Full fart i bustadmarknaden – fleire unge slit med å komme seg inn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Frå eit stabilt høgt trykk gjennom vinteren på søknader om nye bustadlån, har pågangen vore endå større etter påske. Dette tyder på at mange ønskjer å vere klare for eit mogleg vårslepp i marknaden etter mange månader med svært lågt tilbod av bustader til sals, seier Randi Marjamaa, leiar for personmarknad i Nordea, i ei pressemelding.

Ho fastslår at det er stor pågang i marknaden trass i auka renter og levekostnader. Men førstegongskjøparane er meir forsiktige.

– Dei mange renteaukane og framleis høge bustadprisar ser ut til å gå hardast ut over moglegheitene for dei unge til å komme seg inn i bustadmarknaden, seier ho.

40 dagars salstid

Korrigert for sesongvariasjonar enda veksten på 0,7 prosent. Så langt i år har prisveksten vore på 6,8 prosent, og gjennomsnittleg omsetningstid er no 40 dagar, ned frå 42 dagar i mars.

Raskast gjekk det i Bergen med 22 dagar. Lengst salstid hadde Tromsø med 71 dagar.

Så langt i år har bustadprisane i Trondheim stige med 5,2 prosent.

Det er ein svakare vekst enn i Stavanger (+10,4 prosent), Bergen (+7,9 prosent), og i Oslo (+6,2 prosent), viser tal frå Eiendom Norge.

Bustadprisane her til lands har no stige fire månader på rad og er no berre 0,7 prosent lågare enn all time high-nivået frå mai i fjor, skriv Dagens Næringsliv.

– Alvorleg bekymra

Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) peikar på at lite bygging av nye bustader driv prisane på brukte bustader opp. Desse blir ofte bydde på av etablerte hushald som toler renteaukar. NEF-direktør direktør Carl O. Geving fryktar ein vidare ubalanse mellom ny- og bruktbustad-marknaden, som spesielt slår ut i pressområde som storbyane.

– NEF er alvorleg bekymra for kva som vil skje med tilbodssida om 12–18 månader når vi får full effekt av det låge salet av nye bustader, seier han.

Erfaringa frå åra etter finanskrisa tilseier at det kan ta lang tid å auke byggjevoluma til berekraftige nivå, påpeikar han.

– Med høgare finansierings- og bukostnader fryktar vi at relativt mange vil bli tvinga til å leige bustad til relativt høg pris i ein pressa leigemarknad.

– Oppsiktsvekkjande utvikling

Gjennomsnittsprisen for ein bustad i Noreg var 4 594 966 kroner ved utgangen av april.

– Bustadprisane steig kraftig i april etter ei sterk utvikling også i mars. I lys av at styringsrenta no har komme opp på det høgaste nivået sidan 2008 er utviklinga oppsiktsvekkjande. Bustadmarknaden er mindre rentesensitiv enn mange trudde, også vi, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Han seier at sjølv om den svake krona er uheldig for nokre, slår det positivt ut for eksportindustrien og reiselivet. Det gir styrking av økonomien som i andre omgang gir fart i bustadmarknaden.

Fleire sal i år enn i fjor

Så langt i år er det selt 29 294 bustader i Noreg, noko som er 3,2 prosent fleire enn i same periode i 2022.

Så langt i år er det lagt ut 31 096 bustader i Noreg, noko som er 0,4 prosent fleire enn i same periode i 2022.

– Sjølv om heile påska kom i april i år, er omsetninga stor, og så langt i 2023 er volumet på nivå med åra før pandemien. Forstyrringane pandemien og den nye avhendingsloven skapte i bustadmarknaden i første halvår 2022, er no heilt forbi, seier Lauridsen i Eiendom Norge.


Kvitt og grå i herleg harmoni på den private leigemarknaden. Foto: Eirik Tangeraas Lygre