Kunnskapsministeren fredar eksamen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa har ikkje bede Utdanningsdirektoratet om å skrote eksamen eller ein plan om å avvikle eksamen som institutt, slo Brenna fast overfor Stortinget onsdag formiddag.

Ho svarte onsdag på spørsmål frå Høgres Margret Hagerup, som var bekymra over at Utdanningsdirektoratet no prøver ut fleire alternativ til eksamen.

– Eksamen er ein viktig del av vurderingssystemet i den norske skulen og gir elevane moglegheit til å vise kva dei har lært i løpet av skuleåret utan at tidlegare resultat påverkar karakteren, påpeika Hagerup.

Brenna sa seg samd i at det er viktig med ei objektiv vurdering av kva kvar elev kan ved årets slutt.

– Men akkurat korleis den vurderinga skal gjennomførast, det meiner eg absolutt det er verd å undersøkje, sa ho.

Bør ein skrote eksamen for godt?

Bør ein skrote eksamen for godt?

JA!11
Nei! 5
Veit ikkje. 2
Kva er alternativet?3
Svar totalt: 21

 

Norsk skule har endra seg, eksamen har ikkje

Kunnskapsministeren påpeika at norsk skule har endra seg mykje dei siste åra, utan at det nødvendigvis har skjedd så mange endringar i eksamenssystemet.

– Det er naturleg å sjå på om det ikkje finst andre måtar å gjennomføre eksamen på som både er til nytte for elevane og heng betre saman med måten ein organiserer opplæringa på, sa ho.

For tredje år på rad vart eksamen også i år avlyst – for både 10.-klassingar og avgangselevar på vidaregåande – på grunn av pandemien med mykje heimeskule. Men det er altså planen at han kjem tilbake igjen.


Frå venstre: Erik Skar (16), Oliver Mjøen (16) og Kaspar Seip (18). Foto: Wiggo Sunde