Vekas viktigaste: Klimatoppmøte, Iran-demonstrantar og prinsessekluss

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støre lovar at Noreg skal nå klimamåla

Foto: UNclimatechange via Flickr, CC BY-NC-SA 2.0

Klimatoppmøtet (COP27) i Sharm el-Sheikh i Egypt går av stabelen denne veka. I tala si på onsdag lova Jonas Gahr Støre at Noreg skal oppfylla klimaløfta sine.

Det betyr mellom anna at Noreg skal kutta minst 55 % av utsleppa innan 2030, og doble klimafinansieringa si til fattige land i løpet av dei neste fire åra. I tillegg skal statsbudsjettet framover innehalde ein klimahandlingsplan.

Desse tiltaka er viktige med tanke på kor alvorleg klimasituasjonen er, ifølgje FN. Generalsekretær i FN, António Guterres, sa i opningstala si at «We’re on a highway to climate hell», eller at verda er på veg i full fart mot klimahelvete.

– Støre sa ingenting om å fase ut oljen i si tale. Dette er eit av dei viktigaste stega Noreg kan ta for å sende eit signal internasjonalt, ifølgje Maria Timmann Mjaaland frå KFUK-KFUM Global, då ho samanfatta den tredje dagen som deltakar på klimatoppmøtet.

Klimatoppmøtet, der verdsleiarar møtast for å finne ut korleis verda kan løyse klimakrisa, varar til 18. november.


Republikanarane vinn fram i mellomvalet i USA

USA hadde val til nasjonalforsamlinga si, Kongressen, på tysdag. Resultatet er framleis ikkje klart, men det ser ut som om republikanarane ligg an til å vinne i Representanthuset.

Den andre delen av Kongressen, Senatet, blir truleg ikkje avgjort før i desember.

Det er ei svært jamn fordeling av senatorar, og valet i delstaten Georgia kan bli avgjerande.

Der har ingen fått over halvparten av stemmene, så det blir eit nytt val mellom den republikanske og demokratiske senatorkandidaten i desember.

Uansett har demokratane mist ein del politisk kontroll i USA, og det kjem til å bli vanskeleg for president Joe Biden å få gjennom ny lovgiving dei neste to åra.


Märtha Louise skal ikkje representere Kongehuset lenger

Foto: Richter Frank-Jurgen, CC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons

Prinsesse Märtha Louise skal ikkje lenger utføre offisielle oppdrag for kongehuset. Ho skal heller ikkje vere beskyttar av forskjellige organisasjonar.

Det har storma rundt prinsessa, spesielt på grunn av forholdet hennar til Durek Verrett, som kallar seg sjaman.

Fleire organisasjonar har bedt henne avklare synet sitt på alternativ medisin. Nokre foreiningar ho har vore beskyttar av har alt bryte samarbeidet med henne.

Ifølgje ei pressemelding frå Kongehuset er endringa for å tydeleggjere skiljet mellom Kongehuset og prinsessa og forloveden Durek Verrett sine aktivitetar. Det betyr at prinsessetittelen og omtale av kongefamilien ikkje skal brukast i kommersielle samanhengar eller medieproduksjonar.

Pressemeldinga presiserer at Durek Verrett blir ein del av kongefamilien når han giftar seg med Märtha Louise, men han får ingen tittel og skal ikkje representere kongehuset.

Märtha Louise vil framleis ha prinsesse-tittelen.


Europeiske forbund kritiserer FIFA sitt VM-brev

Mykje av Doha, den største byen i Qatar, er bygd av migrantarbeidarar. Foto: Pexels frå Pixabay

I oppkøyringa til årets fotball-VM har mellom menneskerettsbrota mot migrantarbeidarar i Qatar blitt kritisert.

Førre veke sende det internasjonale fotballforbundet (FIFA) ut eit brev der dei oppmoda land til å legge til side politikk og fokusere på sporten under fotball-VM.

Det europeiske fotballforbundet (UEFA) kritiserer brevet. Dei påpeiker i ei uttale at det framleis er to hovudproblem som ikkje er løyst før VM i Qatar.

UEFA vil ha på plass eit fond til dei som vart skada og etterlatne som følgje av utbygginga av infrastruktur før meisterskapet. I tillegg krev dei eit senter for migrantarbeidarar i Doha, den største byen i Qatar.


Hevdar Iran vil avrette demonstrantar

Det iranske rettsvesenet bør vise inga nåde mot demonstrantar, ifølgje 227 av 290 av Irans parlamentsmedlem. Uttala er frå eit brev som statleg presse har referert til, skriv CNN.

Ifølgje menneskerettsorganisasjonen Iran Human Rights Watch tyder «inga nåde» det same som dødsstraff.

Protestane mot det iranske regimet starta då 22 år gamle Mahsa Amini døydde i varetekta til politiet. Minst 250 menneske er drepne i protestane, ifølgje ein rapport frå FN.


Vekas lyspunkt: Regnbogebølgje i valet i USA

I mellomvalet i USA vann minst 340 opne skeive kandidatar. Det er eit rekordtal, ifølgje Vice, og slår 2020 då 336 kandidatar vann.

Ein av dei er James Roesener (26), som er første opne transmannen valt inn i nasjonalforsamlinga i USA. Han skal representere folk frå delstaten New Hampshire i Representanthuset.


Fekk du med deg alt som skjedde førre veke?

Kollasj av Framtida. Foto: Jeon Han/KOCIS (Koreansk Kultur- og Informasjonsteneste), Sergio Dutti/PSB Nacional 40, via Flickr, CC BY 2.0, Statsministerens kontor