Gå på kafé, ta pausar og dropp internett – dette er studentleiarane sine beste eksamenstips

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eksamenstida nærmar seg med stormskritt.

Her er arbeidsutvalet i Norsk Studentorganisasjon sine aller beste eksamenstips:

Sett av ein til to heile dagar på kafé

– Mitt eksamenstips er å setje av ein til to heile dagar til å gå gjennom pensum saman – gjerne ein litt hyggeleg stad, til dømes på kafé! Det er eit hyggeleg avbrekk samstundes som du får gått gjennom pensum, ein får diskutert, og ein skjønar raskare kva som faktisk er viktig å kunne, og kva som ikkje er like viktig.

Maika Marie Godal Dam (25)
Leiar i Norsk studentorganisasjon
Bachelor i samanliknande politikk ved UIB.

 

Ta ein pust i bakken

– Mitt eksamenstips er å hugse å ta pauser i eksamenslesinga. Å setje opp ei eksamensperiode der du skal lese frå 08.00 til 16.00 fungerer ikkje for alle. Hugs å gje deg sjølv rom til å ta ein pust i bakken, reflektere og kanskje berre gå ein tur rundt bygget. Det kan vere gull verd for å faktisk forstå pensumet, og ikkje minst gjev det deg påfyll av energi.

Simen Tjølsen Oftedahl (28)
Nestleiar i NSO
Master i barnehageleiing, DMMH.

 

Finn gode medstudentar

– Mitt beste eksamenstips er å finne deg gode medstudentar å lese saman med. Eksamenstida kan vere både hard, kjip og intensiv, så det å ha nokon å dele både oppturar og nedturar med er superviktig. Det kan anten vere studentar som tek same fag, vennar, folk du bur i kollektiv med eller andre. Det viktigaste er at ein har nokon som dreg deg opp om morgonen, nokon ein kan ete lunsj med, og ein kan tulle med når ein treng pause.

Ina Maria Finnerud (22)
Fag- og forskingspolitisk ansvarleg i NSO
Internasjonale miljø- og utviklingsstudium ved NMBU.

 

Få oversikt over eksamensrammene

Sett deg godt inn i rammene rundt eksamen i forkant. Sjekk kva hjelpemiddel som er tillatt, korleis ein skal referere til kjelder, kva som vert rekna som juks og korleis ein brukar eventuelle digitale eksamensløysingar (t.d. Inspera eller Wiseflow). Det er kjipt å måtte bruke tid på slike ting undervegs i eksamen. Dersom du har skuleeksamen, planlegg slik at du er til stades i eksamenslokalet i grei tid før start. Få ting er meir stressande enn å vere usikker på om ein rekk eksamen i tide.

Jørgen Valseth (26)
Fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i NSO
Sivilingeniør – Industriell økonomi og teknologileiing, NTNU.

 

Dropp internett

– Mitt beste eksamenstips er å fysisk eller digitalt distansere seg frå omverda og å setje seg sjølv inn i ei boble, helst utan tilgang til internett. Dette kan eventuelt verte gjort i fellesskap med medstudentar, så lenge sosiale medium vert haldne på avstand.

Bjørn Olav Østeby (27)
Internasjonalt ansvarleg i NSO
Økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Finn tidlegare eksamensoppgåver

Finn tidlegare eksamensoppgåver, gå gjennom dei og sett av like mykje tid som du har på eksamen til vanleg. Då får du ei god øving i sjølve gjennomføringa, men også ei oversikt over kva type oppgåver du bør øve og lese meir på.

Maya-Katrin Skjeldal (23)
Velferds- og likestillingsansvarleg i NSO
 organisasjonspsykologi, hr og leiing, BI.


Les også: Arkitektstudent Liva (25) vart utbrent – no har ho flytta i bil for å leve på studielån

Sidan Barona er student har det vore viktig å få på plass ein skikkeleg studieplass. Middagsbordet kan verte drege ut, slik at ho får ein romsleg pult.