Regjeringa skal teste nye eksamensformer

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dagens eksamensform er gamaldags, urettferdig og lar ikkje elevane vise kva dei faktisk kan.

Det skriv Freddy André Øvstegård (SV) på e-post til Framtida.no. Han sit i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. I forhandlingar med regjeringa har SV no fått igjennom at ein skal teste ut alternative sluttvurderingar til dagens eksamen.

Nyheita var først omtalt i ei radiosak på NRK Nyhetsmorgen.

– Nokre få timar i eit tilfeldig fag, i ein tilfeldig del av pensum, med intens pugging testar like mykje dagsform som faktiske fagkunnskapar, poengterer Øvstegård.

Vil ha mappevurdering

Freddy André Øvstegård (SV). Foto: Stortinget

Det er ikkje bestemt kva dei alternative vurderingsformene til eksamen skal vere, men Øvstegård ser for seg at mappevurdering med fleire oppgåver, innleveringar eller skuleprøvar igjennom året kan vere eit alternativ. Desse kan samlast til ei mappe som blir vurdert av ekstern sensor.

– Slik kan oppgåvene både vere like for alle, men samstundes spreie meir utover, la elevane få vise forskjellige ferdigheiter, og samstundes vise progresjon.

Frp-politikar Himanshu Gulati fortel NRK at eksamen er ei viktig eksamensform for alle elevar og at dei imot alternativ til eksamen.

– Intensjonen er jo heilt klart å fjerne eksamen, seier han.

Vil ikkje avskaffe eksamen

– Denne regjeringa skal ikkje avskaffe eksamen, men når læreplanane blir endra, må også eksamen fornyast, understrekar statssekretær Sindre Lysø (Ap) til Framtida.no.

Med dei nye læreplanane er det gjort nokre endringar i eksamensformene i nokre fag. I matematikk og naturfag er til dømes den lokalt gitte eksamen etter 10. trinn endra frå munnleg eksamen til munnleg-praktisk, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Sindre Lysø. Foto: AUF

Utdanningsdirektoratet (Udir), som har ansvaret for eksamen, har også gjort mange endringar i sjølve innhaldet i eksamen for å tilpasse desse til dei nye læreplanane.

– Endringane er gjort med innspel frå både elevar og lærarar. Udir er no også i gang med ei rekkje oppdrag, undersøkingar og utprøvingar på eksamens- og vurderingsfeltet, seier Lysø.

Dette vil inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget for å gjere endringar på sikt.

– Når vi endrar eksamen er det viktig at det blir gjort gradvis og kunnskapsbasert.

Elevorganisasjonen: – Stor bevegelse

– Vi er kjempeglade for det her! Det har vore ei sak vi har jobba masse med og eg er glad for at dei endeleg tar steg for å finne nye måtar å gjennomføre sluttvurdering på, seier leiar i Elevorganisasjonen Aslak Berntsen Husby på telefon til Framtida.no.

Han håpar at dei vil vere så opne som mogleg i korleis vurdering skal gjennomførast og at dei er villige til å gå utanfor det som har vore eksamensformer i dag.

– At ein er villig til å teste nye vurderingsformer er ein stor bevegelse frå tidlegare. Vi håpar dei vil prøve mappevurdering som tar vekk utfordringar med at det berre er vurdering over ein dag, men håper også at dei ser på løysingar for å takle utfordringa med fag- og karakterpress, og at elevane vil få meir påverknad over korleis eksamen skal føregå.

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby, meiner det er ei billeg løysing å innføre fråværsgrensa. Foto: EO

– Kva tenker de om at regjeringa stadfestar at eksamen skal bestå?

– Vi i Elevorganisasjonen synest at det er viktig med ekstern vurdering av nokon som ikkje er læraren din. Det vil vi halde på. Men eksamen i dag fungerer ikkje, og burde bli erstatta.

Han meiner det er viktig at endringar blir gjennomført på ein naturleg og god måte, og peikar på at Oslo og Rogaland allereie har vedteke å prøve nye eksamensformer. Husby trur det først er til våren 2024, at vi vil få sjå endringar.


Dette er arbeidsutvalet til NSO. Foto: Karsten Werner Nielsen/NSO