Noregs Mållag om ungdomsskulereforma: – Skjult åtak på nynorsken

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding.

Førre veke la Høgre fram sitt forslag til ungdomsskulereform.

Blant dei 80 forslaga er eit forsøk med å la elevane starta eitt år tidlegare på ungdomsskulen, at alle elevar må ha eit yrkesfag som obligatorisk valfag og å redusera talet på norskkarakterar i ungdomsskulen.

I klårtekst skriv Høgre at dei vil:

«Redusere antallet norskkarakterer slik at det blir en karakter i norsk skriftlig og en karakter i norsk muntlig i ungdomsskolen.»

Mållagsleiaren: – Spinnvill logikk

I forslaget argumenterer Høgre for færre norskkarakterar «for å redusere følgekonsekvensen av å ikke mestre norskfaget» når elevane søkjer vidare utdanning.

Dette reagerer mållagsleiaren sterkt på.

– Dei ville aldri brukt ein slik spinnvill logikk i andre fag. Den einaste måten å redusera desse «følgjekonsekvensane av å ikkje meistre norskfaget» er å forbetra opplæringa slik at elevane meistrar norskfaget, slår Peder Lofnes Hauge fast.

– Dramatisk for nynorsken

– Dette er dramatisk for nynorsken, og det veit Sanner og Høgre veldig godt. Dei bør aldri få makt til å gjennomføra denne politikken. Forslaget må støva ned på Høgres hus, seier Peder Lofnes Hauge i pressemeldinga.

Han meiner løysinga er å starta sidemålsundervisninga tidlegare, framfor å stryka sidemålskarakteren.

– Alle elevar må få god opplæring i heile det norske språket, og kompetansen må vurderast og synleggjerast på vitnemålet. I ein karakterstyrt skule er dette heilt avgjerande for å sikre at arbeidet med nynorsk ikkje blir prioritert ned og gøymt vekk av både lærarar og elevar.

Ola Svenneby frå Våler i Hedmark er leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høyres Landsforbund

Unge Høgre: – Forsterkar kjønnsforskjellar

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby er heilt einig med moderpartiet i at det i dag er for mange norskkarakterar.

– Eg tenkjer at det først og fremst er bra at me har ein norskkarakter som viser kor god språkbruk du har, både i sidemål og hovudmål. I dag har me altfor mange norskkarakterar. Dette forsterkar kjønnsforskjellar proporsjonalt, fordi jenter gjer det betre enn gutar i språkfag, seier Svenneby.

I fjor fekk jentene i snitt 4,2 i skriftleg sidemål og 4,3 i skriftleg hovudmål. Gutane fekk i snitt 3,6 i sidemålskarakter og 3,7 i hovudmål.

I matematikk er kjønnsforskjellen vesentleg mindre. Der får jentene i snitt karakteren 3,9, medan gutane får 3,7, ifølgje Udir sin statistikk.

Elevorganisasjonen er positive til forslaget

Høgre får ikkje mykje støtte av Elevorganisasjonen på sitt forslag til ungdomsskulereform, men leiar Aslak Berntsen Husby er positiv til færre norskkarakterar.

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby. FOTO: EIVIND LOTSBERG / ELEVORGANISASJONEN

– Heilskapleg så er me negative til Høgre si ungdomsskulereform, men me er jo ein organisasjon som meiner at det berre skal vera ein karakter i norsk skriftleg på ungdomsskulen og vidaregåande. Me er ikkje så opptatt av at elevar blir vurdert både i sidemål og hovudmål, me er berre opptatt av at dei får ei god undervisning i sidemål, seier Husby.

Han meiner det inneber at ein får sidemålsundervisning alt frå 5. trinn.

Leiaren i Elevorganisasjonen peikar på at éin skriftleg karakter i norsk, ikkje betyr at ein ikkje vert vurdert i sidemål.

– Karakteren ein får i norsk skal ikkje vera ein karakter på hovudmål, skriftleg norsk handlar om både hovudmål og sidemål, så kompetanse i begge speler inn, understrekar han.


Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høyres Landsforbund