Vekas viktigaste: Asteroidesiger, bombing og konspirasjonsrettssak

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FN fordømmer Russland si tvangsinnlemming av ukrainske regionar

Det har skjedd fleire viktige ting i krigen mellom Russland og Ukraina den siste veka. Førre helg brann brua som koplar saman russisk fastland og Krym-halvøya, det ukrainske området som vart annektert av Russland i 2014. Ein lastebil eksploderte på brua, og ei viktig kopling for russarane til Ukraina treng no mykje reparasjon.

Det er framleis usikkert kven som stod bak eksplosjonen, men som eit svar har fleire byar i Ukraina fått kraft- og vassforsyninga si øydelagd av missil frå Russland.

Ifølgje FN kan desse åtaka vere brot på folkeretten, sidan dei rammar sivile.

I tillegg har 145 land i FN si generalforsamling stemt at dei fordømmer Russland si annektering av ukrainske område. Berre Syria, Nicaragua, Belarus og Nord-Korea stemte med Russland, og 35 land avstod frå å stemme. Blant desse er viktige land som framleis handlar med Russland, som Kina og India.


Alex Jones må betale nesten 1 milliard dollar i erstatning

Foto: Jaredlholt, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

Radiovert Alex Jones vart denne veka dømt til å betale 965 millionar dollar, som er rundt 10 milliardar kroner, for å ha spreidd konspirasjonsteoriar. Jones vart saksøkt for ærekrenking av 14 pårørande til dei drepne og ein FBI-agent som kom tidleg til masseskytinga på barneskulen Sandy Hook.

Radioverten var allereie dømt skuldig i saka i fjor, sidan han ikkje samarbeida med rettsvesenet i etterforskinga.

Masseskytinga skjedde i 2012. Gjerningspersonen drap 20 barn på 6 og 7 år i massakren, i tillegg til 6 tilsette, før han tok sitt eige liv.

Jones har spreidd fleire konspirasjonsteoriar rundt denne hendinga. Han har blant anna påstått at massakren var ein bløff og at familiane var skodespelarar. Advokaten til familiane har argumentert for at Jones har tent pengar over tid på å spreie slike konspirasjonsteoriar.

Jones har sagt at han kjem til å anke dommen.


Noreg søker om å arrangere fotball-EM for kvinner i 2025

Lise Klaveness, president i Fotballforbundet, har stadfesta at Noreg søker om å arrangere fotball-EM for kvinner i 2025.

Fotballforbundet har sendt ein felles nordisk søknad med Sverige, Danmark og Finland.

Dersom Norden får EM, blir kampane i Noreg fordelt mellom Oslo og Trondheim på Ullevaal og Lerkendal stadion. Dei andre nordiske byane blir København, Odense, Göteborg, Stockholm, Helsingfors og Tammerfors.

Vi får vite kven som får EM i januar 2023.


Utanriksdepartementet rår nordmenn frå å reise til Iran

Utanriksdepartementet seier at tryggleiken i Iran har blitt verre. Difor tilrår dei ingen å reise dit. Det har vore fleire tilfelle der utlendingar har blitt fengsla. Utanriksdepartementet kan ikkje garantere at dei blir varsla dersom det skjer med nordmenn.

Grunnen til den usikre situasjonen er at styresmaktene slår tilbake mot massive protestar. Det skal ha døydd minst 201 personar sidan protestane braut ut etter Mahsa Amini (22) døydde i politivaretekt.

Protestane starta som ein reaksjon mot moralpolitiet og dei strenge lovane om kvinner si klesdrakt. I det siste har protestane retta seg meir direkte mot det iranske regimet.


Ulf Kristersson blir statsminister i den nye svenske regjeringa

Ulf Kristersson. Foto: Axel Adolfsson / Moderaterna

Den nye svenske mindretalsregjeringa vart presentert av høgresida på fredag. Det er Ulf Kristersson frå Moderaterna som blir den nye statsministeren. Partiet kom på tredjeplass med 19,1 prosent og dannar regjering saman med Liberalerna (4,6 prosent) og Kristdemokraterna (5,3 prosent).

Det blir regjeringsskifte etter at høgresida fekk fleirtal i valet i september, men det har teke tid før partia har vorte einige.

Sverigedemokraterna vart det nest største partiet med 20,5 prosent av stemmene, men fleire parti har vore skeptiske til å samarbeide med ytre høgrepartiet.

Spesielt Liberalerna har store politiske usemjer med partiet, og Sverigedemokraterna blir ikkje med i regjeringa. Likevel har ikkje Moderaterna, Liberalerna og Kristdemokraterna fleirtal i den svenske riksdagen.

Det tyder at dei må samarbeide med Sverigedemokraterna for å få fleirtal, sjølv om partiet ikkje blir med i regjering.

Partia førebur seg no på at riksdagen stemmer over den nye statsministeren og regjeringa på måndag.


✨ Vekas lyspunkt ✨: NASA kan beskytte jorda mot asteroidar

Foto: NASA/David C. Bowman

Denne veka stadfesta NASA at forsøket deira på å endre bane på ein asteroide var vellykka. I fjor sende dei opp raketten Dart som hadde asteroiden Dimorphos som mål.

Raketten krasja i september inn i asteroiden med ein fart på 23 000 kilometer i timen.

Etter å ha analysert data frå krasjet, kan ein sjå at asteroiden har endra bane. Dette forsøket viser at NASA kan endre bana på ein asteroide som er farleg for jorda, dersom det er nødvendig.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?

Kollasj av Framtida. Foto: NORAD and USNORTHCOM Public Affairs, Public domain, via Wikimedia Commons, Noregs Bank, Nobelstiftinga