Bausjen: – Gutane er tilbake!

Skaparane av Hvite gutter har nok ein gong skapt ein komedie som garanterer latterkrampe minst kvar femte minutt, skriv Rakeb Berhanu Erana.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Hvite gutter tok slutt, var eg vonbroten. Eg tenkte at eg aldri kom til å sjå gutane samla igjen – men frykt ikkje! No er dei tilbake, denne gongen i uniform.

Bausjen følgjer seks politibetjentar – Are, Eden, Kjetil, Tina, Øystein og PK – i den kaotiske og absurde jobbkvardagen deira. Stasjonerte i ei lita bygd utanfor Oslo, hamnar dei stadig i komiske situasjonar. Sjølv om dei prøver å halda oppe tilliten til politiet, kjem dei opp i situasjonar som ikkje hjelper.

Bausjen

Nasjonalitet/språk: Norsk

Serieskaparar: Torjus Tveiten, Johannes Roaldsen Fürst, Eirik Hvattum Bjørnstad, Jørgen Evensen, Julian Hagemann

Noregspremiere: 28. februar 2025

Plattform: Max

Aldersgrense: 15 år

Sjanger: komedie, satire

Episodar: 8

Episodelengd: 24 minuttar

 

Komiske talent

Eg kan ikkje understreka nok kor dyktige og morosame skodespelarar Johannes Roaldsen Fürst, Torjus Tveiten, Eirik Hvattum Bjørnstad og Jørgen Evensen er. I Bausjen spelar dei politibetjentane Kjetil (Evensen), Are (Fürst), Øystein (Tveiten) og PK (Bjørnstad). Kjemien mellom dei på skjermen er heilt utruleg. Kvar av dei er både nødvendig og unik i rolla si.

Menneska bak kamera veit nøyaktig kvar kameraet skal plasserast for å forsterka humoren og gje serien eit mokumentar-preg. Lydbiletet har perfekt komisk timing, og regi har gjort ein strålande jobb med å redigera scenane for å bevara humoren.

Ein styrke ved Bausjen er dei to nye tilskota til rollebesetninga: politibetjentane Tina og Eden, spelt av Mari Hauge Einbu og Seda Witt. Å finna sin plass i ein så etablert og samansveisa gjeng er inga lett oppgåve, men Einbu og Witt meistrar det med glans. Dei både skil seg ut og glir naturleg inn – og ikkje minst er dei utruleg morosame.

Kort sagt: Bausjen er verdt å sjå berre for skodespelarane åleine.

Nok TikTok

Først var eg skeptisk til at serien skulle handla om politiet, sidan dei har ei alvorleg og kontroversiell rolle i samfunnet – noko som kan gjera det vanskeleg å laga god satire. Politiet er også dei som møter dei sårbare i samfunnet, og eg frykta at serieskaparane skulle tråkka over streken og mista grepet om å sikta oppover i samfunnshierarkiet i komedien.

Bausjen forstår at me er leie av copagandafilmar og seriar som viser politi som heltar utan noko kritisk blikk – og gir oss i staden ein ufiltrert, skarp og genuint morosam situasjonskomedie. Det var fleire gongar eg tenkte: «uff, politiet kjem ikkje til å lika denne framstillinga», noko som berre gjorde satiren og humoren endå sterkare.

Den einaste delen av Bausjen eg ikkje er særleg glad i, er den store mengda TikTok-klipp frå politibetjentane som me blir tvinga til å sjå. Det er allereie nok av dei på TikTok-feeden min. Dessutan kunne dei ha vore litt meir diskret med produktplasseringa – eg nektar å tru at McDonald’s er det einaste politibetjentar et.

Garantert latterkrampe

Eg er ikkje overraska over at det er nettopp desse serieskaparane som har fått til ein slik serie – dei har bygd ein karriere på å gjera narr av kven som helst i maktposisjon.

Det beste med Bausjen er komedien – fy søren, han er så morosam. Det går ikkje lenge mellom kvar gong ein bryt ut i latter, og akkurat når ein trur ein har knekt koden til humoren, overraskar karakterane og handlinga med noko fullstendig absurd og komisk. Fürst fortener dessutan ros for dialekta si i serien – eg lo kvar gong han opna munnen.

Det er utan tvil karakterane som held handlinga gåande. Eg klarar ikkje å peika ut éin av hovudkarakterane som spesielt morosam, for alle er heilt ufatteleg morosame. Det er rett og slett imponerande.

Skaparane av Hvite Gutter har nok ein gong skapt ein komedie som garanterer latterkrampe minst kvar femte minutt. I tillegg er serien smart i sin politisatire, og slår utelukkande oppover.