Desse får Nobels fredspris for 2022

Belarusiske Ales Bjaljatski, den russiske menneskerettsorganisasjonen Memorial og ukrainske Center for Civil Liberties får Nobels fredspris for 2022.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Med årets fredspris ønskjer Den norske Nobelkomite å heidre tre framifrå forkjemparar for menneskerettar, demokrati og fredeleg sameksistens i nabolanda Belarus, Russland og Ukraina, heiter det i Nobelkomiteens grunngiving.

– Gjennom si konsekvente støtte til humanistiske verdiar, antimilitarisme og rettslege prinsipp har prisvinnarane i år revitalisert og heidra Alfred Nobels visjon om fred og forbrødring til folk – ein visjon verda vår treng meir enn nokosinne.

Fengsla utan dom

Bjaljatski er ein forfattar og menneskerettsaktivist frå Belarus.

– Makthavarane har fleire gonger prøvd å føre Ales Bjaljatski til å teie, skriv Nobelkomiteen.

Han sat fengsla mellom 2011 og 2014, og han vart i 2020 arrestert og fengsla på nytt etter omfattande demonstrasjonar mot belarusiske styresmakter. Han sit framleis fengsla utan dom.

– Trass i enorme personlege belastningar har Bjaljatski ikkje vikt ein tomme i kampen sin for menneskerettar og demokrati i Belarus.

Belarusiske Ales Bjaljatski i fengsel i 2011. Foto: AP Photo/Sergei Grits, File)

Grunnlagt av Sakharov

Menneskerettsorganisasjonen Memorial vart grunnlagd i 1987 av aktivistar frå tidlegare Sovjetunionen som ville sikre at offer for regime si undertrykking aldri vart gløymd. Fredsprisvinnar Andrej Sakharov og menneskerettsforkjempar Svetlana Gannusjkina var blant grunnleggjarane.

– Under Tsjetsjenia-krigane samla og verifiserte Memorial informasjon om overgrep og krigsbrotsverk gjort av russiske og prorussiske styrkar mot sivilbefolkninga. Leiaren for Memorial si avdeling i Tsjetsjenia, Natalja Estemirova, vart i 2009 drepen som følgje av dette arbeidet, skriv Nobelkomiteen.

Krigsbrotsverk i Ukraina

I desember 2021 vedtok russiske styresmakter at Memorial skulle avviklast ved tvang og dokumentasjonssenteret skulle stengjast for godt.

Center for Civil Liberties vart grunnlagt i Kyiv i 2007 med det formålet å arbeide for menneskerettar og demokrati i Ukraina. Etter Russlands invasjon av Ukraina har organisasjonen jobba for å dokumentere russiske krigsbrotsverk mot sivilbefolkninga i Ukraina.

– Saman med internasjonale samarbeidspartnarar gjer senteret ein banebrytande innsats med sikte på å kunne stille dei skuldige til ansvar for brotsverka sine.

Berit Reiss-Andersen, leiar av Nobelkomiteen, offentleggjorde vinnarane av årets fredspris på Nobelinstituttet i Oslo fredag. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Stor spenning

Det har vore stor spenning knytt til årets fredspris. Då juryen, dei fem medlemane av Nobelkomiteen, skulle ta fatt på dei nominerte i år, hadde Russland nett gått til åtak på Ukraina.

Nokre har spekulert i om det ikkje skulle bli utdeling i år, nettopp grunna krigen – noko som faktisk skjedde under 1. og 2. verdskrig.

Desse var dei aktuelle

Krigen mellom Ukraina og Russland pregar Europa, og på mange bettingsider toppa den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj tippelista før årets tildeling. Likevel er det uvisst om han i det heile rakk å bli nominert før fristen gjekk ut 31. januar i år. Då var han enno ein ukjend mann for dei fleste, sidan krigen starta 24. februar. Få dagar seinare hadde komitéen sitt første møte der dei kan kome med forslag i det aller siste høvet til å nominere nokon.

Det er likevel fleire ukrainarar som kanskje står på lista:

Oleg Sentsov: Filmregissør frå Krimhalvøya. Har fleire gonger vore nominert til fredsprisen. Har vore tydeleg motstandar av den russiske annekteringa av Krim i 2014.

Oleksandra Matvijtjuk og Senteret for sivile rettar: Har jobba i mange år for å bygge demokratiske institusjonar i Ukraina, og fekk i haust den svenske «alternative nobelprisen»: Right Livelihood.

343 nominerte

Nobels fredspris er ein av dei seks prisane som kvart år vert delt ut til verdstoppen i menneskerettsleiarar, økonomar, forskarar og forfattarar i starten av oktober. Vinnaren av Nobelprisen i medisin, fysikk, kjemi og litteratur har blitt annonsert tidlegare.

I år var det 343 kandidatar til fredsprisen: 251 enkeltpersonar og 92 organisasjonar.

Det er Nobelkomiteen, med fem medlem peikt ut av Stortinget, som bestemmer kven som vinn prisen. Dei må velje mellom nominerte, og ein må bli nominert av kvalifiserte folk som statsrådar, presidentar og statsministrar, tidlegare vinnarar av fredsprisen, professorar og meir. Ein kan ikkje nominere seg sjølv.

Kvar vinnar får om lag 900 000 dollar, om lag 9,6 millionar kroner. I tillegg får dei eit diplom og ein gullmedalje på utdelinga 10. desember.

Journalists Maria Ressa frå Filippinane og Dmitry Muratov frå Russland vann prisen i fjor.


Redaktør for den russiske avisa Novaja Gazeta Dmitrij Muratov og redaktør for filippinske Rappler Maria Ressa får årets fredspris. Foto: AP Photo/Mikhail Metzel og Aaron Favila