Iran kallar den norske ambassadøren inn på teppet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsaka er «uakseptable fråsegner mot Den islamske republikk», skriv Reuters , som siterer det iranske nyheitsbyrået Fars.

Ambassadør Sigvald Hauge vart innkalla til eit møte måndag, skriv Dagbladet. Der skal det iranske utanriksdepartementet ha uttrykt misnøye med stortingspresident Masud Gharahkhani sine utsegner om Iran.

– I dette møtet vart utsegnene frå presidenten for parlamentet i dette landet i eit intervju med eit av opposisjonsmedia, til støtte for forstyrringane og innblandinga hans i Irans indre styre og stell, sterkt fordømt og avvist, skriv Fars.

UD stadfestar møtet

Utanriksdepartementet stadfestar at Hauge vart kalla inn til eit møte førre fredag.

– Vi kan stadfeste at ambassadør Sigvald Hauge vart innkalla til eit møte i iransk UD fredag 4. november, der ein frå iransk side ønskte å ta opp nylege utsegner frå stortingspresidenten i Noreg og eit norsk innlegg på eit uformelt møte i Tryggingsrådet i FN 2. november. Ambassadør Hauge gjorde greie for det offisielle synet til den norske regjeringa på Mahsa Amini-saka.

Det skriv seniorrådgivar Mathias Rongved i UD i ein e-post til NTB.

Det har vore Iran-demonstrasjonar både i Iran og over heile verda dei siste vekene, der folk har protestert mot iranske styresmakter. Her frå ein demonstrasjon i Oslo i slutten av oktober. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Vil halde fram støtta

Dette er andre gongen på kort tid at landet kallar inn den norske ambassadøren i samband med Gharakhahnis utsegner om opprøret i Iran.

Gharakhahni skriv på Twitter måndag kveld at han kjem til å halde fram med å støtte demonstrasjonane i Iran.

– Som stortingspresident står eg opp for demokrati, fridom og menneskerettar, og det kjem eg til å halde fram med å gjere, skriv han.

– Unge menneske i Iran risikerer livet for den same fridommen og demokrati som vi har i landet mitt Noreg. Dei krev rettferd og demokrati og blir møtt med kuler og vald. Eg kjem til å halde fram med å vere stemma deira, skriv Gharakhahni vidare.

Skjermdump frå Twitter. TRYKK PÅ BILETE FOR Å GJERE DET STØRRE. 

Omfattande demonstrasjonar

Protestane i Iran vart utløyste av at 22-årige Mahsa Amini døydde i varetekta til moralpolitiet i Teheran 16. september. Sidan det har tusenvis av iranarar demonstrert mot dei iranske styresmaktene kvar einaste dag over heile landet.

Det er dei mest omfattande demonstrasjonane i landet sidan den islamske revolusjonen i 1979, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Mange er drepne og endå fleire skadde i demonstrasjonane, og iranske styresmakter har slått hardt ned på demonstrasjonane.

I førre veke vart det halde eit uformelt møte i FNs tryggingsråd. Der gav Noreg full støtte til iranske demonstrantars krav til styresmaktene om å respektere menneskerettane, opplyste Noregs FN-delegasjon til NTB.