Iranske demonstrantar trassar styresmaktene
At Mahsa Amin døydde i varetekta til det iranske moralpolitiet har utløyst dei største demonstrasjonane på tre år mot det iranske regimet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan den 22 år gamle kurdiske kvinna vart stadfesta død den 16. september, har sinte iranarar gått ut i gatene og demonstrert mot styresmaktene. Hundrevis av menneske er arresterte og måndag var minst 41 menneske, på begge sider av konflikten, drepne i samanstøytane, ifølgje offisielle tal.
Andre kjelder seier det reelle talet på døde er langt høgare. Ifølgje den Oslo-baserte eksilorganisasjonen Iran Human Rights (IHR) er minst 76 menneske drepne.
– Vi oppmodar verdssamfunnet til å ta grep for å stanse drap og tortur av demonstrantar i Iran, seier IHR-leiar Mahmood Amiry-Moghaddam i ei pressemelding.
Trass i bodskapen til styresmaktene om at protestane skal slåast hardt ned, har ikkje demonstrasjonane dempa seg. Søndag lova sjefen for det iranske rettsvesenet at styresmaktene vil reagere snarrådig på uroa i landet. Berre timar etterpå tok demonstrantane på ny til gatene, for tiande natt på rad fleire stader i landet.
Hadde for laus hijab
Amini vart etter seiande arrestert fordi hovudsjalet hennar sat for laust. Iransk politi har hevda at 22-åringen døydde som følgje av hjarteproblem, men augevitne har fortalt at Amini vart banka opp av politiet, og aktivistar seier at ho døydde av hovudskadar.
Faren til Amini har tilbakevist påstanden om at dottera skulle ha hjarteproblem og har sagt offentleg at styresmaktene lyg om dødsårsaka.
Demonstrasjonane søndag gjekk føre seg i fleire byar, mellom anna i millionbyane Tabriz og Shiraz, der videoopptak viser korleis kvinner tek av seg hovudsjala i protest mot styresmaktene.
Blant demonstrantane var det også kvinner som brende hijaben og klippa av seg håret medan andre dansa rundt store bål medan dei song «zan, zendengi, azadi» som betyr «kvinne, liv, fridom». Dette slagordet er også gjeve att verda rundt på plakatar og løpesetlar.
Stengde sosiale medium
Ein video av demonstrantane, som nyheitsbyrået AFP har fått verifisert, viser studentar som riv ned eit bilete av den øvste leiaren i landet, ayatolla Ali Khamenei, utanfor eit universitet i den nordlege provinsen Mazanderan.
Iranske styresmakter prøver å kontrollere informasjonsflyten i landet og stengde søndag ned fleire plattformer for deling av informasjon på internett. Den London-baserte tenesta NetBlocks, som held oppsyn med internettsamband verda over, melde at både WhatsApp, Instagram og Skype var nede.
Dette følgjer etter tenester som Facebook, Twitter, Tiktok og Telegram som allereie var stengde ned.
Parallelt med demonstrasjonane, har styresmaktene organisert store motdemonstrasjonar for å overdøyve protestane og vise populariteten til det regjerande fåmannsveldet i landet, skriv Al Jazeera.
Norsk ambassadør kalla inn til iransk UD
Samtidig med demonstrasjonane inne i Iran aukar også fordømminga mot det iranske regimet fleire andre stader i verda.
Laurdag vart den norske ambassadøren i Teheran kalla inn på teppet av iransk UD (Utanriksdepartementet) etter at stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) publiserte fleire meldingar i sosiale medium der han støttar demonstrantane.
– Eg er fødd i Teheran. Noreg er landet mitt. Kvar einaste dag er eg takksam for at eg lever i eit land som er bygd på demokrati, fridom, menneskerettar og ytringsfridom. Det er dei same verdiane unge menneske kjempar for i Iran, seier Gharahkhani om meldingane han har publisert.
Ifølgje Reuters vart Noregs ambassadør kalla inn fordi iranske styresmakter meiner stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har blanda seg inn i interne iranske forhold.
Også Storbritannias ambassadør til Iran vart kalla inn, melde det iranske nyheitsbyrået Tasnim på Twitter.
Søndag måtte politiet i Paris og London stanse tusenvis av demonstrantar som marsjerte mot Iran sine ambassadar. I Paris vart det brukt tåregass då dei om lag 4.000 demonstrantane fleire gonger prøvde å bryte gjennom barrikadane nær ambassaden. I London vart fleire polititenestemenn skadde i samanstøytane med dei opprørte demonstrantane.
Journalisten arrestert
Den iranske journalisten Nilufar Hamedi, som skreiv den første saka om dødsfallet til Mahsa Amini, vart arrestert torsdag førre veke.
Hamedi jobbar for avisa Shargh. Avisa opplyser at i tillegg til Hamdi, er to andre journalistar, ein fotograf og ein politisk aktivist arrestert i samband med demonstrasjonane i landet.
Moralpoliti rapporterer om «dårleg hijab»
Moralpolitiet er i Iran offisielt kjent som Gasht-e Ershad eller «rettleiingspatruljen». Det har i oppgåve å sikre respekten for islamsk moral som skildra av dei geistlege styresmaktene i landet. Dei inneber mellom anna å rapportere om «dårleg hijab», eit samleomgrep som gjeld brot på den strenge kleskoden for kvinner i landet.
I samsvar med sharialovene er kvinner forplikta til å dekkje håret og bruke lange, laustsitjande klede for å skjule figuren sin.
Det har vore demonstrasjonar mot Iran sin strenge kleskode for kvinner sidan den iranske revolusjonen i 1979. Likevel skriv utanlandske medium at dagens demonstrasjonar er dei største på nesten tre år. Den gong var det likevel raseri over auka drivstoffprisar som utløyste spenninga i det iranske samfunnet. Også den gong vart demonstrasjonane slått knallhardt tilbake og fekk fleire hundre dødsfall som følgje.