Vekas viktigaste: Brasiliansk val, Halloween-ulukke og nazidemonstrasjon

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lula da Silva vann presidentvalet i Brasil

Foto: Sergio Dutti/PSB Nacional 40, via FlickrCC BY 2.0

I januar kjem Lula da Silva til å overta som president i Brasil, etter han vann valet sundag 30. oktober. Da Silva fekk 50,9 prosent av stemmene, medan den sitjande presidenten Jair Bolsonaro fekk 49,1 prosent.

Bolsonaro vedkjente ikkje valnederlaget måndag. Fleire var bekymra for at presidenten ville seie at valet var stole.

Likevel presiserte han på onsdag at han vil følgje grunnlova. Teamet hans sa også at dei skulle førebu seg på maktoverføringa til da Silva.

Da Silva har mellom anna sagt at Brasil på nytt skal ta klimasaka på alvor, inkludert arbeidet med å verne regnskogen.

Noreg har varsla at dei vil ta opp att samarbeidet med Brasil. Det inneber å gjere pengane frå Regnskogfondet tilgjengeleg. Samarbeidet vart stoppa då Bolsonaro byrja med omfattande avskoging.


Noreg hevar beredskapen i forsvaret

(Frå venstre) Forsvarsminister Bjørn Arild Gram, Statsminister Jonas Gahr Støre og Forsvarssjef General Eirik Kristoffersen på pressekonferansen om tryggleikssituasjonen. Foto: Statsministerens kontor

Regjeringa varsla måndag at aktiviteten til forsvaret blir tilpassa situasjonen i resten av Europa. Med krigen i Ukraina var beredskapen allereie heva. Likevel blir det no auka endå meir, fortalde statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse.

– På bakken opplever Russland no stor motstand. Dette fører til at Russland tyr til andre middel, sa han til NRK.

I tillegg til å føre krig i Ukraina, har Russland også auka forsøk på overvaking.

Forsvaret kjem blant anna til å prøve å få på plass nye Poseidon-fly i Nord-Noreg fortare.

Dette er militære fly som kan overvake havområde.

Noreg har allereie kjøpt desse flya, og dei skal etter den opphavlege avtalen vere på plass innan 2023.


Minst 156 personar døydde i Sør-Korea på grunn av Halloween-kaos

Den koreanske statsministeren Han Duck-soo på pressekonferanse om Itaewon-hendinga. Foto: Jeon Han/KOCIS (Koreansk Kultur- og Informasjonsteneste)

Førre helg oppstod det kaos i Itaewon-området i Seoul i Sør-Korea. Om lag 100 000 personar var samla til fest og kostyme i samband med Halloween.

Det er uklart kva som skapte panikken, men så langt har det kome fram at 156 personar døydde og 151 vart skada i trengselen. Av desse er 29 framleis kritisk skada.

Ei av dei døde var norske Stine Roalkvam Evensen (20) frå Sandnes.

Styremaktene i landet tek sjølvkritikk, og innanriksministeren har beklaga.

– Eg beklagar djupt til folket for at den nylege ulykka skjedde, trass i at staten har eit uavgrensa ansvar for folk sin tryggleik, sa han ifølgje nyheitsbyrået Yonhap.


Venstresida fekk flest stemmer i det danske valet

Leiar av Socialdemokratiet Mette Frederiksen kan glede seg over valresultatet. Her frå eit folkemøte på Bornholm i 2019. Foto: Johan Wessman/News Øresund

Leiar av Socialdemokratiet, Mette Frederiksen, får truleg halde fram som statsminister i Danmark. Etter valet på tysdag er partiet hennar størst, og det er venstresida som har kapra flest mandat i folketinget.

No kallar ho inn til forhandlingar med andre parti for å danne ei ny regjering.

Den raude blokka på venstresida fekk 87 av 179 mandat på Folketinget. Blå blokk på høgresida fekk 72 mandat, medan det uavhengige partiet Moderaterne fekk 16 mandat. I tillegg har Grønland og Færøyane 4 mandat. Tre av desse vart denne gongen på venstresida.


Nazistar vart bortviste frå landet

Eidsvolls plass framfor Stortinget er ein vanleg stad å demonstrere på, men ein må ha løyve frå politiet. Foto: Helge Høifødt, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Laurdag vart 35 nynazistar arresterte av politiet i Oslo sentrum.

Dei heldt ein ulovleg demonstrasjon framfor Stortinget, og følgde ikkje pålegg frå politiet.

Personane var frå Den Nordiske Motstandsbevegelsen (DNM). Det er ein nynazistisk organisasjon som vart etablert på slutten av 90-talet. Organisasjonen er forbode i Finland på grunn av valdshandlingar.

Demonstrantane marsjerte ifølgje Filter Nyheter mot Blitzhuset då dei vart stoppa. Politiet måtte bruke makt for å pågripe dei.

Av dei 35 pågripne, var berre fire norske. Resten var frå Danmark og Sverige. Ein av dei var oppført som listekandidat for Sverigedemokraterna i 2022.

Alle saman må betale 8000 kroner fordi dei ikkje følgde pålegg frå politiet. I tillegg vart dei 31 utanlandske borgarane vist bort til Sverige og Danmark.


✨Vekas lyspunkt✨: Ny angrepille mot kjønnssjukdommar

Illustrasjon: Camilla Ramos/via Canva, sketchify. Kollasj: Framtida.no

Pilla doxyPEP kan redusere sannsynet for å få forskjellige kjønnssjukdommar dersom ho blir teke innan 72 timar etter sex. Det har forskarar i USA kome fram til.

No tilrår San Francisco offisielt pilla til folk.

Studien vart gjennomført på menn som har sex med menn og transkvinner, og vart avbroten fordi resultata var svært lovande. Difor vart det rekna som uetisk å ikkje gje pilla til kontrollgruppa.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?

Kollasj av Framtida. Foto: Simon Walker / No 10 Downing Street, Rodriga Ferrari, CC BY NC 2.0, Thomas Sola / Equinor