Prestestudent Jane-Victorius (25) er den første ikkje-binære leiaren i Skeiv Ungdom

Jane-Victorius Bonsaksen brenn for skeive i distriktet og gleda ved å vere trans.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hugsar at eg var skikkeleg SJW då eg gjekk på vidaregåande, og at eg brann meg ut på nettaktivisme.

Jane-Victorius Bonsaksen mimrar tilbake til då dei var ein såkalla social justice warrior ved tastaturet.

25-åringen ville ta del i kampen for like rettar og hadde eit overordna ønske om at verda skulle verte ein betre plass for minoritetar, og at ein skal få lov til å vere seg sjølv.

– Å gjere noko som å lage aktivitetar for unge skeive eller arbeide politisk, eller til og med berre å vere synleg skeiv, det var noko der med at eg kunne hjelpe andre berre ved å vere meg sjølv, og å vere på, forklarar Bonsaksen på e-post til Framtida.no og legg til:

– Å få tilbakemeldingar på at du personleg har vore med på å trygge andre på veg ut av skapet er ei utruleg sterk oppleving, og noko eg er utruleg takksam for.

Første opne ikkje-binære leiaren

Jane-Victorius Bonsaksen er frå Dovre, og då dei først byrja engasjere seg i Skeiv Ungdom var der ikkje noko lokallag i Oppland. Men Bonsaksen ønska å verte kjend med andre skeive, og bretta erma opp sjølv og stifta eit.

– Det var trått arbeid å halde lokallaget gåande; dei fleste skeive flyttar dessverre frå distrikta, og gjerne ut av Innlandet. Men lokallaget er framleis gåande, sjølv om det har byta namn!

I dag er dei nyvald leiar i Skeiv Ungdom, noko 25-åringen fortel er ei ære og ei glede.

– Det er òg veldig stas å ta over i år, og kjennest litt ekstra seremonielt, sidan eg er den første opne ikkje-binære leiaren i Skeiv Ungdom.

Første opne ikkje-binære leiaren

I år er det akkurat 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg, då paragraf 213 vart oppheva.

– På ei side så er avkriminaliseringa ei massiv hending i det skeive miljøet i Noreg. Gud veit kvar me hadde vore om det skjedde seinare, seier Bonsaksen, og legg til at det er på sin plass at kyrkja har kome med ei unnskyldning til skeive.

– Samstundes har eg ikkje sjølv noko forhold til at det var kriminelt å vere ein mann som har sex med andre menn. Historia endrar seg, og haldningar skiftar med generasjonane, og det er med slike hendingar at vi ser det. Foreldra mine var ikkje ein gong fødd endå!

25-åringen understrekar at Skeivt kulturår og markeringa av avkriminaliseringa minner oss på at det har vore ein kamp å kome dit vi er no, og at vi aldri kan kvile heilt:

– Det er òg lang veg att til fullstendig likestilling mellom cis-heterofile og skeive. Ein veg vi må fortsette å tråkke opp.

Ser opp til ei beintøff dame

Bonsaksen fortel at dei vil vere ein tydeleg leiar, som støttar dei frivillige og tillitsvalde i organisasjonen.

– Det er alltid viktig at vi i sentralleddet er flinke på å motivere dei tillitsvalde, men det er spesielt viktig no etter pandemien, då det har vore ei utskifting.

Samstundes vil dei vere ein aktiv leiar, som er med på å utvikle Skeiv Ungdom vidare.

– Kven er leiarførebilete ditt, og kvifor?

– Kim Friele var ei beintøff dame, som har blitt eit ikon innanfor den skeive rørsla i Noreg. Ho fekk stor politisk slagkraft, og var i bresjen i mange år. Vilja hennar til å stå på og fortsette er noko eg beundrar, og som vi sårt treng meir av.

Tre viktigaste saker

Ei av dei viktigaste sakene for Skeiv Ungdom anno 2022 er å sikre eit betre helsetilbod til transfolk.

– Den modellen vi har no er heilt uforsvarleg, og det er ekstremt problematisk at Rikshospitalet ikkje har fått sanksjonar for dette, seier Bonsaksen.

I 2020 kom Helsedirektoratet med ei nasjonal retningslinje for kjønnsinkongruens, som slår fast at det skal verte lettare å få kjønnsstadfestande behandling. Til NRK i april, uttalar Rikshospitalet likevel at dei er strengare enn den nasjonale retningslinja.

Samstundes vil ungdomsorganisasjonen arbeide for eit kompetanseløft på kjønns- og seksualitetsmangfald i skulen:

– Folk treng kunnskap for å finne ut av kven dei er, og for å forstå andre sine opplevingar.

I tillegg vil Skeiv Ungdom styrke rus- og skadeførebyggande tiltak spesielt retta mot skeive ungdommar:

– Unge skeive er framleis meir utsette for press til å bruke rusmiddel (medrekna alkohol og nikotin), og vi treng fleire møteplassar og tiltak for å motverke dette, og for å drive skadeførebygging, forklarar Bonsaksen.

Skeive i distriktet, religion og gleda rundt å vere trans

25-åringen har òg tre eigne hjartesaker dei brenn ekstra sterkt for. Ei av desse er at skeive i distrikta skal ha like mogelegheiter som skeive i byane.

– Skeive flyttar ofte frå bygdene, eg gjorde det òg, men det må vere av andre grunnar enn at det er uleveleg å bu i bygda fordi du er skeiv. Det skal vere godt nok miljø til å flytte tilbake.

Vidare vil Bonsaksen fokusere på religion, gjerne saman med andre organisasjonar.

