Rekorddyrt å leige bustader i storbyane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjerde kvartal steig leigeprisen i dei fire store byane med 1 prosent, viser tal frå Eiendom Norge.

– Eiendom Norges utleigebustadprisstatistikk viser ein historisk sterk oppgang i utleigebustadprisane i Noreg både i fjerde kvartal og 2022 under eitt. Normalt søkk leigeprisane i siste kvartal i år, men i år steig dei, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Bergen og Trondheim hadde størst vekst i fjerde kvartal, med ein oppgang på 4,5 prosent. I Oslo steig prisane med 0,5 prosent, medan det var nedgang på 3,8 prosent i Stavanger og Sandnes.

Historisk sterk vekst

Sterkast leigeprisutvikling det siste året hadde Bergen og Trondheim med ein oppgang på 13,6 og 13,5 prosent etterfølgd av Oslo med 6,5 prosent. I Stavanger og Sandnes vaks leigeprisane med 3,9 prosent.

– Veksten i leigeprisane i Bergen og Trondheim er på eit nivå vi aldri tidlegare har målt, og også veksten i Oslo er historisk sterk, seier Lauridsen.

Han ventar at auken i leigeprisane vil halde fram.

– Den høgare renta er ikkje prisa inn i bustadmarknaden. Forholdet mellom bustadprisane og utleigeprisane vil no finne ei ny likevekt, seier han.


Les artiklane frå Fritt Ord-prosjektet Ung på bustadmarknaden.

Les også: Arkitektstudent Liva (25) vart utbrent – no har ho flytta i bil for å leve på studielån

Liva Barona (25) flytta frå ei leilegheit på 107 kvadratmeter på Grünerløkka til ein van på 6 kvadratmeter som no står parkert i Åndalsnes.