadar. Stappfulle lesesalar, eksamensstressa studentar, korpsmusikk i gatene, fridagar i fleng, russebukser og bjørkeris, og det mest definerande av alt; bunadsdebatten.

Det er fascinerande korleis ein år etter år finn nye punkt ved folkedrakta vår å diskutere, det vere solbriller, 17. mai-sløyfer eller kva skotøy som eigentleg sømer seg.

I år er derimot tonen annleis, og, ifølge meg, eit symptom på eit langt større problem.

Ein evig bunadsdebatt

Det heile starta for eit par år tilbake, då den farga bunadsskjorta for alvor melde sin framkomst.

Ein kan heldigvis meine kva ein vil om den, og dessutan bruke kva argument ein vil for å forsvare denne meininga. Og det har folk gjort, både i private samtalar, i bunadsbutikkane, i kommentarfelt, ja, til og med i Debatten hos NRK i beste sendetid.

quote-left

Det er fascinerande korleis ein år etter år finn nye punkt ved folkedrakta vår å diskutere

quote-right

Denne våren kom det ein ny joker inn i den nyleg UNESCO-lista bunadsbruken vår. Klesmerket Lyng Wear, grunnlagd av artisten Sandra Lyng, lanserte Drømmeblusen; ein satengbluse med pufferme i ulike fargar og broderi, som ifølge salsannonsen kan brukast like fint både til kvardags som til bunad.

Mottakinga har vore mildt sagt blanda. Blusen vart raskt utseld, men Sandra Lyng måtte likevel ut i VG med ein kronikk med tittelen «Kjære bunadspolitiet» der ho forsvarar sitt eige produkt, og snakkar om korleis blusen fint kan brukast som ein del av bunadstradisjonen: «Bunad handler om stolthet og røtter, ja, men også om identitet og gjenkjennelse. Om å få være seg selv, fullt og helt.»

Individualistisk bunadsbruk

Og det er her det skurrar for meg. Ikkje med at Lyng Wear skriv at blusen har «skreddersydd kvalitet» eller at dei ved å skrive «hver skjorte er brodert» gjev inntrykk av at denne er handbrodert, noko prisen avslørar at den heilt klart ikkje er. Dette er så klart kritikkverdig i seg sjølv, men det er ikkje det eg heng meg mest opp i. For når handla bunaden om å vere seg sjølv fullt og heilt?

Eg har hatt min Nordfjordbunad sidan eg konfirmerte meg i 2016. Sidan den gongen har eg brukt han i følgande anledningar: på 17. mai, i konfirmasjonar, på vitnemålutdelingar, og i åra framover ser eg fram til å bruke den også i bryllaup og barnedåpar, og kanskje ein gong eg skal bere fane på eit stort sportsarrangement.

Ingen av desse anledningane handlar om meg.

Ikkje ein einaste gong har eg tatt på meg bunaden for å vere meg sjølv fullt og heilt. Tvert i mot. Alle anledningane handlar om å vere ein del av noko større. Om å representere noko anna enn seg sjølv, eit fellesskap. Ein nasjon på 17. mai. Ein familie i konfirmasjonar, bryllaup eller barnedåpar. Ein organisasjon når eg skal bere fane. Og ein utdanningsinstitusjon under vitnemålutdelinga.

Trendslave i kvardagen

Vi er på kollisjonskurs dersom det hovudsakleg er eg som er i fokus når eg kler meg i bunad. Eg kan uttrykke meg, og vere fullt og heilt meg sjølv med det eg kler meg i, alle andre dagar i året.

quote-left

Når handla bunaden om å vere seg sjølv fullt og heilt?

quote-right

Og her er vi ved sakas kjerne; for det gjer vi ikkje. Alle andre dagar i året kler vi oss ikkje fullt og heilt som oss sjølve. Alle andre dagar kler vi oss som alle andre.

Vi er trendslavar, lite kreative, ikkje sjølvstendige, kjedelege og offer det butikkane og reklame presenterer for oss.

Og kva resulterer det i? At dei dagane poenget er å kle seg for fellesskapet,  skal vi vere unike. Kvar er logikken?

Til kvardags skal vi vere så like som mogleg. Då får du kommentarar om du kler deg i ein litt for mønstrete kjole, eller prøvar ut ein ny frisyre. Ikkje nødvendigvis kommentarar med tydeleg negativt forteikn, men likevel merkverdig nok til at du let favorittkjolen henge i skapet neste gong. Vi kjøper den buksa influensaren seier er så fin, for vi vil også vere like fine – utan at vi har tenkt oss om kva vi eigentleg likar. Ein heil industri jobbar målretta for at vi skal ha lyst til å vere like på kvarandre, og vi går fem på.

Men på 17. mai, fellesskapsdagen over alle fellesskapsdagar, då skal vi vere unike og spesielle. Det er litt av eit paradoks.

Fleire dagar til å vere seg sjølv

Vi veit allereie veldig godt at fast-fashion-kulturen har enormt skadelege konsekvensar for både miljø og natur. For dei av oss som er litt inne i tekstilfeltet er det også tydeleg at det evige og akselererande trend-jaget gjer oss stadig fattigare på fleire vis enn berre reint økonomisk.

quote-left

Ein heil industri jobbar målretta for at vi skal ha lyst til å vere like på kvarandre, og vi går fem på

quote-right

Årets bunadsdebatt er nok eit felt denne gigant-industrien påverkar, og i mine auge, ikkje i ei positiv retning. Dette er ikkje ein kritikk av nye silkeskjorter til bunaden, men av grunnen til at vi føler på behovet for dei.

Dersom du har eit ønske om å «være seg selv, fullt og helt» i måten du kler deg på, vil eg oppfordre deg til å starte med ein av dei mange andre dagane i året. Ein der du ikkje brukar bunad.

Og no vil eg ikkje spoile for mykje her, altså, men då har du faktisk mange fleire dagar å vere fullt og heilt deg sjølv på.