Fersk studie: Datasenter er klimagassverstingar

Allereie før KI-galoppen tok av, hadde USAs 400 største datasenter større klimagassutslepp på eitt år enn heile Danmark til saman.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det kjem fram i ein fersk studie frå Harvard-universitetet som vart publisert måndag.

Forskaranes gjennomgang av 403 amerikanske datasenter viste at dei produserte rundt 28,3 millionar tonn karbondioksid. Meir enn halvparten av det samla straumforbruket på 82 TWh kom frå fossile brensel. 82 TWh er dessutan nok til å forsyne nesten 7 millionar heimar i eit heilt år.

– Vi bevegar oss bakover mot målet om å kontrollere CO2-utslepp, sa hovudforfattaren til studien Francesca Dominici, professor i biostatistikk.

Studien blir lansert medan FNs klimatoppmøte i Tyrkia rulla ut «Antalya-løftet om KI» måndag. Den frivillige løfteordninga for land og selskap slår fast at datasenter bør bruke rein energi og effektive vass- og energisystem, og resirkulere infrastruktur og maskinvare.

– Vi kan ikkje be folk om å akseptere høgare rekningar, meir klimaforureining og større ulikskap, i byte mot løfte om ei betre framtid, sa FNs klimasjef Simon Stiell under lanseringa måndag.

– Påstandar om framtidige utsleppsinnsparingar kan ikkje unnskylde aukande forureining no, sa han.

Det totale rapporterte straumforbruket til Amazon, Microsoft og Google har stige med 240 prosent frå 2022 til 2025, ifølgje ein ny rapport frå interesseorganisasjonen Climate Action Against Disinformation.

Dette har resultert i at dei tre tek-gigantane forureinar 2,4 gongar meir enn utsleppsmåla dei har sett for seg sjølve.

Per oktober 2026 er det 113 datasenter i Noreg. Ifølgje ein berekraftsanalyse Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) gjennomførte i fjor, vil utsleppa frå desse sjudoblast fram mot 2050.