Stadig fleire og yngre tek kontakt med Ungdomstelefonen til Skeiv Ungdom

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er veldig viktige tal, fordi me har veldig lite forsking på unge skeive. No har me konkret statistikk, så eg håpar det kan bli brukt, seier Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv Ungdom.

Torsdag overrekte dei sin rapport Snakk med meg, med tal og statistikk frå Ungdomstelefonen deira frå 2014 til 2021, til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Viktig for politikken

I rapporten kjem det mellom anna fram at det er flest under 18 år som ringer inn eller chattar. Temaa som blir mest snakka om er sex, seksuell orientering og psykisk helse.

Det er fleire og fleire som vil snakke om psykisk helse og i 2021 handla sju prosent av samtalane om sjølvmordstankar.

– Det er viktig for meg som politikar å ha denne dokumentasjonen, når me skal få ein meir offensiv likestillingspolitikk, mellom anna med ny handlingsplan for at skeive skal få betre levekår, sa Trettebergstuen under overrekkinga.

Over 20 prosent under 14 år

I 2021 var nesten 8 av 10 av dei som tok kontakt med Ungdomstelefonen til Skeiv ungdom, under 18 år. 22 prosent prosent var under 14 år.

Stadig fleire yngre brukar Ungdomstelefonen. Her er tal på perioden 2014 – 2021. Grafikk frå rapporten “Snakk med meg”, 2022.

Sidan undersøkinga er anonym, har dei ikkje all informasjon om dei ulike innringarane. I perioden 2014-2021 er alder berre kjent i 3423 av dei totalt 11.949 samtalane.

– Det er veldig mange unge folk som tek kontakt med oss, og det er ofte første gong dei snakkar med andre om denne tematikken. Det er ikkje overraskande for oss, men det er urovekkande at det er så lite kunnskap å få tak i andre stader for unge skeive, fortel Bonsaksen.

Dei fortel at det er behov for å få fram korleis ungdom har det, særleg unge som bur på bygda.

– Ungdom har mykje mindre høve til å flytte på seg, bestemme kven dei omgjer seg med, kor dei går på skule og kva dei gjer på fritida. Me ser at det oftare kan bli mykje einsemd og utanforskap blant skeive. Me håpar at rapporten kan bidra til å få bukt med dette, fordi me ser at det er ei reell problemstilling blant skeive.

Jan-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv Ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Ikkje god nok kunnskap i helsetenesta

Bonsaksen fortel at Skeiv Ungdom er glade for å kunne vera eit lågterskeltilbod, som mange nyttar seg av, men peikar også på at dei ikkje har same kapasitet som eit faktisk psykisk helsetilbod ville hatt.

– Me ser at unge skeive treng trygge møteplassar og trygge hjelpetilbod og det er det ikkje nok av. Mange stader finst det ikkje eigentleg gode alternativ til oss per i dag.

Bonsaksen trekker fram Helsestasjonen for kjønn og seksualitet i Oslo som eit døme på gode tilbod. Dei peikar på at mange stadar manglar ein slik plass kor unge skeive vert møtte med forståing av folk som veit korleis det er å vera skeiv.

Dei fortel at det som må på plass er meir kunnskap, blant lærarar, helsepersonell og foreldre for å kunne ivareta unge skeive. Sjølv Helsestasjon for ungdom har ikkje den kunnskapen dei bør ha, meiner Bonsaksen:

– Særleg ikkje når det kjem til andre grupperingar enn lesbiske og homofile, men ofte ikkje ein gong dei. Me treng ei generell kunnskapsheving i den helsetenesta.

Grafikk frå rapporten “Snakk med meg” av Skeiv Ungdom, 2022.

Manglande kunnskap i skulen

I ei undersøking gjort av Kantar på vegner av Sex og samfunn i 2017, kom det fram at mange unge meiner seksualundersivinga i skulen er mangelfull og at kjønnsidentitet er blant temaa dei saknar i undervisinga.

Skeiv Ungdom lanserte sjølv Skeiv sexhandbok på nett i november i fjor, for å gje skuleverket fleire ressursar.

– Lærarar må få den kompetansen dei treng for å kunne ha seksualitetsundervising for også skeive barn og unge. Unge veit at dei er skeive tidleg og finn dei ikkje informasjon i ein trygg kontekst søker dei det heller på internett, der det fort kan bli utrygt å finne informasjon.

Trettebergstuen lovar rapporten skal bli brukt

Bonsaksen håpar rapporten kan bli brukt som grunnlag i ungdomsdelen på den nye LHBT-handlingsplanen til regjeringa, noko Trettebergstuen gav lovnad om.

Skeiv Ungdom-leiaren fortel også at dei håpar rapporten kan gjere at ein får meir kunnskap og forsking på denne gruppa.

– Som ein organisasjon som jobbar politisk med skeive ungdommar, også under 18 år, ser me at det er vanskeleg å formidle kva den yngste gruppa treng når me ikkje har konkret statistsikk på det. No har me litt, men me treng meir. Til dømes ei generell leverkårsundersøking for dei under 18 år, seier Bonsaksen.


Kollasj av framtida.no. Fay Wildhagen. Foto: Johanna Siring. Nils Bech, foto: Terje Pedersen / NTB . regnbogetog, Foto: Geir Olsen / NTB

Fakta om rapporten

  • Ungdomstelefonen er Skeiv Ungdom si hjelpetjeneste på telefon,
    melding og chat.
  • Vaktene på Ungdomstelefonen har sidan 2014 svart på eit spørreskjema for kva enkelt samtale. Data frå desse skjemaa er grunnlaget for rapporten.
  • Det er 11 949 samtalar i perioden 2014-2021.
  • Samtalane på Ungdomstelefonen er anonyme, og det er difor ikkje registrert alder, kjønn, bustad, seksuell orientering og kjønnsidentitet på alle.