Ni gongar Kongen var konge

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 22.02.2022 16:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då han trolla dronning Sonja

Det er noko utruleg koseleg ved å sjå små glimt av korleis kongeparet kanskje er bak lukka dører. Eit slikt glimt fekk vi i nyttårsintervjuet med dronning Sonja og kong Harald i 2014.

Då fortalde kongen at han skulle besøke den norske forskingsstasjonen på Antarktis, og dronninga skyt inn at ho jo innvia den ti år før.

– Den var vel kalla opp etter deg, var den ikkje det? spør kongen.

– Nei, det er den ikkje. Den heiter Troll,  svarar dronninga.

– Ja, nettopp, seier kongen og ler godt av sin eigen vits.

Det gjorde vi òg!

Det var òg ganske fint då kongen i 2012 fortalde at han hadde lese boka om dronning Sonja med stor interesse, og kunne slå fast at han omsider hadde byrja å forstå ho litt betre:

– Nokre vil kanskje merke at det var då sanneleg på tide. Men nokre av oss menn er kanskje litt langsame, sa han då.

Humorkongen

Det er ikkje berre dronning Sonja kongen får til å bryte ut i latter. Då det nederlandske kongeparet var på besøk i fjor, sjarmerte kong Harald dei med sportsvitsar.

Kongen spøkte med at nederlendarane trudde norske fans ropte «Holland» under ein fotballkamp mellom dei to landa, men at det dei eigentleg ropte var «Haaland», sa kongen, til lått frå salen, og poengterte at det er den norske spissen. Dronning Máxima såg ut til å vere spesielt sjarmert av sin kongelege kollega.

– Eg ynskjer Nederland lukke til i kampen neste veke, men ikkje for mykje lukke, avslutta kongen.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av TV 2 Nyheter (@tv2nyheter)

Då han løfta mangfaldet

Endå mange set pris på vitsane kong Harald slår i talane sine, er det endå fleire som set pris på standpunkta han tek om mangfald og inkludering.

Då slottet heldt hagefest i 2016 sa kongen tydeleg frå om at det ikkje finst ein mal for korleis ein nordmann skal vere:

– Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutar som er glad i gutar, og jenter og gutar som er glade i kvarandre. Nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting. Nordmenn likar Grieg og Kygo, Hellbillies og Kari Bremnes. Med andre ord: Noreg er dykk. Noreg er oss, sa kongen.

Tala varma hjartar i heile Noreg, men også i utlandet.

Moon Boots

Kong Harald var ein skikkeleg motekonge då han trappa opp i Moon Boots på ski-NM i Meråker i 2019.

Vinterskoa som hadde si stordomstid på 80- og 90-talet er blitt ordentleg populære att. Måneskoa er å sjå både på påverkarar og på afterski, og kongen var tidleg ute med å henge seg på trenden. Sprekt val av ein i 80-åra!

– Dette trudde eg aldri at eg kom til å få sjå. Eg klarar ikkje å halde meg unna kilsjeen det er å seie at dette er heilt konge! sa MinMote-leiar Elise Alexandra Gulbrandsen den gong.

Kongen har tidlegare fortalt at han ikkje er så nøye på korleis han ser ut, så skovalet var truleg mest praktisk, sjølv om han òg markerte seg som ungdommeleg og trendy.

Kong Harald var moteriktig med sprek boblejakke og Moon Boots under 15 km skiatlon for kvinner i Meråker i 2019.
Foto: Terje Pedersen / NTB

OL-kongen

Visste du at kongen har vore med i OL?

Kongen vår er ein aktiv mann. Han har faktisk delteke i OL heile tre gonger! Då han gjekk på Oxford fann han kjærleiken for roing, men har seinare representert Noreg i segling i OL i 1964, 1968, og 1972.

Kong Harald og mannskapet kan òg smykke seg med tittelen verdsmeistrar, som dei tok med seglbåten Fram X i 1987. Som 79-åring fekk kongen andreplassen i verdsmeisterskapet i Toronto.

Kongen er òg europameister frå 2005, då med Fram XV.

