I dag starta vidaregåandeelevar i Lom på privatistskule

– Det er ikkje det vi eigentleg ville, men vi hadde jo ikkje så mykje anna val, seier Ragnill Tessnes (16) frå Vågå.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er dritbra, tykkjer eg.

Sola skin, flagga er heisa, og både elevar, lokalfolk og nasjonale politikarar møter opp i bunad og finstas når den nye privatistskulen i Lom har sin fyrste skuledag.

Henrik Strømstad (17) frå Vågå er ein av dei som skal starte i 2. klasse på studiespesialisering på Jotunheimen privatistskule. Målet etter vidaregåande er å bli politi, og han er glad for å halde fram med dei same klassekameratane sine.

– Vi slepp å reise ned til Otta utan den same klassa eller den same læraren. No fekk vi møte læraren vi hadde i fjor, som er så triveleg og god. Det er heilt suverent.

Risikerte fem timar pendling til næraste skule

I fjor vedtok Innlandet fylkeskommune å leggje ned fleire vidaregåande skuleavdelingar. Både før og etter vedtaket har det vore kritikk, protestar og forslag til andre løysingar, spesielt frå dei som bur i lokalsamfunna som blir påverka.

I Lom, der nokre elevar risikerte å få fire til fem timar med pendling dersom dei skulle til den neste nærmaste skulen, var det spesielt mykje protestar.

Difor bestemte lokale krefter seg for å gjere det dei kan for å få til ein privat kristen vidaregåande skule, som dei håpar etter kvart kan få offentleg finansiering.

Kven kan danne ein privatskule?

Ein privatskule som får offentlege middel, må bli driven ut frå eit særskilt grunnlag.

Som regel vil dei anten leggje til grunn ein særskild anerkjend pedagogikk, som til dømes ved Steiner- eller Montessoriskular, eller eit livssyn, som ved ein kristen skule.

Andre godkjente grunnlag er:

  • særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov
  • internasjonale skular
  • toppidrett med særskild tilrettelagt undervisning
  • norsk grunnskuleopplæring i utlandet
  • vidaregåande opplæring i tradisjonshandverksfag

Kjelde: Lovdata

Førebels er det ikkje noka offentleg støtte på plass for Jotunheimen privatistskule.

Fleire eksamenar og hardare konkurranse ved studieopptak

Det vil seie at alle elevane som startar i dag, er privatistelevar, med dei utfordringane som kjem med det.

– Det er ikkje ideelt, og det er ikkje det vi eigentleg ville. Men vi hadde jo ikkje så mykje anna val, seier Ragnill Tessnes (16) frå Vågå.

Ho har gått i same klasse som Henrik Strømstad i alle år, og er glad for å kunne halde fram med det.

Tessnes var ikkje med på dei store protestane i fjor haust. Då hadde ho blitt diagnostisert med kreft, og følgde med på debatten heimanfrå. Ho er glad for at ho slepp å styre med tilrettelegging på ein ny skule i år, og kan vere der ho veit at ho er trygg.

Ho er likevel ikkje blind for utfordringane med å ta vidaregåande skule som privatist. Elevane kjem til å måtte ta eksamen i alle fag, og ved høgare utdanning må dei søke i ordinær kvote, ikkje med fyrstegongsvitnemål. Det betyr at dei ikkje vil konkurrere med andre som nettopp er ferdig med vidaregåande om studieplassar, men med dei som har hatt høve til å betre karakterane sine fleire gongar.

– Det er både vi og lærarane innstilt på, så då trur eg det kjem til å gå bra likevel, seier Tessnes.

Elevane håpar at det skal kome ei løysing på dette før dei går ut av skulen. Tessnes drøymer om å bli veterinær, og ser for seg ein tøff kamp om studieplassen om ho ikkje får fyrstegongsvitnemål.

Treng ikkje på internatskule

Torjer Rusten Stee (15) frå Lom startar i fyrste klasse på bygg og anleggsteknikk, og har litt fleire år å finne ut av kva han skal gjere etter vidaregåande.

Planen er likevel ganske klar.

– Eg bur på gard og vil prøve å ta over det etter kvart, men fyrst vere snikkar nokre år.

Alternativet utan privatistskulen hadde blitt ein god time på buss kvar veg for å ta Teknologi og industrifag på Otta.

– Eller så hadde eg reist til Storsteigen, ein naturbrukskule i Alvdal med internat.

Politisk mynt

Det er ikkje berre elevar og lærarar som har møtt opp den fyrste dagen.

Tor Andre Johnson frå FrP Innlandet har parkert bussen sin ved stavkyrkja.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum er tilbake i fylket sitt med bunaden på. Stortingsrepresentant Rune Støstad (Ap), Bjørnar Moxnes frå Raudt, Geir Lippestad frå Partiet Sentrum, Fridtjof Bjerke frå Konservativt (tidlegare Dei Kristne), Pensjonistpartiet og Bygdelista i Lom er alle til stades i gymsalen der det er lagt opp til debatt.

 

– Blir det slått politisk mynt her?

– Det blir det heilt sikkert. Det er nok éin viktig grunn til at dei er her i dag, seier rektor Tor Olav Mundal til Framtida.no like før debatten startar.

Mundal var avdelingsleiar ved skulen som vart lagt ned, og var lærar på skulen før han var i administrasjonen. Han har hatt ein overveldande fyrste skuledag.

– Eg trudde det skulle kome mange folk, men det har kome endå fleire enn eg hadde trudd. Det gir jo eit bilete av engasjementet og entusiasmen folk i Ottadalen har vist for skulen.

Han har tru på at dei skal få på plass godkjenning som privatskule og offentleg finansiering etter kvart. Likevel meiner han det var heilt naudsynt å starte privatistskule.

– Det er klart at det er viktig å halde dette her i gang. Går det to år før vi får godkjenning, har lærarane funne seg andre jobbar og elevane har starta på ny skule. Så det er viktig at det er eit kontinuerleg tilbod i Lom for den privatskulen vi reknar med å få godkjenning på.

Det som gjer privatisttilbodet i Lom unikt, er at elevutgiftene er dekka. Mundal fortel at dei har samla inn pengar til å kunne drive skulen i tre år framover, og håpar det blir gode år for elevane.

– Vi er glade for at dei har byrja her, håpar på eit godt samarbeid mellom lærarar og elevar, slik det har vore i Lom før, og så ynskjer vi dei hjarteleg til lukke med skuleåret.