Kristine (24) flytta til Tromsø for å studere i 2021 – studiet har framleis ikkje starta

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2021 flyttar Kristine Jonas frå heimstaden Alta til Tromsø med eitt mål for auge: Ho skal studere kvensk.

Første strek i rekninga er når ho innser at Universitetet i Tromsø tek opp kvenskstudentar annakvart år – ho er uheldig, og må vente til neste år.

Andre strek i rekninga, kjem våren etter i 2022. Då skal ho omsider søkje seg til bachelorstudiet i kvensk og finsk. Det er berre eitt problem: heller ikkje då tek UiT opp studentar.

– Det var eit stort tap å måtte vente endå eit år, seier Jonas oppgitt.

24-åringen er nyvald leiar i ungdomsorganisasjonen Kvääninuoret – Kvenungdommen, og brenn for å revitalisere den kvenske kulturen.

– Men for å rekke fram til alt det kulturelle, så treng eg språket. Språket er inngangen til kulturen vi har mista.

–  Ikkje tapt for alltid

Kristine Jonas kjem frå ein heim der dei i mange år har visst om det kvenske, men ikkje via det så mykje merksemd. Det var først då ho byrja å jobbe i Ruijan Kaiku, den kvenske avisa, at ei flamme vart kveikt i ho.

Heime lærte bestefaren hennar at han stamma frå Finland, og at språket dei prata var finsk. Men etter barnebarnet byrja å grave i saka, har han byrja ta i bruk omgrepet kvensk: det var kvensk dei prata, og det er kvener dei er.

Kristine Jonas drøymer om å halde ein samtale med bestefaren på kvensk.
Foto: Privat

Bestefaren til Jonas lærte aldri språket heime, for foreldra ville ikkje snakke kvensk til ungane. Han plukka likevel opp ein del kvenskkunnskapar frå samtalar foreldra hadde rundt han.

– Det er vondt å vete at han har hatt det vondt. Han vil bruke språket, men har ikkje dei ressursane, nettverket og tida til å ta det tilbake. Etter kvart vart det viktig for meg at eg ville gjere det, både for min del, men òg for hans del, fortel Jonas.

Bestefaren hennar har alltid vore stolt av sin kvenske identitet. 24-åringen vil halde ein samtale med bestefaren på kvensk, noko som vil bety mykje for dei begge.

– Å vete at det går framover. At berre fordi det var tapt på eit tidspunkt, så er det ikkje tapt for alltid.

Eit av Europas mest truga språk

Nøyaktig kor mange som snakkar kvensk i dag er vanskeleg å seie. Det kan vere ein stad mellom 2000 og 10.000 personar.

Det som er sikkert er at det er eit av dei mest truga språka i Europa.

Det er noko av grunnen til at Kristine Jonas meiner det hastar å utdanne nye kvenskbrukarar – ein har inga tid å miste.

Men enklare sagt enn gjort. Skal ein lære kvensk i dag, kan ein finne eit kurs ved eit av dei fire kvenske språksentera i høvesvis Storfjord, Kvænangen, Porsanger og Vadsø.

Eller så kan søkje seg til eit av kvensktilboda ved nettopp Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. UiT er den einaste institusjonen i høgare utdanning som tilbyr kvenskundervisning.

Sidan 2013 har universitetet tilbydd eit årsstudium i kvensk. Tilbodet vart utvida til ein bachelorgrad i kvensk og finsk i 2018 og året etter også ei mastergrad i dei to språka.

Då opptaket vart utsett i 2022, fekk Kristine Jonas beskjed om at årsaka var omstrukturering.

– Omstrukturering av studium er ikkje ei god nok unnskyldning for å stoppe eit studie. Resten av studieløpet mitt kunne sett annleis ut, meiner Kristine Jonas.

UiT beklagar

Cathrine Theodorsen er instituttleiar for Institutt for språk og kultur ved UiT. Ho seier dei var nøydde til å revidere studieprogramma i kvensk, og at opptaket difor ikkje gjekk som vanleg.

Cathrine Theodorsen er instituttleiar ved Institutt for språk og kultur.
Foto: UiT Norges arktiske universitet

– Det kan eg beklage. Det var veldig uheldig, seier Theodorsen på telefon til Framtida.no.

Instituttleiaren understrekar at universitetet har eit klart mål om å unngå opptaksstopp, men at dei ikkje fekk det til å gå opp.

– Er det vanleg at eit studium stoppar å ta opp studentar fordi det skal omstrukturerast? 

– Normalt går studia sjølv om ein reviderer, men vi gjorde nokre strukturelle revisjonar. Vi endra på rekkjefølgja på emnene på årsstudium og bachelor, mellom anna fordi vi ville samle studentane i større grupper. Då gjekk det ikkje opp. Det vart kollisjon mellom emnene, gamle studentar og nye studentar.

