Zahra (31) er dømd til døden for å «promotere homoseksualitet»

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg reiser mot fridom no. Eg håpar eg når han trygt. Om eg klarar det, vil eg framleis rope mi støtte til LHBT-miljøet. Om eg ikkje klarar det, så har eg gjeve livet mitt til denne saka.

Det sa iranske Zahra Sedighi Hamadani (31), som brukar namet Sareh, i ein video før ho freista å flykte frå heimlandet Iran til nabolandet Tyrkia.

Zahra er ein ikkje-binær (engelsk: gender non-comforming) menneskerettsaktivist, og i Iran er homofili ulovleg.

Zahra nådde ikkje fridomen. No er både ho og Elham Chubdar (24), som òg kjempar for skeive rettar, dømde til døden i Iran.

Saka vart først meldt av den kurdiske menneskerettsorganisasjonen Hengaw, og er omtalt av fleire internasjonale medium.

«Spreie korrupsjon på jorda»

Ifølgje Hengaw er dei to iranarane dømde for å «spreie korrupsjon på jorda», mellom anna ved å promotere homoseksualitet, prate med fiendtlege media og promotere kristendom.

Zahra vart først arrestert i oktober 2021 i irakiske Erbil, og ført for retten i januar i år. Då skreiv Amnesty International eit utsegn, der dei kravde at ho vart lauslaten.

Ifølgje Amnesty kjem dei to første skuldingane av at Zahra har forsvart skeive rettar, både på eigne sosiale medium og då ho i mai 2021 stilte opp i ein BBC-dokumentar som tok føre seg menneskerettsbrot mot skeive i den kurdiske delen av Irak.

Den siste skuldinga meiner Amnesty kjem av at Zahra bar eit halssmykke med kors og at ho for fleire år sidan skal ha delteke i ei kristen huskyrkje.

Det statlege nyheitsbyrået i Iran, IRNA, har stadfesta dommane, men hevdar dei er knytte til menneskehandel av unge kvinner ikkje aktivisme, melder BBC.

Amnety ber om lauslating

Etter dommane vart kjende, uttalte Amnesty International at informasjon dei har fått tyder på at dommane og straffa er baserte på diskriminerande grunnar, som heng saman med den seksuelle orienteringa og/eller kjønnsidentiten kvinnene anten har eller vert tilskrive.

– Og i Zahra sitt tilfelle, hennar fredelege aktivisme for LHBTI-rettar, skreiv Amnesty på Twitter.

Amnesty bad iranske styresmakter om å skrote domfellingane og dødsstraffane med det same, og lauslate Zahra Sedighi Hamadani og Elham Chubdar.

– Iranske styresmakter må stoppe forfølging av LHBTI-personar no, avslutta menneskerettsorganisasjonen.


Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen kjem frå vervet som politisk nestleiar. Det som skulle bli ei historisk Pride-feiring vart i staden eit traume for LHBTQIA-miljøet. Foto: Andrea Nøttveit