Wallace & Gromit: Den bevingede hevneren: – Leverer i kjend stil
Det er vanskeleg å fange magien frå Robotbuksene, skriv Ola Birgitsønn Vik.
Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.
Den britiske super-duoen er tilbake! Dei leverer i kjend stil med oppfinnelsar og ost, no med ein god dose gnom-baserte ordspel.
Familiefavoritt
Wallace & Gromit: Den bevingede hevneren
Originaltittel: Wallace & Gromit: Vengeance Most Fowl
Nasjonalitet: England
Speletid: 1t 22m
Sjanger: Stop-motion animasjon, humor
Regissør: Nick Park, Merlin Crossingham
Kor: Netflix
Wallace og Gromit har lenge vore ein storfavoritt i familien min, og er på mange måtar det som starta det livslange kjærleiksforholdet mitt med animasjon.
Sjølv eg kan inrømme at Aardman Animations ikkje berre har kome med fulltreffarar dei siste åra. Animasjonen har alltid har vore av topp kvalitet, både 3D-animert og med dokker, men historiene har mangla litt. Derfor er det skikkeleg gøy å kunna skriva at den nyaste Wallace og Gromit filmen leverer nesten heilt på høgd med dei gamle.
Hemnaren
Wallace bur i ein liten by i England. Han er veldig glad i ost, og prøver alltid å gjera livet sitt lettare med oppfinningar. Hunden Gromit har ikkje like god nytte av maskinane, han tørkar opp syltetøy-sølet etter den automatiske toast-smørjings-maskina og ordnar opp i alt som går gale, utan å få noko takk frå eigaren.
Wallace sitt nyaste tillegg til familien er Norbot, ein smart hagenisse som gjer alt ein ber han om.
Samtidig sit Feathers McGraw, den kriminelle pingvinen som vart ferska av duoen i Robotbuksene, i dyrehagen og ser på denne gnomen som billetten sin til fridom, og for å få hemn …
Suksessoppskrift
Det er vanskeleg å ikkje samanlikna med Robotbuksene frå 1993. Likskapane er openberre, og det er nok eit heilt bevisst val.
Halvparten av reklamekampanjen gjekk ut på å trekkja linjer til forløparen, og traileren var proppfull av referansar.
Men sjølv om historia er tilnærma heilt lik; ein ny karakter flyttar inn hos duoen, Wallace er nøgd medan Gromit anar ugler i mosen, gjer det ikkje noko.
Appellen ligg ikkje i den banebrytande historia, men i korleis karakterane bevegar seg, dei nydelege omgjevnadane og den fantastiske humoren.
Handarbeid
Den andre halvparten av reklamekampanjen gjekk ut på å visa at dette faktisk er animert for hand, med videoar som viser kor utruleg mykje arbeid som går inn i kvar enkelt scene.
Alt av det grundige arbeidet visast verkeleg i resultatet. Bevegelsane er knirkefrie, og dei er ekspertar på å visa følelsar gjennom handlingar.
Kontrasten mellom det livlause ansiktet til Norbot og alle dei andre er kjempestor, som gjer gnomen kjempeskummel. Det er vanskeleg å tru at dei alle er laga av den same leira.
Livleg musikk
Musikken av Lorne Balfe og Julian Nott gjer også mykje for å blåsa liv i filmen. Hagane blir vakrare og jaktscenane meir intense av dei ulike versjonane av Wallace & Gromit sin kjenningsmelodi som er komponert for filmen.
Ein kan kanskje seia at melodien blir litt overbrukt, men eg synest det funkar. Det kjem i så mange ulike versjonar og stemningar, og det er ikkje alltid lett å kjenna det igjen. Det beste musikkaugeblikket kjem når Wallace spelar ein trist versjon på eit ustemt piano, og det høyrest meir ut som ein gravferdsmarsj enn noko anna.
Same gamle
Det er noko veldig behageleg med at duoen er lik som eg hugsar dei.
På same måte som du veit korleis Mikke og Donald oppfører seg, er Wallace ein dyktig, men fjern, oppfinnar og Gromit må rydda i rotet hans. Det verkar ikkje som om han har skjønt at Gromit ikkje kan snakka, sidan han gav han ein stemme-aktivert robot i gåve.
Likevel er det vanskeleg å fange magien frå Robotbuksene. Pingvinen er ikkje like skummel som før, og morgon-rutinen full av robotar er ikkje like morosam tredje gong ein ser han.
Eg håpar Aardman Animations har fått nok vind i segla frå dei to førre filmane deira, som var gode oppfølgarar til klassikarar, til å laga noko knallgodt og heilt nytt.