Ny undersøking: Stadig fleire mistrivst på skulen
Nesten éin av fire ungdommar har brukt smertestillande den siste veka, og stadig færre trivst på skulen, viser den siste Ungdata-rapporten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er Oslomet og forskingsinstituttet NOVA som står bak undersøkinga, som blir lansert måndag under Arendalsuka.
Hovudkonklusjonen er at dei fleste har det bra. Men mange av dei utfordringane som ungdom hadde før og under pandemien, som einsemd, mobbing eller psykiske helseplager, er framleis omtrent like utbreidd, ifølgje rapporten.
- Les også: Dette er nytt til skulestart
Vekkjer bekymring
Ein ting som vekkjer bekymring, er at fleire i 2022 fortel om fysiske plager. Nesten éin av fire, 23 prosent, fortel at dei har teke smertestillande tablettar den siste veka.
Ei forklaring på dei høge tala kan likevel vere at i perioden undersøkinga vart gjennomført, var mange smitta av omikron.
Men meir enn kvar tiande skuleelev, 11 prosent, seier at dei dagleg slit med helseplager som kvalme, hovudverk eller vondt i magen.
- Les også meiningsinnlegget frå Lyngdal KRFU: «Fråværsgrensa lagar unødvendige helsekøar»
Auka mistrivsel
Ein annan og veksande trend er at stadig fleire mistrivst på skulen. Sidan midten av 2010-talet har delen som trivst på skulen, vorte redusert med 6 prosentpoeng, og i undersøkinga i år gir 15 prosent uttrykk for dette. 11 prosent opplyser at dei blir utsette for mobbing, og éin av fire seier dei ofte gruar seg til å gå på skulen.
Samtidig har delen som seier at dei kjedar seg, auka med over 10 prosentpoeng. I undersøkinga seier heile sju av ti at dei kjedar seg i skuletimane.
– Skulking har også vore eit veksande fenomen dei siste åra, særleg blant jenter på ungdomsskulen, heiter det i rapporten.
I tillegg deltek færre enn før i organiserte fritidsaktivitetar.
Oppdatert bilete
Ungdata-undersøkinga blir utført kvart tredje år og omfattar ungdommar i dei fleste norske kommunar. Formålet er å få eit oppdatert bilete av korleis norske ungdommar har det.
I undersøkinga i år har over 109.000 ungdommar frå 8. trinn på ungdomsskulen til siste år på vidaregåande delteke. I tillegg blir det for første gong lansert ein eigen rapport, Ungdata-junior, der vel 102.000 barn frå 10–12 år (5.-7. trinn) har delteke.