Instituttleiaren meiner dei no har funne ein god struktur på studia, men peikar på at programma stadig er i utvikling.

– Vi tenkjer jo korleis vi kan gjere det best mogeleg. Men vi må greie å revidere utan at det får slike uheldige utfall.

– Det er dette som tek livet av språket

Kristine Jonas meiner situasjonen er prekær, og peikar på at kvar einaste språkbrukar betyr så enormt mykje.

Ho har hatt hell i uhell, for då studieplanane i Tromsø vart sett på pause kom koronapandemien. Det førte til at alle fysiske arrangement vart flytta digitalt, så sant det let seg gjere.

Kristine Jonas var med då Kvenungdommen laga Fraasikirja, ei kvensk-norsk frasebok for ungdom.
Foto: Privat

Jonas fekk difor mogelegheita til å delta på eit nybegynnarkurs over Zoom frå språksenteret i Kvænangen. Vanlegvis tilbyr språksentera berre språkkurs med fysisk oppmøte.

Dei nyvunne kunnskapane har allereie kome godt med. 24-åringen starta nettopp som vikar i kvenskundervisninga for ein elev på barneskulen i Tromsø.

– Hadde ikkje eg sagt ja, trass i at det er grenser for kompetansen min, så hadde ikkje denne eleven hatt ein lærar og fått eit tilbod i det heile. Det er dette som tek livet av språket, seier ho.

Ynskjer seg fleire studentar

Instituttleiar Cathrine Theodorsen bekreftar at det er få studentar ved kvensktilboda, og peikar på at det er lettare å tilby fleksible tilbod om det er fleire.

Sidan årsstudiet først vart oppretta i 2013, har det vorte teke opp fire kull og til saman 12 studentar. UiT har ikkje tal på kor mange av desse som har fullført.

Den største studentgruppa er dei som tek kvensk som enkeltemne.

Tal frå UiT syner at sidan 2006 har berre 32 personar oppnådd 60 studiepoeng eller meir i kvensk. 60 studiepoeng svarar til eit årsstudium.

20 personar har teke 30–59 studiepoeng i språket, medan 22 personar har oppnådd 15–29 studiepoeng i kvensk.

105 studentar har teke 14 studiepoeng eller mindre i kvensk, dei siste 17 åra.

Theodorsen seier det har vore større etterspurnad etter finsk enn kvensk, men at heller ikkje det studietilbodet har store kull.

– Vi ynskjer oss fleire studentar. Vi treng hjelp frå lokalsamfunn, frå kommunar, fylkeskommunar og ungdomsorganisasjonar for å rekruttere til kvensk og finsk, oppmodar instituttleiaren.

Kulturen er låst bak ein mur

I mangel på eit kvensktilbod, starta Kristine Jonas på eit årsstudium i nordsamisk som framandspråk. 24-åringen har kvensk på eine sida av slekta og samisk på hi.

Etter eitt år merkar ho allereie at språket har opna nye dører.

– Berre eitt år med samisk har gjort det enklare for meg, og eg kan auke synlegheita. Hadde eg berre hatt den same mogelegheita med kvensk, seier Kristine Jonas.
Foto: Arne Hauge

Den samiske identiteten min har vorte styrka, for med språket så har eg tilgang på så mykje meir kultur og historie. Så mange plattformer har opna seg for meg fordi eg kan forstå andre som brukar språket og kan ta det til meg.

Eg vert meir trist av at eg ikkje får gjere det same med det kvenske, som treng endå meir at folk kjem inn i kulturen gjennom språket.

Jonas skildrar det som at den kvenske kulturen ligg låst bak ein mur, der språket er nøkkelen.

Utan kvenskkunnskapane får ho ikkje tilgang til historia si og kulturen sin – og ho får heller ikkje teke like stor del i å revitalisere han.

Bismak

I år har UiT igjen opna søknadsportalen slik at studentar kan søkje seg til ein bachelorgrad i kvensk og finsk.

Kristine Jonas har søkt, men det er med ein bismak.

Eg er klar for å vere ein ressurs i det kvenske samfunnet. Det er alt eg vil, å bidra på ein positiv måte og å ta språket tilbake. Men eg har allereie brukt mykje energi på dette. I to år, seier ho.

Ho fryktar det er dette som skjer med dei som vil lære seg kvensk. Ein har tid, motivasjon og lyst, men ein snublar i så mange hindringar på vegen at ein til slutt gjev opp.


Fritt Ord-logo, blå

Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga.

Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.


Kristine Jonas (t.v.) er nestleiar i Kvenungdommen. Åsne Kummeneje Mellem er leiar. Foto: Kvenungdomen, Ruija Forlag. Illustrasjon: Astrid Jacobsen/Heilo illustrasjon. Kollasj: Framtida.no