Amrit Kaur etter debatten: – Openbert at eg vert forskjellsbehandla

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur var einaste kvinne på podiet og reagerer på lite taletid i ungdomspartileiardebatten. Ho får støtte av Grøn Ungdom-leiaren.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Utover det 1,5 minuttet som alle saman fekk, så fekk eg 2 minutt og 16 sekund på å snakka, seier Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur i ei Instagram-historie.

Ungdomspartileiaren har i etterkant av debatten sett seg ned og klipt saman si eiga taletid i den 1 time og 17 minutt lange tv-sende debatten.

– Ikkje tilgjengeleg nok for oss kvinner

Innleiingsvis spør programleiarane Amrit Kaur kvifor ho er einaste kvinne i panelet med ni ungdomspartileiarar.

– Kanskje norsk politikk ikkje er tilgjengeleg nok for oss kvinner då, svarar Kaur.

– Det tenkjer eg kanskje dei andre partia kan tenkja litt på, men me rekk ikkje snakka meir om det i kveld, svarar programleiar Henrik Heldahl frå Nettavisen.

Årets ungdomspartileiardebatt under Arendalsuka var eit samarbeid mellom Amedia-eigde Nettavisen og NRK. Frå sistnemnde stilte Linn Wiik som programleiar.

– Var litt sur

– Eg var litt sur då det var ferdig fordi eg hadde førebudd mange gode innlegg og poeng eg ville få fram. Så skjønar eg at eg ikkje får inn alt det eg vil, men eg synest eg fekk ordet ganske lite, seier Amrit Kaur på telefon til Framtida.no.

Raud Ungdom-leiaren fortel at ho fekk reaksjonar både frå andre ungdomspartileiarar og sjåarar i etterkant av debatten.

Ho reagerer òg på at medan fleire av dei andre ungdomspolitikarane fekk gå i debatt om dagsaktuelle tema knytt opp mot valet, vart ho og Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci utfordra på kapitalisme eller kommunisme.

– Eg har ikkje noko problem med å forsvara kommunisme, men eg og Omar må forsvara prinsipprogram, medan dei andre får reelle politiske problemstillingar ein kan gjera noko med i valet.

– Pingpong mellom Ap, Høgre og Frp

Ho viser òg til fjorårets debatt, der ho ikkje opplevde å bli tatt seriøst av ordstyraren.

Kaur meiner ho vert forskjellsbehandla samanlikna med dei andre debattdeltakarane, og etterlyser betre balanse.

– Det som provoserer meg og gjer det openbert at eg vert forskjellsbehandla er at eg veit at Raudt ikkje er det største partiet og forventar ikkje like mykje plass som Gaute og Svenneby, men Stokkeland og Hadle er oppe og luktar på sperregrensa, seier Kaur.

Ho meiner det burde vorte meir plass til småpartia i debatten og peikar på at dei er viktige for om det blir borgarleg eller raudgrøn valsiger i år.

– Det vert ofte pingpong mellom Ap, Høgre og Frp. Me veit Ap blir stort og Frp blir stort. Korleis det går med Høgre veit eg ikkje. Men om det blir borgarleg eller raudgrønt fleirtal står om KrF eller MDG blir størst, understrekar Kaur.

– Slepper lite til

Nettavisen kåra Unge Høgre-leiar Ola Svenneby til vinnar av debatten, tett følgt av AUF-leiar Gaute Skjervø og FpU-leiar Simen Velle.

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur kjem dårlegast ut med terningkast 2.

Politisk redaktør Erik Stephansen grunngjev terningkastet slik:

« … Slepp lite til, og er kanskje på grensa til å misbruka tida når ho dreg fram Burkina Faso som eksempel på kommunistisk politikk som fungerer.»

Subjekt-redaktør Danby Choi har òg trilla terning på ungdomspartileiarane og gjev Amrit Kaur terningkast 4. Han meiner ho framleis er uslipa, men har hatt stor utvikling frå tidlegare debattar.

– Når ho får ordet for andre gong, er ho dobbelt så god. Men midt i resonnementet om «tullestudium», blir ho avbroten av Henrik Heldahl, utan at det blir heilt tydeleg for meg kvifor. Gjentar seg dessverre seinare. Amrit Kaur blir avbroten litt for mykje, skriv Choi i grunngjevinga.

– Litt merkeleg ordstyring

Tobias Stokkeland i Grøn Ungdom var tidlegare i sommar ute og kritiserte partileiardebatten arrangert av Nettavisen og Amedia. Han synest gårsdagens ungdomspartileiardebatt var betre enn nokon av dei partileiardebattane som har vore i år.

Grøn Ungdom-leiaren er usikker på om Amrit Kaur vart forskjellsbehandla, men meiner debatten slo uheldig ut for Raud Ungdom-leiaren og at ho fekk lite taletid.

– Det var litt merkeleg ordstyring i blant. Det var litt merkeleg når ein køddar med hennar utdanning og så får ho ikkje svara skikkeleg etterpå, meiner Stokkeland.

Grøn Ungdom-leiaren opplevde sjølv at han fekk lite taletid mot slutten av debatten.

– Mitt inntrykk var at alle småpartia ikkje fekk veldig mykje taletid og at det var veldig Gaute, Ola og Simen-heavy, avsluttar Stokkeland, som understrekar at han synest det er naturleg at dei største får mest plass.

NRK: – Debattsterke leiarar

I eit skriftleg e-postsvar til Framtida.no skriv redaktør i NRK Nyheter, Ole Eivind Henden at dei er godt nøgde med ungdomspartileiardebatten.

– Partileiardebattar er alltid krevjande å laga. Det er mange deltakarar og ein skal innom mange tema. Då må ein ta val knytt både til innhald og struktur. Vi synest det fungerte godt slik det blei i går, men det vil alltid vere rom for forbetringar.

Han har registrert positiv omtale av debatten frå media som har omtala den.

Det blir peika på at vi har ein generasjon med svært debattsterke leiarar i ungdomspartia. Det er vi einige i.

– Heilt naturleg

– Er de einige i at Amrit Kaur fekk lite taletid under debatten? 

– Det er ofte slik at dei største partia får noko meir taletid enn dei mindre. Både fordi dei ofte utfordrar kvarandre og at det er ein del spørsmål dei får i kraft av å vera regjeringsparti eller størst i opposisjon. Men alle skal sjølvsagt koma til orde, til dømes i dei store temaa på økonomi og kriminalitet. Så er det sjølvsagt også opp til den enkelte deltakar å bruka taletida si godt, og kanskje få andre engasjert slik at det kan bli ordskifte vidare, svarar Henden.

Han forsvarar at Raud Ungdom vart utfordra på prinsipprogrammet i duell med Unge Venstre.

– Raud Ungdom skriv i sitt prinsipprogram – som er det dei baserer sin politikk på – at «Rød Ungdoms mål er kommunisme – et klasseløst samfunn». Me ser det som heilt naturleg å spørja dei ulike partia kva slags økonomiske system dei vil ha. Det faktum at hovudtemaet i sendinga var økonomi, gjorde dette temaet berre endå meir relevant, svarar redaktøren.

Som dei fleste andre spørsmåla var spørsmålet om Kaur si utdanning godt førebudd, noko han synest var heilt greitt å spørja om i ein runde om utdanningspolitikk.

– Ho fekk eit ope spørsmål om kva ho hadde studert, og valde å setja fokus på Raudt sin politikk knytt til lovfesta rett til lærlingplassar.

Ole Eivind Henden er redaktør i NRK Nyheter. | Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK