Ei sjukepleiarløn rekkjer ikkje til 98,8 prosent av bustadmarknaden i Oslo

Edith Meek Allern
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under pandemien gav ein applaus frå kvar ein balkong for sjukepleiarane.

Det blir fort klamt å tenkje på i lys av siste publisering av sjukepleiarindeksen frå bransjeforeininga Eiendom Norge. Indeksen måler kor stor del av bustader i eit område som er tilgjengelege for ein einsleg sjukepleiar med gjennomsnittleg løn og lån.

Siste publisering av den halvårlege indeksen viser at ein sjukepleiar i Oslo kan ha råd til 1,2 prosent av bustadene i byen.

På det sentrale Austlandet er til saman mellom 1 – 3,5 prosent av bustadene tilgjengelege for sjukepleiarar. I andre delar av landet er situasjonen betre, men berre omtrent ein femtedel eller mindre av bustader er tilgjengeleg i byar som Trondheim (20,8), Bodø (15,9), Tromsø (14) og Bergen (23,1).

– Bustadmarknaden er blitt endå mindre tilgjengeleg for folk med vanlege inntekter i året som har gått. I Oslo er det nær uoppnåeleg, slo Eiendom Norge fast i samband med publiseringa av sjukepleiarindeksen.

Tala fortel slik om ein bustadmarknad som blir opplevd lukka ikkje berre for vanskelegstilte, studentar eller nyutdanna, men sjølv vanlege lønnsmottakarar – inkludert yrke resten av innbyggjarane i ein by gjerne er avhengige av.

Var avhengig av privat hjelp trass seks år arbeid som sjukepleiar

Sofi Annerljung. Foto: Privat. Gjeve att med løyve.

Sjukepleiar Sofi Annerljung (35) har nettopp kjøpt si første leilegheit.

Ho har jobba som sjukepleiar i seks år, men måtte likevel få privat hjelp for å komme inn på bustadmarknaden.

Før det nylege bustadkjøpet, hadde Annerljung fleire år med Finn.no, prospektlesing og visningar bak seg.

– Det har kjentest håplaust og eg har ofte tenkt at det ikkje ville skje at eg skulle få eigen bustad, fortel ho til Framtida.no på e-post.

Annerljung har jobba seg til høgaste lønnstrinn som sjukepleiar utan vidareutdanning, og vil ikkje få ytterlegare lønnsauke utover årleg fellesjustering. Utsiktene til lønsauke såg difor ikkje lyse ut, sett i samanheng med veksten i bustadprisane.

– For kvart år som gjekk kjentest det ut som eg fekk færre kvadratmeter for det eg maksimalt kunne kjøpe for, fortel Annerljung.

Erfaringa hennar er at små, aktuelle leilegheiter blir kjøpt opp av folk som allereie er på bustadmarknaden, som investeringsobjekt. I møte med folk som gjer finansinvesteringar av bustad, er den 1,2 prosenten av bustadene i Oslo som er tilgjengelege for sjukepleiarar i realiteten endå mindre.

Pendling var vidare vanskeleg å kombinere med turnus som sjukepleiar. Ho stod difor igjen utan reelle alternativ til leigemarknaden, som har eit prisnivå som gjer det vanskeleg å spare.

– Det kjennest veldig stort for meg å få eige min eigen bustad. Det er ei investering for framtida, for pensjon, og slik ein stor tryggleik, seier Annerljung.

Ho er likevel vedvarande uroa for forskjellane bustadmarknaden skapar, og for at yrke som sjukepleiarar ikkje blir verdsett i kroner og øre, fortel ho.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå får nesten 40 prosent i aldersgruppa 20–39 hjelp av foreldra når dei kjøper sin første bustad. Det kan vere i form av gåver, arv, lån eller kausjon.

Manglar 5900 sjukepleiarar i Noreg

Sjukepleiarindeksen er mykje brukt for å vurdere nivået på bustadprisane ettersom sjukepleiarar representerer ei god norsk inntekt. Ifølgje Eiendom Norge ville resultata vore dei same om dei tok utgangspunkt i yrke som politi, lærarar og brannkonstablar.

Døme på samanliknbar månadsløn til sjukepleiarar (48 250) er mellom anna grunnskulelærarar (49 070) og ambulansepersonell (46 680), ifølgje den yrkesfordelte statistikken over månadsløn frå Statistisk sentralbyrå. Lågare er til dømes reinhaldarar i verksemder (35 920) og hjelpepleiarar (36 900).

For andre yrke som er sentrale for velferdstilbod, men har langt lågare inntekt enn sjukepleiarar, kan alle bustader vere utilgjengelege.

Alle desse yrka er det samstundes meldt om mangel av i Nav si årlege Bedriftsundersøking som kartlegg mangel på arbeidskraft. Ifølgje Bedriftsundersøkinga 2022 manglar Noreg heile 5900 sjukepleiarar og 2600 helsefagarbeidarar.

Problem om helse- og velferdsyrke blir pressa ut av område

Bent Sofus Tranøy er professor i statsvitskap.
Foto: Universitetet i Oslo

Bent Sofus Tranøy er professor i statsvitskap ved Høgskulen i Innlandet. Han har formidla i 20 år om det han meiner ei utvikling av bustadmarknaden som bryt med den norske likskapstanken.

Han seier bustad er eit grunnleggjande velferdsgode, men eit unntak frå velferdsstaten. Ved sidan av at bustad er eit velferdsgode med omsyn til individuell livskvalitet, trekker Tranøy fram at den låge sjukepleiarindeksen ikkje berre er eit problem for sjukepleiarar sjølve.

– Om yrke alle treng blir prispressa ut av byar, er det klart eit problem for alle som bur der, seier han til Framtida.no over videolink.

Meiner Noreg manglar bustadpolitikk

Tranøy peiker på ein uregulert bustadmarknad og mangel på bustadpolitikk som hovudproblemet.

– Før meinte staten noko om korleis kreditt skulle prioriterast, du fekk lån til eitt hus og det var det. Sidan 2000 har vi trudd at marknaden skal ordne opp, og handtert økonomiske kriser med låge renter. Det har gjort det lettare å spekulere for dei som har pengar frå før, fordi dei lettast får lån av bankane. Det gjer at prisane stig, stadig meir enn løn, og det blir viktigare å ha «dei riktige foreldra», forklarar han.

Men no prøver myndigheitene å stramme inn, legg han til og peiker på rentehevinga.

– Det skjer rett nok samstundes som at straumprisane går til himmels og matvareprisane stig. Kanskje får det vere lyspunktet – dei einaste som kan tene på at det kjem ei krise, er unge som ikkje er arvingar og kanskje no kjem seg inn på bustadmarknaden, seier Tranøy, men understrekar:

– På den andre sida bit renteaukinga og inflasjonen aller hardast for dei som har minst frå før, så særleg til lyspunkt er det ikkje. Det einaste som kan hjelpe er å byrje sosial bustadpolitikk igjen.


Sjukepleiarindeksen

Sjukepleiarindeksen er utvikla av bransjeforeininga Eiendom Norge. Det er ein mykje brukt metode for å måle nivået på bustadprisane.
Han tek utgangspunkt i ein einsleg sjukepleiar med gjennomsnittleg løn og lån. Forståinga er at dersom ein sjukepleiarar kan kjøpe ein høg andel av bustadene i ein by, er prisane rekna som låge.

Om sjukepleiarar ikkje kan kjøpe nokon bustader, er prisnivået «problematisk dyrt», forklarar nettsida til Eiendom Norge om indeksen.