Elevorganisasjonen krev meir enn dobla bortebuarstipend

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar som ikkje kan bu heime medan dei går på vidaregåande skule har rett på bortebuarstipend frå Lånekassen. I dag er stipendet 4979 kroner i månaden.

Elevorganisasjonen krev at stipendet skal vere minst 12.000 kroner.

– Ingen bortebuarar i Noreg kan leve på 4979 kroner per månad. Elevar skal vere elevar, dei skal ikkje trenge å uroe seg over lommeboka, seier leiar Aslak Berntsen Husby til NRK, som først omtalte saka.

Meiner føresette må dekke utgifter

I Senterpartiet og Arbeidarpartiet sitt forslag til statsbudsjett for 2023 er bortebuarstipendet auka med 660 kroner i månaden, noko elevleiaren meiner er for lite.

Statssekretær Sindre Lysø (Ap) seier til NRK at det er forventa at føresette skal dekke utgiftene til ungdommane:

– Ein må kunne forvente at det er eit samspel mellom dei pengane ein får frå stipendet som dekkjer bukostnadar og at ein då får dei pengane det kostar å leve som ungdom på vidaregåande.


Foto: Norsk Målungdom. Privat. Press, Changemaker, Kvenungdommen, Eivind Lotsberg/Elevorganisasjonen.