Pride: Nils Bech og Fay Wildhagen til solidaritetsmarkering

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter terroråtaket 25. juni i år, vart den store Pride-paraden avlyst etter oppmoding frå politiet. To vart drepne og fleire vart skadde under åtaket utanfor London pub.

På laurdag er det duka for regnbogetog og solidaritetsmarkering i hovudstaden, med Oslo Pride som arrangør.

– Oslo skal vera ein mangfaldig by der alle kan vera nøyaktig den dei er. Regnbogetoget til helga blir eit tydeleg signal om dette, og vi gler oss stort til å setja farge på byen igjen, fortel fagleiar for paradegruppa i Oslo Pride, Andreas Hammer Holmefjord i ei pressemelding.

Nils Bech og Fay Wildhagen på scena

På laurdag blir det regnbogetog gjennom byen. Det blir ikkje som den tradisjonelle paraden med flåtar og organisasjonar, men eit tog der kven som helst kan møta opp og gå kor dei vil i toget.

Oppmøte er frå klokka 11.00. Toget går kl 13.00 frå Kongens gate, forbi London pub og til Kontraskjæret.

På Kontraskjæret er det kl 15.00-18.45 ei solidaritetsmarkering med artistar som Nils Bech, OMVR, Matilda, Fay Wildhagen, DragCore og fleire, i tillegg til talar og appellar, fortel administrativ leiar i Oslo Pride, Jenny Skavdal til framtida.no på telefon.

– Det blir ein markeringsdag der folk er med og viser at mangfaldet er viktig, og at ein vil støtte opp om kampen om å vera den ein er og elske den ein vil.

Ingen flåtar og parade

Jenny Skavdal. Foto: Tale Hendenes

Det blir ikkje vanleg Pride-parade, noko Skavdal forklarar med kapasiteten til organisasjonen, men også at det faktisk gjekk ein parade den dagen dei som arrangørar avlyste deira offisielle program.

– Denne vart leia an av skeive minoritetar, og skal få sin plass. Samstundes var det mange som ikkje torde, orka eller kunne delta den dagen, så det var viktig for oss å laga eit samlingspunkt for dei og ta byen litt tilbake. Det er målet med å ha denne markeringa no, fortel Skavdal.

Ho seier at dei i stor grad har møtt forståing for at Pride-paraden vart avlyst, sjølv om det sjølvsagt også har vore folk som vart skuffa.

Fleire hundre menneske samla seg til ei spontan solidaritetsmarkering etter at den opphavlege prideparaden vart avlyst som følge av skyteepisoden mot London Pub natt til laurdag 25.06.2022. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ikkje redde

– Er folk redde for å kome no på laurdag?

– Nei, eigentleg ikkje. Det verkar som dei fleste har veldig lyst til å møte opp og vise at ikkje frykta vinn.

Ho fortel også at dei som arrangørar ikkje er redde og samarbeider godt med politiet med gode planar for tryggleiken.

– Eg er ikkje noko bekymra, seier Skavdal.

Ho oppmodar alle som ynskjer til å kome og delta, kle seg akkurat som dei vil og gå som dei vil:

– Dette er jo ei markering der me vil ta byen tilbake, så det tenker eg er ein viktig del av det. Samstundes har me forståing for dei som kjenner på ein uro og held seg heime. Toget går også i solidaritet med desse.

Foto: Ingvild Eide Leirfall,, Ingeborg Bjerke Styve, Ahmed Umar. Xheni Karaj.