Mellomval i USA: Republikanarane får meir makt – men ikkje like mykje som venta
Kongressen blir truleg splitta mellom demokratane og republikanarane etter mellomvalet i USA.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Oppdatering etter 13. november: Demokratane får minst 48 senatorar. Sidan 2 uavhengige senatorar stemmer med dei, har dei kontroll i dette huset.
Dei siste to åra har demokratane hatt kontroll i både Representanthuset og Senatet i Kongressen i USA. Det har tydd at president Biden har kunne fått gjennom mykje av politikken sin.
Overtaket deira har likevel vore knapt, og i går skulle amerikanarane på nytt velje representantar til nasjonalforsamlinga si.
Alle stemmene er ikkje talt opp enno. Likevel kan det sjå ut som om republikanarane får meir makt etter mellomvalet.
I Representanthuset ligg det an til at republikanarane kan få fleirtal. Demokratane kan derimot halde grepet om Senatet.
Kan stoppe etterforsking
Dersom det stemmer, blir det delt kontroll i Kongressen.
Med republikansk kontroll i Representanthuset, kan dei stoppe nye lovforslag. Det avgrensar handlingsrommet til demokratane dei neste to åra.
I tillegg kan det gjere etterforskinga av storminga av Kongressen vanskelegare. 6. januar 2021 braut Trump-tilhengjarar seg inn i Kongressen, og fem personar døydde i åtaket. Fleire republikanske politikarar har uttrykt misnøye med etterforskinga.
Med fleirtal i Representanthuset kan dei løyse opp etterforskingsteamet.
Demokratisk senatorar
Det hjelp demokratane dersom dei held på Senatet. Sjølv om dei vil få gjennom færre lovar dei neste to åra, kan dei stadfeste nye dommarar.
Sidan dommarane i det nasjonale rettssystemet i USA sit på livstid, kan det påverke rettssystemet i lang tid.
Handlingsrommet til demokratane blir likevel svært innskrenka dersom dei ikkje kontrollerer Representanthuset.
Trump trumfa ikkje gjennom
Donald Trump gav støtte til rundt 300 forskjellige kandidatar i mellomvalet. Det var venta ei republikansk «bølgje» med sigrar over heile landet, men det skjedde ikkje.
Fleire i partiet meiner det er fordi kandidatar har prøvd å vinne Trump-veljarane. Det har ført til at kandidatar har uttrykt meir kontroversielle og polariserande meiningar.
Desse forsøka ser ikkje ut til å ha fungert, og kan gje ein peikepinn på korleis det vil gå dersom Trump på nytt stiller som president.
Treng du grundigare innføring i valet?
- Les Kort forklart: Mellomvalet i USA og kvifor det er viktig