Raud Ungdom-leiaren: – Medlemmane gjer kva faen dei vil
Etter at førre skuleval enda i fiasko, har Raud Ungdom sett eit mål om å dobla oppslutnaden. Det skal dei nå med porno-motstand.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of `25» som er støtta av Fritt Ord.
– Førre valkamp sat eg i femten skuledebattar. Dritslitsamt. Men eg synest det er veldig gøy. Min debatt-stil er litt å kødda det til. Det er litt vanskeleg å sitja på Dagsnytt 18 og vera alvorleg.
Dette seier Amrit Kaur, som er leiar i Raud Ungdom. Framtida.no møter ho på Kaffebrenneriet på Torshov (Espresso House var ikkje aktuelt, Kaur boikottar nemleg kjeda i solidaritet med Palestina).
Kaur fortel at ho alltid har vore interessert i politikk. Ho hugsar at far hennar snakka mykje om Siv Jensen då ho vaks opp. Han syntest ikkje mykje positivt om Framstegspartiet eller Venstre-politikar Abid Raja.
– Medan eg gjekk på vidaregåande blei George Floyd skoten. Det var store demonstrasjonar i Oslo, då tenkte eg, herregud, eg må bli politisk aktiv.
Ho fortel at valet stod mellom SV og Raudt.
– Eg gjorde litt meir research og las Reddit-trådar om kva som var skillandane på Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom, og så fann eg ut om Libya.
I 2011 deltok Noreg i ein NATO-leia intervensjon av Libya. SV sat då i regjering og fekk mykje kritikk for å støtta krigen.
– Medlemmane gjer kva faen dei vil
Kaur trur ikkje skilnadane mellom Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom er kjempestore. Ho seier at medlemmane i Raud Ungdom kanskje er meir opptekne av aktivisme og ideologi enn parlamentarisme.
– Eg veit ikkje kor mykje det er av studiesirklar i Sosialistisk Ungdom, men me diskuterer og les Marx, kanskje til og med endå meir filosofiske tekstar.
Kaur har særleg sansen for den franske filosofen Louis Althusser og amerikanske Angela Davis.
Ho legg ikkje skjul på at Raud Ungdom er langt frå det mest disiplinerte ungdomspartiet.
– Medlemmane gjer kva faen dei vil. Viss eg prøver å fortelja dei kva dei skal gjera, så får eg kjeft. Viss kidza har bestemt seg for noko så har dei bestemt seg.
Fekk sjokk
Det var mykje bråk då Kaur blei vald til leiar i Raud Ungdom. Ho blei skulda for å kuppa makta.
Kaur kalla også Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og Nikolai Tangen for terroristar. Det har ho beklaga.
– Eg fekk sjokk! Eg har liksom aldri hatt sosial angst eller noko, men plutseleg så byrja eg å tenkja «ser dei på meg, veit dei kven eg er». Fyrst syntest eg det var gøy, men då eg byrja å bli kjent igjen på Rema 1000 så var det meir «shit, kva faen». Men det er verdt det. Ikkje all PR er god PR, men det har gjeve moglegheiter. Eg trur ikkje andre RU-leiarar har vore så myke på TV.
Det er ikkje alt arbeid som er like gøy. Kaur fortel at ho er god på skulka møte med arbeidsutvalet og stortingsgruppa til Raudt.
– E-post. Oh my God! Eg hatar e-post! Og eg blir konstant nedringt av nummer som eg ikkje veit kva er. Det er litt stress at eg alltid må vera tilgjengeleg.
Vil ikkje senda våpen til Ukraina
Kaur og Raud Ungdom er ikkje særleg glade for at Noreg no skal satsa på forsvaret.
– Problemet er at det skjer på NATO og USA sine premiss. Eg er for eit sterkt nasjonalt forsvar, Noreg må vera budd i tilfelle me blir invadert.
Kaur meiner at Noreg burde tatt ei meir diplomatisk rolle i den internasjonale politikken.
– Våpenstøtte til Ukraina er ein ting Raud Ungdom er usamde med Raudt i. Det er ikkje fordi me støttar Russland, men fordi ein ikkje har kontroll på kor våpena ender opp til slutt. Det såg ein til dømes i Afghanistan.
Kaur understrekar at Ukraina kjempar ein legitim kamp mot ei okkupasjonsmakt. Ho seier også at det «suger sånn» at partiet Fred og Rettferdighet finst.
– Er ikkje-vald eit absolutt prinsipp?
– Nei. Viss det er krig så er det krig.
Ho opnar for at valdsbruk også kan vera legitimt i ein revolusjon «viss det går på folkets primissar».
– Mitt ideal er Black Panther Party, som ikkje praktiserte ikkje-vald. Men dei fokuserte på å laga helsestasjonar for svarte og gje gratis frukost til born. Dei gjorde veldig mykje for lokalsamfunna sine, det var sånn dei overtydde folk.
– Tanken om væpna revolusjon handlar meir om at borgarskapet og kapitalistane ikkje kjem til å la oss omvelta samfunnet utan å bruka vald, og då må ein nesten forsvara seg.
– Meiner du at viss valden frå staten og politiet blir stor nok, så må ein bruka våpen tilbake?
– Ja. Men det er ikkje noko eg har lyst til. Viss ein kan ha ein fredeleg revolusjon så vil eg jo ha det, men det har berre aldri skjedd.
Skal vinna skulevalet med kampen mot porno
Førre skuleval blei ein fiasko for Raud Ungdom. Dei enda opp med stusslege 2,7 prosent oppslutnad. I år er målet å gjera det dobbelt så bra.
– Me har jo pleidd å få fire-komma-eit-eller-anna. Målet er fem prosent.
Å jobba mot porno-kulturen blir ei fanesak i valkampen.
– Eg er ikkje oppteken av å nødvendigvis forby porno, men heile kulturen blant unge er dårleg. Folk må få lov til å runka, men porno skapar eit forvridd syn på menneske, sex og kvinner.
Kaur seier at fleire studiar indikerer ein samanheng mellom det å sjå mykje på porno og seksuell vald. Ho trur også at den store utbreiinga av porno er ei av årsakene til at det er mykje einsemd blant unge gutar.
– Back in the days måtte du ut og snakka med ei jente for å sjå ho naken, det må du ikkje no lenger. Eg trur dette har påverka mykje av det sosiale blant ungdom.
Kaur ynskjer at seksualundervisninga skal byrja allereie i barnehagen. Ho seier at det er for seint å byrja på ungdomsskulen, når mange ser porno allereie som 11-åringar og då får eit forvridd syn på sex.
– Berre fordi mange unge gutar går mot høgre, så betyr ikkje det at me skal gløyma jentene. Mange jenter går på skulen og kjenner seg ikkje trygge. Det er ei av dei viktigaste sakene me kan kjempa for.