Klimatoppmøtet: Dette er dei store oppturane og nedturane frå den første veka

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre søndag starta årets klimatoppmøte i Sharm el-Sheikh i Egypt. Her får du ei oppdatering på kva som har hendt i løpet av COP27 si første veke – frå dei norske ungdomsdelegatane som er der.


Dag 1: Søndag 6. november

👍 Dagens opptur:

– Tap og skade kom inn som eit eige agendapunkt.* Dette har sivilsamfunnet og særleg land i det globale sør kjempa hardt for å få inn. Det er eit stort behov for finansiering til klimarelatert tap og skade, og behova vil auke framover. I og med at dagens finansieringsordningar ikkje møter behova for støtte til tap og skade, meiner vi at det var viktig å få dette opp som eit eige punkt på agendaen.

Foto: UN Climate Change/Flickr/CC BY-NC-SA 2.0

👎 Dagens nedtur:

Nokre land viser svake ambisjonar for arbeidsprogrammet for utsleppsreduksjonar. Det var eit møte om det såkalla Mitigation Work Program, som er eit arbeidsprogram for å skalere opp innsatsen på utsleppsreduksjonar. Dette kjem av ei avgjerd på COP26. Det er framleis uavklart kva dette skal innebere og på COP27 skal ein halde fram med å diskutere dette.

Vi meiner at dette går for treigt, og etter dagens møte er vi uroa for manglande ambisjonar frå nokre land. Til dømes meiner nokre at Mitigations Work Programme berre bør vare i eitt år, og i tillegg sår nokre tvil om dette arbeidsprogrammet i det heile er nødvendig.

* Heile namnet på punktet er no: Matters relating to funding arrangements responding to loss and damage associated with the adverse effects of Climate Change, including a focus on addressing loss and damage.


Dag 2: Måndag 7. november

👍 Dagens opptur:

– FN-sjefen sitt både artige og dessverre veldig reelle sitat om at vi no er på ein highway to climate hell, og at vi difor treng å sjå politisk vilje på klimatoppmøtet og radikal klimahandling.

António Guterres er generalsekretær i FN. Foto: UNclimatechange/flickr/cc by-nc-sa 2.0

👎 Dagens nedtur:

– Tilgangen for sivilsamfunnet er på dette tidspunktet berre medium minus. Det er dårleg lyd i forhandlingsromma på grunn av høg aircondition og fly som flyr rett over bygga, og vi må sitje på bakken. Vi håpar dette vert betre etter kvart.

Dag 3: Tysdag 8. november

Maria Timmann Mjaaland er styremedlem i kfuk-kfum global

👍 Dagens opptur:

– Vi fekk møte både statsministeren og klima- og miljøministeren! Dei er gode til å setje av tid til å prate med dei ungdommane frå Noreg som er på COP.

Representantar for norske ungdomsorganisasjonar fekk møte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på klimamøtet i Sharm el-Sheikh. Foto: Javad Parsa / NTB

👎 Dagens nedtur.

– Støre sa ingenting om å fase ut oljen i si tale. Dette er eit av dei viktigaste stega Noreg kan ta for å sende eit signal internasjonalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre talte for klimatoppmøtet, tysdag 8. november. Foto: Unclimatechange/flickr/CC BY-NC-SA 2.0


Dag 4: Onsdag 9. november

👍 Dagens opptur:

– Ungdomsrepresentantar frå Noreg og andre nordiske ungdomsorganisasjonar begynte arbeidet med eit opprop. Dette oppropet skal verte overrekt nordiske politikarar neste veke, så følg med! 

👎 Dagens nedtur:

– Det er kome fram at årets klimatoppmøte har 25 prosent fleire delegatar med tilknyting til fossilindustrien enn i fjor. Det betyr over 600 delegatar, og er meir enn delegasjonane frå dei ti mest klimapåverka landa til saman.

