Korleis fungerer mellomvalet i USA, og kva er viktig å få med seg?


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart fjerde år er det store nyheitsoppslag om kven som skal bli president i USA. Likevel er mellomvalet i USA (the midterm elections) vel så viktig for det store landet.
Her er noko av det viktigaste du treng å vite om mellomvalet 2022:
Kva slags val er dette?
Mellomvalet skjer i november, midt i ein presidentperiode i USA. Valet handlar hovudsakleg om kven som skal sitte i nasjonalforsamlinga deira, Kongressen.
Kongressen er delt i to: Representanthuset og Senatet.

Illustrasjon av oppdelinga i Kongressen. Laga med Canva.
Det er 435 representantar, som sit i periodar på to år. Fordelinga av representantar er basert på folketal.
Alle representantane i Representanthuset skal no røystast over.
Senatet har derimot 100 senatorar, to frå kvar delstat. Desse sit i ei periode på seks år.
Det er berre 34 av senatorar som skal røystast om i år.
I tillegg kjem 36 delstatar og 4 territorium til å velje guvernør. Dette er øvste politiske leiar for delstaten, tilsvarande ein slags fylkesordførar.
Korleis påverkar valet politikken?
Kongressen er forsamlinga som godkjenner nasjonale lovar i USA. Partiet som har fleirtal i dei forskjellige husa, kan lettare gjennomføre sin eigen eller blokkere andre sin politikk.
Det demokratiske partiet har no kontroll i både Representanthuset og Senatet, i tillegg til presidenten.
Guvernørane er også viktige for politikken som skjer på delstatsnivå. Makta deira varierer, men dei kan ofte påverke budsjett og kven som blir dommarar i delstaten. I tillegg kan dei legge ned veto til nye lovar.
Det kan bli avgjerande i delstatar som no kjempar om abortlovgiving.
Kva kan skje i dette valet?
Republikanarane kan no ta tilbake kontrollen over Kongressen.
Dei treng berre å vinne ein senator, og fem representantar for kontrollere begge husa. Det vil gjere det svært vanskeleg for demokratane og President Joe Biden framover.

Det kan bli vanskelegare for President Joe Biden å gjennomføre politikken sin etter mellomvalet. Her frå 25. august 2022. Foto: Adam Schulz, Det kvite hus.
Ifølgje siste måling frå Politico er det sannsynleg at republikanarane får fleirtal i Representanthuset. Det er framleis usikkert korleis det går med Senatet.
Det ser ut som demokratane får flest guvernørar.
Ifølgje Pew Research Centre er økonomi den viktigaste saka for veljarane i år. Etter det kjem framtida til demokratiet som ei viktig sak. Det har også vore ei stor auke i veljarar som har abort som ei viktig sak.
Kva har leia fram til valet i år?
Mellomvalet kjem i skuggen av presidentvalet der Donald Trump tapte.
Ei viktig hending sidan då er storminga av Kongressen 6. januar 2021. Trump-tilhengjarar braut seg inn i Kongressen, og fem personar døydde i åtaket.
Etterforskinga etter denne hendinga er pågåande, men det stoppar ikkje der:
Halvparten av noverande republikanske kandidatar meiner nemleg at 2020-valet vart «stole» eller ikkje gjekk føre seg på skikkeleg måte. Dette var også motivasjonen til dei som braut seg inn i Kongressen.
Ei meir nyleg hending er åtaket på Pelosi-familien. Nancy Pelosi er ein av dei mest profilerte demokratiske politikarane i landet. Ho er leiar i Representanthuset (Speaker of the House).
Natt til fredag 28. oktober braut ein mann seg inn i huset hennar, visstnok for å halde henne som gissel. Pelosi var ikkje heime sjølv, men mannen hennar vart banka opp og hamna på sjukehuset i seks dagar.
Politisk vald har generelt auka i USA det siste året. Fleire er bekymra for korleis det kjem til å påverke mellomvalet i USA, og demokratiet deira.