Klimatoppmøtet: Her er oppturane og nedturane frå den siste veka

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimatoppmøtet i Egypt er avslutta, og partane har kome med slutterklæringa si. Her får du ei oppdatering frå dei norske ungdomsdelegatane på kva som hende den siste veka.

Dag 8: Måndag 14. november

👍 Dagens opptur:

Noreg støttar å ha med ei formulering om å fase ned fossil energi – inkludert olje og gass i slutterklæringa etter klimatoppmøtet.

Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0

👎 Dagens nedtur:

– Då presidenten for klimatoppmøtet skulle oppdatere på status etter første veka, var konklusjonen kort summert opp at vi så å seie er bak skjema på alt. Han oppmoda landa til å jobbe hardt for å kome i mål.

Egypts utanriksminister Sameh Shoukry er president for klimatoppmøtet i Egypt. Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0


Dag 9: Tysdag 15. november

👍 Dagens opptur:

– Nordiske ungdomsorganisasjonar leverte felles krav til dei nordiske ministrane om at dei må fase ut fossile energikjelder, støtte klimafinansiering og vere ambisiøse i forhandlingane!

Nordiske ungdomsorganisasjonar leverer eit felles opprop til nordiske ministrar.

👎 Dagens nedtur:

– Vi har hatt ein uvanleg treig prosess og veldig mange av dokumenta som skulle vore klare til å bli diskuterte no som ministrane har kome, er det framleis veldig store usemjer om. Mange av temaa vi følgjer med på, som tap og skade – som også er utruleg kritisk å få til noko på, ligg vi veldig langt unna ei løysning på. Men kryssar alle fingrar for at nokre seine netter og lange dagar kan løyse opp i flokane!

Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0


Dag 10: Onsdag 16. november

👍 Dagens opptur:

– President Lula kom og talte på klimatoppmøtet! Der sa han blant anna at han vil opprette eit eige departement for urfolk, stoppe avskoging av regnskog og lage ein allianse mellom dei tre største regnskoglanda. Dette lovar godt for framtida til verdas regnskogar og er med på å drage internasjonal klimapolitikk i riktig retning!

Den nyvalde presidenten i Brasil, Lula da Silva, under klimatoppmøtet i Egypt. Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0

👎 Dagens nedtur:

– Det er kome fram at nær 700 menneske har blitt arrestert av egyptiske myndigheiter for å ha oppmoda til demonstrasjonar rundt COP27. Dette viser kor ekskluderande årets COP er, og hindrar viktige stemmer frå sivilsamfunnet å bli høyrt.

Foto: ClimateUN via Flickr, CC BY-SA 2.0


Dag 11: Torsdag 17. november

👍 Dagens opptur:

– Det var ein dag med få ting som kan verte kalla ein opptur. Næraste vi kjem, skjedde utanfor COP27, nemleg at Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver møtte klimaministeren til debatt på Dagsnytt 18 og var veldig flink.

I forhandlingane er det kome inn godt språk om ungdomsevaluering og barns rettar i hovudavgjerda.

Skjermdump NRK

👎 Dagens nedtur:

– Utkastet til hovudavgjerd kom 04:00 på morgonen, og var veldig dårleg. Det kom fleire dagar seinare enn forhandlarane etterspurde. Med sine 20 sider og over 8400 ord er det tre gongar lengre enn den lengste hovudavgjerda vedteken på eit COP nokosinne. Utkastet var svært lite ambisiøst, og på mange punkt svakare enn fjorårets Glasgow Climate Pact.

Foto: Rasmus Madsen Berg

Utkastet gjekk tilbake til Parisavtala sitt mål om å avgrense global oppvarming til 2 grader, i staden for 1,5-gradarsmålet frå Glasgow.

Det nemnde verken olje og gass eller nedfasing av fossil energi, noko som India, EU, USA, Noreg og fleire andre har sagt dei vil ha i teksten.

Vi er fullstendig avhengige av å halde på 1,5-gradarsmålet og gjere framsteg på utfasinga av fossil energi for å kunne kalle COP ein suksess. Fleire land som er pådrivarar for store utsleppsreduksjonar seier det er betre med inga hovudavgjerd – inga semje – enn ei som er dårlegare enn fjorårets.

Foto: Rasmus Madsen Berg


Dag 12: Fredag 18. november

👍 Dagens opptur:

– I avslutningsdiskusjonen så tok ei 10 år gamal jente frå Ghana ordet. Etter to veker i FN, der verdsleiarane ikkje har klart å verte samde eller har vore ambisiøse nok, skulerte ho alle delegatane i rettferd.

«When will you pay us back? It is overdue», sa ho. Ho viser til klimaendringane som allereie føregår i Ghana, og at betalinga må starte no.

Dette er så viktig! Det rørte ein heil sal og verda når ei ung jente torer å utfordre FN så tydeleg, og set preg på alvoret. Dette er motet vi treng frå unge! Det er trass alt dei som skal leve og leie i framtida! 

Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0

👎 Dagens nedtur:

– Heilt på slutten av klimatoppmøtet så vert det forhandla om eit konklusjonsnotat, som vert ståande som resultatet av forhandlingane og peikar vegen vidare. I utkastet er det alt for svakt språk om å ansvarleggjere fossilt brensel i utsleppskutt.

Det er ein tilbakegang etter Glasgow i fjor. Om ikkje årets papir er meir ambisiøst, så har vi ikkje kome lenger i internasjonal klimapolitikk.

Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0


COP27 slutterklæring

Det tok tid å få ferdig slutterklæringa på COP27. Foto: UNClimatechange via Flickr, CC BY-NC-SA 2.0