Dottera om Elon Musk-gest: – Definitivt ei nazi-helsing

Vivian Jenna Wilson (20) er lei av at folk skuldar faren si politiske utvikling på at ho kom ut som trans.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg ser ting om han i nyheitene og tenkjer: «That’s fucking cringe», eg burde sikkert posta om det og ta avstand frå det, noko eg har gjort eit par gonger, seier Vivian Jenna Wilson til Teen Vogue.

Ho er eitt av Elon Musk sine i alt 14 barn, og har fått ein del medieomtale etter at ho i 2020 kom ut som transkvinne.

«Drepen av woke-viruset»

– Eg har ikkje snakka med han sidan 2020. Det er nesten eit halvt tiår sidan. Takk Gud, seier ho til magasinet.

Wilson hadde eit anstrengt forhold til far sin allereie før dette og fortel at ho ikkje hadde prata med han på fleire månadar, då ho måtte fortelja han at ho var trans og be om foreldreløyve for å starta på hormonbehandling.

Musk har teke offentleg avstand frå dottera ved å i eit intervju med mannosfære-favoritt Jordan Peterson seia at ho var «drepen av woke-viruset». 

20-åringen kommenterer tilsynelatande dette utsegna på TikTok, der ho i bioen sin avkreftar at ho er daud.

@vivllainousWith RECEIPTS

♬ original sound – Vivian Jenna Wilson

Fryktar for transungdommar

Intervjuet med Teen Vogue er andre gongen Wilson, som søkte om å byta namn kort tid etter faren offentleg gjekk ut og støtta Trump, let seg intervjua offentleg.

Ho er oppteken av at ein må verne om både transungdommar og familiar i det fiendtlege politiske klimaet.

– Eg føler ikkje at folk forstår at det å vera trans ikkje er eit val, understrekar ho.

Wilson understrekar at transpersonar ikkje er dei einaste som vert påverka av den sitjande leiinga og peikar på korleis ikkje-kvite, migrantar og andre marginaliserte grupper vert fråtekne rettane sine.

– Definitivt ei nazi-helsing

Til magasinet seier ho at faren sine politiske standpunkt ikkje er på grunn av ho.

– Det er eit passande narrativ at grunnen til at han vende seg mot høgre er fordi eg er «ein fuckings transe», men det er ikkje tilfellet. Det er ikkje det det gjer med folk, seier Wilson, som heller ikkje vil ha skulda for at Elon Musk har gått lenger mot høgre.

Wilson er ikkje i tvil om kva den mykje omtala gesten Elon Musk gjorde under presidentinnsettinga var.

– Den driten var definitivt ei nazi-helsing. Publikum er like skuldige og eg føler folk ikkje snakkar nok om det, seier Wilson.