Sverigedemokraterna seglar opp som Sveriges nest største parti

Sverigedemokraterna er alt kåra til valvinnarar, men kjem dei andre partia på høgresida til å samarbeide med det omstridde partiet?

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 11. september hadde svenskane val. Då røysta dei om kven som skal vere representantar til Riksdagen og kven som kan danna regjering.

I dag er det Magdalena Andersson frå Socialdemokraterna, tilsvarande Arbeidarpartiet, som er statsminister. Ho leier ei mindretalsregjering som Miljöpartiet De Gröna trakk seg frå i 2021.

Det var knytt stor spenning til det omstridde partiet Sverigedemokraterna i år. Dei låg an til å gå forbi Moderaterna, og kan bli Sveriges nest største parti.

Det endelege resultatet er framleis ikkje heilt klart. Om lag 95 prosent av stemmene er talt opp, og dei to politiske blokkene er berre skilt med eit mandat i riksdagen: 175 til den borgarlege sida og 174 til venstresida.

Svaret får dei truleg på onsdag. Då blir røystene sendt med post er talt opp.

Foreløpig fordeler tala seg slik:

https://datawrapper.dwcdn.net/LfchW/6/

Ein fjerdedel av røystene

Sjølv om alle røystene ikkje er talde opp enno, er det likevel klart at Sverigedemokraterna (SD) har gjort sitt beste val nokosinne.

I skrivande stund har dei 20,6 prosent av stemmene, ifølgje SVT. Dermed er dei det nest største svenske partiet.

Det einaste partiet som har større oppslutnad i årets svenske valthriller er Socialdemokraterna, med 30,5 prosent av røystene.

– Vi har gjort eit fantastisk val. Vår ambisjon er å vere med i regjeringa, sa partileiar i SD, Jimmie Åkesson til partiet sitt på valvaka i natt.

Jimmie Åkesson er partileiar for Sverigedemokraterna. Foto: Pelle T Nilsson/SPA

Med så jamne tal, er dei borgarlege partia avhengige av å samarbeide med SD dersom dei skal få fleirtal.

Likevel kan det bli vanskeleg. SD har aldri vore eit samarbeidsparti i svensk politikk.

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, har følgt med på utviklinga i Sverige. Foto: Unge Høgre

Frå ytterpunkt til nest størst

– Eg meiner det er eit framsteg at ein har byrja å ta omsyn til SD og dei veljarane dei faktisk representerer, seier Unge Høgre-leiar Ola Svenneby i Nyhetsmorgen på NRK i dag.

Han viser spesielt til at SD i mange år har vore åleine i å prate om utfordringar ved innvandring og integrering, men at dei andre partia no tek opp desse sakene meir.

Det er spesielt samarbeidet med Liberalerna, eit av søsterpartia til Venstre i Sverige, som kan hindre eit regjeringssamarbeid.

Unge Venstre-leiar Ane Breivik. Foto: Magnus Hundvin

Unge Venstre-leiar Ane Breivik meiner premissane for samarbeid er annleis i Sverige enn i Noreg. Ho viser spesielt til at dei skil seg frå Framstegspartiet, som er partiet ytst til høgre på Stortinget.

– Det har jo i løpet av valkampen kome fram at fleire riksdagskandidatar for SD har bakgrunn frå nynazistiske organisasjonar. FrP har historisk sett hatt fleire element av klassisk liberalisme enn SD har i dag, seier ho i Nyhetsmorgen.