Internasjonal domstol slår fast folkemord i Myanmar
Den internasjonale domstolen (ICJ) har stadfesta at Myanmar er ansvarleg for folkemord mot den etniske og religiøse minoriteten rohingyaer i 2017, ifølgje FN.
Det er første gongen ein stat får ein slik dom mot seg.
I kjenninga blir det vist til at militæret i landet utførte ekstrem vald mot det hovudsakleg muslimske Rohingya-samfunnet i delstaten Rakhine. Domstolen erklærte også at landet ikkje prøvde å forhindre folkemord og at dei har latt vere å straffe brotsverka.
Domstolen anslår at 10 000 rohingyaer vart drepne i 2017, og rundt 700 000 rohingyaer flykta frå Myanmar til Bangladesh. I tillegg til massedrap, valdtekt og anna seksuell vald, vart retten informert om at nesten 400 landsbyar vart delvis eller fullstendig øydelagde i dei såkalla «oppryddingsoperasjonane» som militæret i Myanmar gjennomførte.
Domstolen pålegg Myanmar å innføre lovgjeving for å stanse pågåande lovbrot mot Folkemordkonvensjonen. Landet må også etterforske og straffe dei som har vore ansvarlege for folkemordet, kartlegge brotsverka og kompensere rohingyaene som er påverka.
Frå den Internasjonale Domstolen i Haag under saka mot Myanmar. | Pressefoto: ICJ
Sannsynleg med terroråtak, ifølgje politiet
Trugselvurderinga til Politiets tryggingsteneste (PST) er framleis på nivå tre av fem, men det har vore ei negativ utvikling innan ekstremisme det siste året.
Dei trekkjer spesielt fram høgreekstremisme og islamisme, men er også bekymra for ekstreme valdelege nettsamfunn.
Politiet seier det er sannsynleg at dei to første gruppene vil prøve å gjennomføre terroråtak i løpet av det neste året. Dei meiner at det er mogleg den siste gruppa, som PST kallar «nihilistisk ekstremisme», også vil prøve seg på terroråtak.
Det er eit moderat trugselnivå i Noreg, ifølgje Politiets tryggingsteneste. Dei meiner det er sannsynleg at høgreekstreme og islamistar vil prøve seg på terroråtak i Noreg det neste året. | Foto: Lise Åserud / NTB
Åtak på Krym-bru
Kertsj-brua, som går mellom Russland og Krym-halvøya, vart angripen tysdag og torsdag av Ukraina, ifølge NRK. Første gongen førte til stans i biltrafikken, og andre gongen stansa togtrafikken.
Skadeomfanget er uklart, og det er usannsynleg at landet får bygd opp brua medan det er krig. Delar av brua skal ifølgje russisk media kunne brukast om eit par månader.
Kertsj-brua er den einaste jernbaneforbindinga til Krymhalvøya, som Russland annekterte frå Ukraina i 2014.
Brua er den einaste jernbanebindinga mellom Krymhalvøya og Russland, og er strategisk viktig i krigen. Her frå 2023. | Illustrasjonsfoto: AP Photo, Fil
Fem EU-land vil sende migrantar til Rwanda
Danmark, Nederland, Tyskland, Austerrike og Hellas har bestemt seg for å opne retursenter i Rwanda neste år, ifølgje BBC.
Dit vil dei sende personar som har fått avslag på alle aktuelle søknadsprosessar for opphald og som bur ulovleg i landa.
Landa seier at dei som blir deporterte, skal kunne integrere seg i Rwanda eller bli sende vidare til heimlanda sine.
Organisasjonen Human Rights Watch seier til kringkastaren at Rwanda er eit dårleg val, sidan landet slår ned på dei som kritiserer styresmaktene og behandlar folk i opphaldssenter på ein dårleg måte, i tillegg til at dei støttar væpna styrker i nabolandet DR Kongo.
I ein munnleg spørjetime på Stortinget forklarte Jonas Gahr Støre at Arbeidarpartiet har opna for å ha retursenter i tredjeland for asylsøkarar som ikkje kan sendast tilbake til heimlandet sitt, ifølgje NRK. Statsministeren seier regjeringa vurderer det i samarbeid med andre nordiske land.
Hovudstaden Kigali i Rwanda. | Illustrsjonsfoto: AP Photo/Yuhi Irakiza
Debatt rundt gruvekjøp av russisk-britisk forretningsmann
Fleire politiske parti reagerer på at den russisk-britiske forretningsmannen Artmen Volynets kjøper ei kopargruve ved Repparfjorden.
Gruva har vore eigd av gruveselskapet Nussir, og det har vore fleire aksjonar mot gruvedrifta, blant anna på grunn av deponi i fjorden.
Fleire politiske parti er bekymra for tryggingsvurderinga av kjøpet. Representantar frå Senterpartiet, KrF, Frp og Høgre stilte førre veke spørsmål til næringsministeren om situasjonen, og MDG har fremja eit hasteforslag om å stanse kjøpet til det kan bli gjort ei skikkeleg vurdering, ifølgje VG.
Volynets har tidlegare koplingar til selskap som er kontrollerte av den russiske presidenten Vladimir Putin. Han avviste kritikken i eit intervju med VG då han var i Hammerfest denne veka. Volynets seier han vil bli dømt ut frå fakta og resultat, ikkje antakingar. Han ønsker ikkje å uttale seg om krigen i Ukraina.
Oppkjøpet av Nussir-gruva har skapt debatt. Her frå Repparfjorden i 2019. Anlegget på biletet er Folldal Verk. | Foto: Mads Suhr Pettersen / NTB
Historisk møte i Kina
Presidentane Donald Trump, Xi Jinping og Vladimir Putin møttest denne veka i Kina. Det er første gongen leiarane av USA, Kina og Russland har hatt eit slikt møte.
Møtet vart gjennomført i samband med toppmøtet til Asia-Pacific Economic Cooperation, som inkluderer 21 land. I etterkant erklærte leiarane at dei ønsker å redusere risikoen for atomkrig, i tillegg til å auke tilgangen på olje og reformere FN, ifølgje AP.
Erklæringa nemner ikkje krigen i Iran eller Ukraina, men begge delar skal ha blitt teke opp på møtet.
Det vart eit møte mellom presidentar i Shenzhen i Kina torsdag 19. november. | Foto: AP Photo/Mark Schiefelbein
Vekas snakkis: GTA 6 er ute
19. november kom den sjette utgjevinga i spelserien Grand Theft Auto, ofte berre forkorta GTA. Det er 13 år etter førre utgåve av det populære spelet.
Det har difor vore knytt store forventingar til utgjevinga. Telenor gjekk førre veke ut og forsikra om at det norske nettverket klarer å handtere mengda nedlastingar i samband med sleppet.
Gamer.no har publisert ein guide til dei som ville ta seg fri for å spele GTA 6, og i USA har 43 soldatar sagt ja til å halde fram i forsvaret for å få spelefri denne helga, ifølgje ABC News. Fredag har 24,5 millionar spel blitt selde, ifølgje BBC.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.