Kronprins Harald deltok i sommar-OL i Tokyo i 1964. Her er han i sin 5,5 m båt, med bar overkropp og seglarhue. Arkivfoto NTB / SCANPIX

Pokémon GO-politikarane på middagsbesøk

Då det var duka for årets stortingsmiddag i 2016, baud ikkje kongen berre på elg han sjølv hadde skote, men òg på spøkar på nokre av gjestene sin kostnad.

Han mimra over nokre av aktivitetane som har funne stad i Slottsparken og sa:

– Det vi derimot ikkje var klar over, er at Slottsparken husar mange attraksjonar som gjev gode poeng i Pokémon GO. Til glede for Stortingets representantar, slik eg har skjønt det. 

Tidlegare same året hadde nemleg dåverande Venstre-leiar Trine Skei Grande vorte avslørt medan ho spelte Pokémon GO under ei høyring i utanriks- og forsvarskomitéen. Dåverande statsminister Erna Solberg hadde òg freista Pokémon GO-lukka i arbeidstida, for ho opna spelet i Stortinget under trontaledebatten. (Ho hadde uheldigvis ikkje dekning.)

Nyttårstalen i 2019

For mange er det tradisjon å høyre nyttårstalen til kong Harald kvart år, men det var ekstra sterkt å lytte til kva kongen hadde på hjartet i 2019, kort tid etter at Ari Behn hadde teke sitt eige liv.

– Av og til er ikkje livet til å halde ut. For enkelte vert det så mørkt at ingenting hjelper. Ikkje eingong kjærleiken til sine aller nærmaste. Nokre ser ingen annan utveg enn å forlate livet. Dei som står igjen må leve vidare. Fattigare – utan den dei var glade i, sa kongen

I etterkant av talen fekk kong Harald ros for korleis han prata om det å vere pårørande etter eit sjølvmord, og for å påverke korleis vi pratar om sorg. Talen rørte utruleg mange.

– Det beste vi kan gjere, er å vere der for kvarandre, sjå kvarandre, hugse å gje kvarandre dei gode orda. Og bere kvarandre om det trengst, sa kongen.

Ord å leve etter!

Køyretur under lockdown-17. mai

I 2020 blei det ei stusseleg 17. maifeiring på grunn av koronarestriksjonane. Men når barnetog og folkefesten ikkje kunne kome til kongen på Slottsplassen, drog kongen til folket.

Kong Harald, dronning Sonja og kronprinsparet overraska med å setje seg i bilane sine og køyre rundt i hovudstaden, og heile turen blei følgd på TV.

Kongen køyrde rundt i den opne og mest ikoniske bilen sin, nemleg ein A1 Buick Roadmaster frå 1939.

Bilkortesjen besøkte mellom anna eldrebustadar og Ullevål sjukehus, og varma koronaslitne nordmenn over heile landet.

Kong Harald og dronning Sonja kjem køyrande nedover Karl Johans gate i open bil på nasjonaldagen i Oslo i 2020. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sonja, eller ingen

Då kong Harald var kronprins, ung og lovande, var det stor forventing til kva europeisk prinsesse han skulle gifte seg med. Det var forventa at han skulle gifte seg med ein kongeleg eller adeleg, men i 1959 møtte han og vart forelska i Sonja. Ei av folket.

I nesten ti år måtte dei møtast i skjul og halda forholdet hemmeleg.

Kong Olav og regjeringa frykta at eit kongeleg ekteskap med ei borgarleg dame ville bety slutten for monarkiet. Det unge paret prøvde å legge lok på kjenslene, reiste utanlands for å studere og håpa at det ville gå over. Men det gjorde det ikkje.

Samstundes gjekk dei store mediehusa ut og sa at dersom dei gifta seg var det over for monarkiet. Kong Olav sende ut pressemelding og slo fast at det ikkje var hald i ryktene om at kronprinsen ville gifte seg med ei borgarleg.

Kronprins Harald nekta å godta dette og sa til far sin at dersom han ikkje fekk Sonja, ville han leve ugift.

I mars 1968 vart forlovinga gjort kjend og august same år gifta dei seg – endeleg.

Kronprins Harald byr opp sin Sonja til bryllupsdans på Slottet.
NTB arkivfoto / NTB


Kollasj av Framtida.no. Bakgrunn: Ida Bjørvik / Det kongelige hoff / NTB. Innfelt: . Foto: Handout / Slottet / NTB. Krone: Colourbox