Kreftforeningen oppmodar skeive kvinner og transmenn sjekka seg for livmorhalskreft

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. september startar kampanjen #sjekkdeg, Kreftforeningen sin årlege kampanje for å få fleire til å ta celleprøve av livmorhalsen.

I år vil dei spesielt nå ut til transmenn og skeive kvinner, ifølgje Blikk.no. 

Transmenn får ikkje påminningsbrev

Generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross. Foto: Jorunn Valle Nilsen

– Me ynskjer å nå ut til alle som har ein livmorhals, og ser at me har ein veg å gå når det gjeld informasjon retta mot skeive, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross til Blikk.no.

Kvart år sender dei ut melding til alle som er registrerte som kvinner i folkeregisteret, noko som gjer at til dømes transmenn ikkje får denne påminninga om å sjekke seg.

Ross forklarar at det er ein teknisk avgrensing i Kreftregisteret som gjer at ein ikkje får sendt påminning til transmenn, og forklarar at det då ligg større ansvar på pasienten og helsevesenet om å følge opp.

9 av 10 som dør av livmorhalskreft har ikkje sjekka seg eller har sjekka seg for sjeldan, viser tall frå Kreftregisteret. Utan påmminingsbrevet frå Livmorhalsprogrammet er det rekna at talet ville ha vore minst 1000 tilfelle i året.

Gynekolog og leiar av Livmorhalsprogrammet, Ameli Tropé, understrekar at alle som har ein livmorhals, kan få livmorhalskreft. Uavhengig av seksuell identitet og praksis.

– Mange trur at dei ikkje treng sjekke seg, det same gjeld fleire legar, men HPV smittar ikkje berre ved samleie med menn, seier ho til Blikk.no.

HPV kan smitte ved alle former for seksuell kontakt, som penetranende sex, oralsex, ved å ta på kjønnsorgan eller bruk av same sexleiketøy.

Skeive sjekkar seg sjeldnare

Ein har ikkje statistsikk på kor mange skeive som sjekkar seg for HPV og livmorhalskreft, men ifølge Ross viser tidlegare undersøkingar og klinisk erfaring at skeive sjeldnare sjekkar seg.

– Me mistenker at mange skeive kvinner og transmenn kanskje tenker at dette ikkje angår dei.

Den siste spørjeundersøkinga er frå 2014. Der vart lesbiske, bifile og heterofile kvinner i alderen 25-69 år spurt om dei hadde fått utført celleprøve dei siste tre åra. 73 prosent av dei heterofile kvinnene svara at dei hadde teke prøven – kun 66 prosent av bifile kvinner og 47 prosent av lesbiske kvinner svara det same.

Sofia Brustad-Johnsen (24). Foto: Privat

#sjekkdeg

#sjekkdeg-kampanjen vert administrert av Kreftforeningen og arrangert i samband med Kreftregisteret, Norske Kvinners Sanitetsforening, Gynkreftforeningen og Norsk forening for allmennmedisin.