Gaute Skjervø fyller 30 år i sommar, vart nyleg pappa og har nesten døydd av ein q-tips.

Mathea Kulbotten
Publisert
Oppdatert 16.06.2025 09:06

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.

Fredag 30. mai møter Framtida.no opp på AUF-kontoret. Det er ein såkalla inneklemd dag, og mange har fri frå jobb.

Kontoret er nesten tomt. Men leiaren av ungdomspartiet, Gaute Skjervø (29), slepp ikkje så lett unna.

– Eg synest eg har verdas gøyaste jobb. AUF-leiarrolla er 10 av 10!

Pappa og politikar

Trønderen har mange jern i elden. I tillegg til at han leiar Noregs største ungdomsparti med over 9 000 medlemmar, har han brukt det siste halvåret på å skrive bok. I fjor vart han også pappa for første gong.

– Eg får ofte spørsmål om korleis det er å kombinere rollene som AUF-leiar og småbarnsfar. Ein må prioritere det viktigaste, fortel han.

For Skjervø betyr det at det blir mindre tid til reiser og pils med gøye folk. Tida går til å vere eit ansikt for AUF, og til familien.

Det siste kjem først:

– Ingenting i livet er viktigare enn familien min, seier han.

Kjende på ein stor urettferd

Skjervø vart vald til leiar i AUF hausten 2024, og har allereie vore med i politikken i 15 år. Engasjementet hans begynte tilbake i 2009, med ein konflikt som stadig er blodig aktuell.

– Eg vart veldig engasjert då Israel bomba Gaza det året. Då gjekk eg på ungdomsskulen, og syntest det var så urettferdig på vegner av barna og dei unge på Gaza.

14-åringen fekk lyst til å gjere noko med problemet.

– AUF var veldig synlege i media. Den dåverande leiaren i AUF la ned like mange roser, som barn som var drepne den siste veka, framfor Israel sin ambassade. Det var veldig fint å sjå, minnest han.

Året etter drog Skjervø på AUF sin sommarleir for første gong.

Året etter der igjen overlevde han terrorangrepet på Utøya der 69 personar vart drepne.

Eit hestehovud føre Arbeidarpartiet

AUF får ofte høyre at dei liknar meir på Sosialistisk Venstreparti (SV) enn på Arbeidarpartiet.

Skjervø fortel at det å ligge litt til venstre for moderpartiet sitt er nett det som er oppgåva deira:

– Då AUF vart stifta for 120 år sida, sa vi at vi alltid skulle ligge eit hestehovud føre Arbeidarpartiet!

Han nemner fleire saker der AUF har kravd noko, og moderpartiet har stritta imot. Til dømes saker om klima og miljø, samtykkelov og sjølvbestemt abort til veke 18.

– Først vil dei fleste andre ikkje gå med på det. Men så, når tida har jobba litt med saka, blir dei einige med oss.

– Vi har hatt ein glow up

Etter at Senterpartiet forlot regjeringa og Jens Stoltenberg gjorde comeback i politikken, er Arbeidarpartiet tilbake på stjernehimmelen.

Skjervø har sakna det, og synest det er gøy, etter fleire år med motgang i partiet.

– Folk er litt meir rake i ryggen no, og har veldig trua på at dette kan gå. Så vi har hatt ein glow up i partiet!

Han ser fram til ein valkamp som handlar om folk sine problem, og ikkje internt drama i partiet.

Woke eller antiwoke?

Og helst ikkje spørsmål som er laga for å skape sinne.

– Eg er veldig lei av det, for det treffer ikkje ekte problem i folk sine liv. Om vi er woke eller antiwoke. Om det er for mykje flagging i skulegardane når det er pride, eller om transpersonar har rett til å vere seg sjølv. Den amerikanske kulturkrigen er eg bekymra for, seier han.

Når verda blir farlegare

I ei tid der mange bekymrar seg for kva morgondagen vil bringe, synest Skjervø det er viktig å dele nokre eigne erfaringar som han har med seg frå tidlegare opplevingar.

Og det skal han gjere i boka si, som kjem ut i august og har fått tittelen Ingenting blir som før.

Han er oppteken av å formidla kva som står på spel i ei verd han ser på som stadig farlegare.

Det er veldig mykje som går i feil retning, åtvarar Skjervø, som trur hans erfaringar kan vere viktige for andre.

– Eg trur eg har nokre lærdomar eg kan dele frå korleis eg personleg og AUF har handtert tida etter 22. juli, seier han.

– Sjukt dyrt å kjøpe bustad

I valkampen håpar han at dei tinga som er viktige for dei unge skal få størst fokus.

– Eg synest vi snakkar for lite om bustadmarknaden. At alle unge folk som bur rundt Oslo og andre store byar, blir berørt av at det er så sjukt dyrt å kjøpe bustad.

Skule blir òg eit viktig tema.

– Kva skule skal vi ha? Vi må snakke om kva som gjer ein skule god, meiner Skjervø.

Skal feire med valseier

Men før både boklansering og stortingsval, blir det ei anna feiring.

I sommar ventar nemleg ein 30-årsdag.

– Eg har ikkje rokke å tenke på korleis eg skal feire enno. Eg vart 25 under korona, så kanskje eg skal ta igjen litt for det, seier han, før han legg til:

– Eg skal feire med valseier. Det er det viktigaste målet for meg.

Han vil heller ikkje sjå bort frå at det kan bli ei feiring på trøndersk vis.

Ulik Støre

– Synest du at du er på linje med dei i AUF som er mykje yngre enn deg?

– Ja, eg gjer det. Det finst ingen stader eg kjenner meg meir heime enn med medlemmane i AUF. Som arbeidarpartimedlem veit eg at eg er ganske ulik Jonas Gahr Støre, men eg synest han representerer meg når han snakkar om til dømes Ukraina.

Skjervø påpeikar at han aldri vil kunne snakke på akkurat same vis som dei yngste gjer om dei nyaste TikTok-trendane.

– Men eg trur det er mogleg å snakke om politikk slik at dei som er 15 år føler seg representerte av meg, avsluttar han.

Leiar i AUF, Gaute Skjervø. | FOTO: Mathea Kulbotten