Vidaregåandeelevar får fleire veker på munnleg eksamen

Så langt har elevar på vidaregåande fått 48 timar på seg til å førebu seg til munnleg eksamen. No får dei fleire veker.

NPK-NTB
Publisert

I 2026 skal trekk til både munnleg og skriftleg eksamen skje 28. april, stadfestar Utdanningsdirektoratet til Aftenposten.

Éin felles dato gjer det lettare for fylkeskommunar og skular å administrere eksamen, meiner direktoratet.

Bakgrunnen for endringa er at regjeringa har bestemt at eksamenar skal haldast før 17. mai, sånn at russefeiringa skjer etter at eksamenane er unnagjorde. Til no har skriftleg eksamen vorte halden i siste halvdel av mai og munnleg i første del av juni.

– Dei får vite kva fag dei kjem opp i, men dei får ikkje vite kva tema. Som tidlegare får dei førebuingsdelen høgst 48 og minst 24 timar før dei skal opp til eksamen, seier eksamenskoordinator Øyvind Pettersen i Utdanningsdirektoratet.

Pettersen er ikkje bekymra for at elevane kjem til å la dei andre lærebøkene liggje når dei veit kva fag dei skal ha eksamen i.

– Ei felles offentleggjering av både skriftleg og munnleg eksamen kan føre til at elevane prioriterer fag dei veit dei skal ha eksamen i. På den andre sida kan godt arbeid med vurdering, standpunkt og læring også bidra til å motivere elevane til jamt arbeid i alle fag, seier han.

Standpunktkarakteren kan no setjast etter at skriftleg eksamen er gjennomført, noko som gir rom for undervisning også etter eksamen.