Illustrasjonsfoto: Øyvind Knoph Askeland, Norsk olje og gass/flickr/CC BY-SA 2.0


Dag 5: Torsdag 10. november

👍 Dagens opptur:

– Det har vore stor jubel i dag, då det vart annonsert at planane om å byggje ut Wisting-feltet er utsett til 2026. I praksis betyr det at det er svært usannsynleg at Wisting-feltet nokon gong vil sjå dagens lys. Trass i at Equinor sjølv seier at dette er grunna kostnadsauke og inflasjon, trur vi likevel at den enorme innsatsen sivilsamfunnet har lagt i å jobbe mot dette prosjektet har hatt betydning for utviklinga. Folket på COP feirar! 

Frå demonstrasjon mot Wisting-feltet 28. oktober 2022. Foto: Eirik Tangeraas Lygre

👎 Dagens nedtur:

– Vi har følgt dei tekniske forhandlingane på tap og skade tett. I dag var det duka for andre forhandlingsmøte på finansieringsordningar på tap og skade. Dessverre er det ein svært saktegåande prosess, der det er stor usemje om korleis denne finansieringa skal ta form.

Illustrasjonsfoto: Russell Watkins, DFID/Flickr/CC BY 2.0

– Utviklingsland ønskjer å etablere ein «loss and damage finance facility», medan dei rika landa stort sett ønskjer å nytte allereie eksisterande organ for å handtere finansieringa. Vi håpar at forhandlarane kan verte samde om nokre breiare linjer ein kan jobbe vidare med. Per no går det svært sakte.


Dag 6: Fredag 11. november

👍 Dagens opptur:

Vi møtte Siri Eriksen, ein av forskarane som forfattar FNs klimarapportar. Å få eit skarpare blikk på klimakampen hjelper oss i å vete kor skoen trykker akkurat no. Nokre synest kanskje det er mykje pessimisme i klimaforsking, men eg føler meg veldig styrkt! Med vitskapeleg backing held vi fram å pushe politikarane og forhandlarane våre framover i rett retning.

👎 Dagens nedtur:

– Eg er skikkeleg skuffa over tala til Biden i dag. Han har ein laber og uansvarleg reaksjon på klimakrisa, som krev store politiske løft med det same. Det er urovekkande med tanke på USA sin posisjon internasjonalt.

Foto: UNclimatechange/Flickr/CC BY-NC-SA 2.0

– Han hevdar også at reduksjon i metangass er viktigare enn å fase ut fossilt brensel, som er ein uansvarleg quick fix og ikkje reddar oss ut av krisa. Det er ein stor kontrast til Guterres si tale i opninga av møtet som varsla helvete i nær framtid.


Dag 7: Laurdag 12. november

👍 Dagens opptur:

– På laurdag var den største menneskeretts- og klimademonstrasjonen på COP27, nemleg klimamarsjen. Normalt går denne gjennom heile vertsbyen, og sivilsamfunn frå heile landet reiser for å delta. Det er ulovleg i Egypt. Difor var årets klimamarsj inne på FNs område, og vi protesterte like fullt for egyptiske aktivistar sine rettar som for klima.

Frå klimamarsjen i Sharm el-Sheikh under COP27. Foto: Rasmus Madsen Berg/Natur og Ungdom

👎 Dagens nedtur:

– I dag starta forhandlingane om dokumentet som heiter Cover Decision. Det dokumentet er det endelege bindande dokumentet der all politikken vert vedteken. Noreg tok til orde for å «phase out of (…) inefficient fossil fuel subsidies». Formuleringa er lite ambisiøs, og reflekterer ikkje tidspresset til å slutte med fossilt, slik klimakrisa krev.


… og motsvaret: Unge Høgre-topp ut mot lakseboikott – meiner det er å vise fingeren til Kyst-Noreg.

Sondre Torvanger Hillestad, fylkesleiar Hordaland Unge Høgre. Pressebilete