Her er dei politiske partia i Sverige

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.09.2022 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

11. september er det val til Riksdagen, det svenske parlamentet.

I fjor haust fekk Sverige sin første kvinnelege statsminister, då Stefan Löfven trekte seg frå vervet og som partileiar for Sveriges største parti: Socialdemokraterna.

Socialdemokraterna sat i regjering med Miljöpartiet de gröna fram til 2021 då det svenske miljøpartiet trakk seg. No går svenskane til valurnene igjen.

Atter ein gong er spørsmålet: Kva skjer med Sverigedemokraterna? Partiet som ingen ville samarbeida med, trass i at dei vart Sveriges tredje største ved valet i 2018, ser ut til å kunne bli Sveriges nest største parti etter årets val.

Slik ser den politiske høgre/venstre-aksen ut i Sverige:

Politisk akse frå venstre mot høgre: Vänsterpartiet, Socialdemokraterna, Miljöpartiet De Gröna, Centerpartiet, Liberalerna, Kristdemokraterna, Moderaterna og Sverigedemokraterna.

I svenske Riksdagen er det 349 seter.

Statsministeren vert valt ved at valvinnarane kjem med eit forslag dei stemmer for. Støttepartia stemmer blankt og motstandarane stemmer mot. Dersom det ikkje er fleire enn 174 motstemmer, vert statsministeren valt.

Her er ei oversikt over dei svenske partia og deira hjartesaker:


Partileiar for Socialdemokraterna, Magdalena Andersson. Foto: Kristian Pohl/Government Offices of Sweden

Sveriges Socialdemokratiska Arbetareparti – Socialdemokraterna

Partileiar: Magdalena Andersson (sitjande statsminister)

Valresultat 2018: 28,3 %

Seter i Riksdagen: 100

Blokk: Sosialistisk

Norsk søsterparti: Arbeidarpartiet

Slagord: Vårt Sverige kan bättre

Hjartesaker: Meir politi for å nedkjempa gjengkriminalitet, statleg kontroll over velferda, stansa privat utbytte av skuledrift, byggja ut svensk elproduksjon, høgare pensjon og Sverige inn i Nato


Märtha Stenevi og Per Bolund er talspersonar i Miljöpartiet De Gröna. Foto: Henrik Svensson Karlsson og Fredrik Hjerling/MP

Miljöpartiet de gröna

Partileiarar: Märta Stenevi, Per Bolund

Valresultat 2018: 4,4 %

Seter i Riksdagen: 16

Blokk: Sosialistisk

Norsk søsterparti: Miljøpartiet Dei Grøne

Slagord: Alla ska med när 
Sverige ställer om

Hjartesaker: Grøn omstilling, solidaritet med dyr, natur, menneske over heile verda og komande generasjonar, ei ny klimalov og bindande utsleppsbudsjett, tog og erstatta bensin og diesel med elektrisitet og fornybart drivstoff.


Nooshi Dadgostar er leiar for Vänsterpartiet. Fotograf: Jessica Segerberg

Vänsterpartiet

Partileiar: Nooshi Dadgostar

Valresultat 2018: 8 %

Seter i Riksdagen: 28

Blokk: Sosialistisk

Norsk søsterparti: Raudt eller SV

Slagord: Andra lovar – vi agerar

Hjartesaker: Mot privatisering av velferd, grøn omstilling, feminisme, motstandar mot kjernekraft og EU.


 

Annie Lööf er leiar for Centerpartiet. Foto: Centerpartiet

Centerpartiet (C)

Partileiar: Annie Lööf

Valresultat 2018: 8,6 %

Seter i Riksdagen: 31

Blokk: Sentrum

Norsk søsterparti: Senterpartiet

Slagord: För Sveriges bästa

Hjartesaker: Ein grøn, liberal politikk, utbygging av heile Sverige, lågare skattetrykk for både privatpersonar og små og mellomstore bedrifter, EU-tilhengjarar.

 


Ulf Kristersson er partileiar for Moderaterna. Foto: Foto: Frankie Fouganthin

Moderaterna (M)

Partileiar: Ulf Kristersson

Valresultat 2018: 19,8 %

Seter i Riksdagen: 70

Blokk: Borgarleg

Norsk søsterparti: Høgre

Slagord: Nu får vi ordning på Sverige

Hjartesaker: Strengare straffer, tydelegare arbeidslinje, utbygging av kjernekraft og elkraft, individuell fridom og opnare marknadsøkonomi, skattelette, privatisering og avregulering.

 


Ebba Busch er leiar for Kristdemokraterna. Foto: KD

Kristdemokraterna (KD)

Partileiar: Ebba Busch

Valresultat 2018: 6,3 %

Seter i Riksdagen: 22

Blokk: Borgarleg

Norsk søsterparti: KrF

Slagord: Redo för en ny regering

Hjartesaker: Utbygging av velferda, kampen mot gjengkriminalitet, senka drivstoffprisar og sikra elforsyninga med kjernekraft.


Johan Pehrsson vart ny partileiar for Liberalerna i 2022. Foto: Liberalerna

Liberalerna (L)

Partileiar: Johan Pehrsson

Valresultat 2018: 5,5 %

Seter i Riksdagen: 20

Blokk: Borgarleg

Norsk søsterparti: Venstre

Slagord: För ett liberalt borgerligt maktskifte

Hjartesaker: Integrering og utvikling av forstadene, skule og utdanning og klima.


Jimmie Åkesson er partileiar for Sverigedemokraterna. Foto: Pelle T Nilsson/SPA

Sverigedemokraterna (SD)

Partileiar: Jimmie Åkesson

Valresultat 2018: 17,5 %

Seter i Riksdagen: 62

Blokk: Uavhengig (ingen ville samarbeida med partiet etter valresultatet i 2018)

Norsk søsterparti: Vert samanlikna med FrP

Slagord: Sveriges snabbast växande folkrörelse

Hjartesaker: Stoppa all innvandring frå land som ikkje er i nærområde, utbygging av velferd, strengare straffer og meir politi, billegare drivstoff.