– Eg er sjølv prestestudent, og vil at organisert religion skal vere ein fin plass også for skeive, uansett om det er i den norske kyrkje eller i eit heilt anna trussamfunn, fortel dei og held fram:

Jane-Victorius Bonsaksen er teologi-student. Foto: Privat

– Og til sist, vil eg fokusere meir på gleda rundt å vere trans. Det er fint å vere transperson. Eg er veldig fan av Esben Esther sitt omgrep «transgåverik» – det er ei gåve å vere trans!

400 fanfics

På fritida driv den nyvalde Skeiv Ungdom-leiaren med kunst, er aktiv i fankultur og i periodar driv dei òg med cosplay.

– No går det ein del i handarbeid som strikking og broderi, skribleriar, fotografi og musikk. Eg er og veldig glad i å reise og utforske nye ting, seier Bonsaksen og utdjupar:

– Om eg skal beskrive dei tinga eg gjer på fritida så går det mykje i at eg likar å lære nye ting, nesten utan grenser. Ein blir aldri ferdig med å lære nye ting, og eg kjenner at det er veldig viktig å vere open til å fortsette å lære.

Den største tidstjuven i kvardagen er å lese fanfiction, fortel 25-åringen humoristisk.

– Eg har vore over gjennomsnittet opphengt i bokserien Grandmaster of Demonic Cultivation sidan eg las den i jula, og har lese sikkert noko 400 fanfics sidan då. Og så har eg loggført mange av dei på Twitter.

Jane-Victorius Bonsaksen driv tidvis med cosplay på fritida. Foto: Privat

Drøymer om at staten ber om orsak

Jane-Victorius Bonsaksen held seg oppdatert gjennom ein kombinasjon av kunnskapsrike vener og kollegaar, Twitter og nyheitsfeeden på Facebook, i tillegg til at dei brukar nyheitsarkivet Retriever.

Det siste som overraska 25-åringen er at Helsedepartementet går inn for å endre reglane for blodgjeving. I dag lyt nemleg menn som har sex med menn vente i eitt år før dei kan gje blod i Noreg, men departementet har bede om at regelverket vert vurdert på nytt.

– Eg er veldig nøgd med at dei endeleg skal gjere noko med reglane igjen, sist vart det ikkje gjort bra nok. Men eg håpar og at dei tydeleggjer blodgjevingsreglementet for transfolk i same runde, seier Bonsaksen.

Om Bonsaksen hadde vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Staten beklagar uforsvarleg behandling av transpersonar – kjem med økonomisk erstatning»

Esben Esther på pokebowl

Om Bonsaksen kunne invitert kven som helst på middag, hadde Esben Esther Pirelli Benestad vorte bydd på pokebowl.

– Eg hugsar hen som ein av dei aller første transpersonane eg såg i media, og hugsar at eg las artiklar i dei vekeblada mamma kjøpte, minnest 25-åringen og held fram:

– Hen har betydd utruleg mykje i mi eiga reise for å finne ut kven eg er, og gav meg min første resept på kjønnsbekreftande hormon. Esben Esther har vore ein utruleg ressurs for transmiljøet gjennom mange år, og fortener all den anerkjenninga hen kan få.

– Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det?

– Idealsamfunnet er når vi alle er likeverdige, og ingen har privilegium basert på kjønn, seksualitet, hudfarge, funksjonsevne, religion, og så vidare.

Jane-Victorius Bonsaksen poengterer at normkritikk og forståing for interseksjonelle problemstillingar må inn i alle samfunnsnivå.

– Eg trur veldig at vi kan nå det, om vi alle er rausare i møte med kvarandre, men vi må vere opne for at alle har ulike føresetnadar.

Tre tips

Omslag: Estate of J.R.R. Tolkien/George Allen and Unwin

– Kva bok burde alle lese, og kvifor?

– Saka er at eg les utruleg lite som ikkje er pensum (eller fanfiction), og enda mindre som eg aktivt vil anbefale til andre. Eg les òg lite skeiv litteratur – shame on me! Den boka eg har hatt mest glede av å lese J.R.R. Tolkiens Silmarillion.

– Det som trekker meg til ho gong på gong er at ho er så open for tolking, at det er så mange versjonar av dei ulike historiene, og at ein kan plukke og mikse litt kva ein vil leggje i historieverket.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg ser veldig lite på seriar, så eg er alltid litt bakpå, men Word of Honor er mitt beste tips – han har alt frå fantasy-element til kampsport til politisk intrige.

– Serien er basert på ein kinesisk danmei/wuxia-bokserie, så kjeldematerialet er skeivt, sjølv om adapsjonen har gått gjennom sensur. Den er tilgjengeleg på Netflix og YouTube.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Eg høyrer definitivt mest på metal, men Power Up av Red Velvet er ein song eg har høyrt mykje på i det siste. Om eg skal sjå meir overordna er det Storytime av Nightwish som er min hypesong, haha.


Maika Godal Dam ville invitert Prinsesse Diana på middag, om ho hadde sjansen.
Foto: Hanne Jones Solfjeld/NSO, John Mathew Smith & www.celebrity-photos.com from Laurel Maryland, USA/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 2.0

Frå: Dovre

Alder: 25

Personleg pronomen: Dei, hen, hin

Yrke/utdanning: Eg er ⅔ gjennom teologi profesjon

Favorittfag på skulen: Naturfag, religion

Ulike verv: Påtroppande leiar og avtroppande politisk nestleiar i Skeiv Ungdom, borne- og ungdomskoordinator i PrideArt

Medlem i: Skeiv Ungdom, PrideArt, FRI, PKI, Presteforeninga