Nynorskelev Amanda (17) blir retta på bokmål: – Eg føler at mine krav ikkje blir møtt

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 16.03.2023 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg opplever at rettskrivingsprogrammet med éin gong stiller seg inn på bokmål sjølv om eg trykker på nynorsk, eller at det byter tilbake til bokmål sjølv om eg har sett det på nynorsk.

Det fortel Amanda Frøseth Hindenes på telefon til Framtida.no. Ho går i 2. klasse på studiespesialiserande på Knarvik vidaregåande skule og har nynorsk som hovudmål.

17-åringen har nesten berre digitale bøker på skulen, og er glad desse er tilgjengelege på begge målformer. Ho har derimot hatt problem med rettskrivingsprogrammet som dei nyttar.

Hindenes peikar på at det blir vanskeleg å halde på språket om ein ikkje får læremiddel på nynorsk på skulen, spesielt når ho skal svare på spørsmål frå ei bokmålsbok eller skal bruke avsnitt frå boka og må omsetje.

– Det blir eit større arbeid heile tida. Eg føler at mine krav ikkje blir møtt.

Mangla bøker

Elevar har rett til å få læremiddel på ønska målform. Opplæringslova slår fast at det i andre fag enn norsk berre kan brukast læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og pris. Nynorskelevar har hatt rett på læremiddel på eige språk sidan 1974.

Likevel er det kvar semesterstart elevar som får rettane sine brotne, ifølgje Noregs Mållag.

– På ungdomsskulen var det mange som hadde nynorsk i klassa, og då opplevde vi at det ikkje var nok bøker på nynorsk, så vi måtte vente på bøkene. På vidaregåande har eg opplevd å ikkje få boka eg skulle ha på nynorsk, fortel Hindenes.

Knarvik vidaregåande skule kommuniserer aktivt på nynorsk, men 17-åringen har inntrykk av at det er mest bokmålselevar på skulen hennar. Ho har opplevd å få historieboka si på feil målform og reagerer på at det ikkje blei spurt om kva målform elevane har, men delt ut tilfeldig.

– Eg synest i alle fall at folk skal vere førebudde på at nokon har nynorsk og må stille spørsmål om kva språk dei skal ha bøker på. Eg meiner også ein skal ha nok bøker, og gjerne tilby ekstra nynorskbøker for at fleire skal bruke det.

Framtida.no har sendt spørsmål til skulen, men ikkje fått svar.

Mållaget: Rettane blir brotne

– Vi veit at rettane til nynorskelevar jamt over blir brotne. Mange foreldre, lærarar kontaktar oss om dette, skriv leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ein e-post til Framtida.no.

Han fortel at det har blitt verre med inntoget av digitale læremiddel, appar og liknande.

Peder Lofnes Hauge, leiar av Noregs Mållag. Foto: Tuva Maria Åserud

– Dei færraste finst på eller forstår nynorsk, så mange nynorskelevar får lese- og skriveopplæringa si på bokmål. Dette er vårt viktigaste krav til den nye opplæringslova som Stortinget skal handsame denne våren: Nynorskelevane må få ein likeverdig digital skulekvardag som bokmålselevane har.

Etter kvart som den tradisjonelle trykte læreboka i større og større grad blir erstatta av digitale læremiddel, ser han at Opplæringslova ikkje harmoniserer med røynda i norske klasserom. Hauge meiner nynorskelevane må få lovfesta like rettar som bokmålselevane.

– Det har dei ikkje i dag fordi læremiddeldefinisjonen ikkje dekkjer ressursane og appane og verktøya som faktisk blir brukt.

Problem med Google

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) gjennomførte i 2022 ei undersøking i samarbeid med Nynorsksenteret om bruk av digitale læremiddel. Rektorar på 110 skular svarte på undersøkinga.

Av dei oppgav over 60 prosent at det er eit viktig krav at læremiddelet skal fungere like godt på nynorsk som bokmål, men at dei godtar enkelte manglar på nynorsk.

Nesten 10 prosent svarte at dei opplever at det mest brukte læremiddelet fungerer dårleg på nynorsk, medan til saman 66 prosent meinte at det hadde nokre eller fleire manglar.

Nær 30 prosent svarar at elevane nyttar skriveprogram som Google Dokumenter og Pages frå Apple. Ingen av desse har godkjent nynorsk ordliste, ifølgje LNK.

Dette er noko også Amanda Frøseth Hindenes har erfart:

– Eg har også hatt problem med at Google docs ikkje tilbyr nynorsk, stadfestar ho.

Politiske vedtak

Kunnskapsminister Tonje Brenna skal sende ny opplæringslov til Stortinget før påske, som skal vedta lova i juni.

Under landsmøtet til Arbeidarpartiet i Bergen vedtok lokallaget at den nye opplæringslova må sikre at nynorskelevane får skulekvardagen sin på nynorsk.

Arbeidarpartiet i Bergen meiner at ei ny opplæringslov må ha ein læremiddeldefinisjon som femnar breiare enn i dag, og som inkluderer digitale læringsressursar som er laga for eller blir brukte i opplæringssiktemål.

Dei viser til at det i høyringsutkastet til ny opplæringslov blei føreslått å lovfeste at skriveprogram som blir brukt i skulen må kunne både bokmål og nynorsk, så langt som råd er. Lokallaget meiner det må lovfestast at skriveprogram som blir brukt i skulen kan både bokmål og nynorsk, utan atterhald.

– Den digitale skulekvardagen fyller klasseromma til nynorskelevane med læremiddel, læringsressursar og digitale verktøy på bokmål. Det rokkar ved retten til opplæring på eige språk, og gjev nynorskelevane ei dårlegare lese- og skriveopplæring. Den nye opplæringslova må sikre at nynorskelevane får skulekvardagen sin på nynorsk, heiter det i vedtaket.

Ifølgje Noregs Mållag er det fleire lokal- og fylkeslag som har vedteke krav om digitale læremiddel og skriveprogram på nynorsk.

MERK: Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), men er redaksjonelt uavhengig.


Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


  • Les også:

Ny rapport om språkbyte: – Dårleg gjort mot nynorskelevane

Fakta

Opplæringslova § 9–4 slår fast at i andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.