Den nye ANSA-presidenten drøymer om at alle kan få studere kor dei vil
Anna Handal Hellesnes (23) er nyvald president i ANSA og vil kjempe for rettane til norske studentar i utlandet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hjartesaka Anna Handal Hellesnes er å sikre fundamentale rettar for norske studentar i utlandet, uavhengig av kor dei er i verda. Ho er nyleg vald til ny leiar for ANSA – Association of Norwegian Students Abroad.
– Eg er skikkeleg stolt over at ANSA vedtok på generalforsamlinga at vi skal jobbe for reproduktive helsetilbod for våre medlemmar der desse rettane er og blir innskrenka, skriv ho på e-post til Framtida.no.
Sende e-post til kunnskapsministeren på barneskulen
Allereie på barneskulen starta engasjementet då ho og nokre vener ikkje var heilt fan av lekser og bestemte seg for å sende e-post til dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen, der dei spurte om eit møte for å diskutere lekser.
– Vi fekk svar frå kunnskapsministeren om at det ikkje blei noko møte, men at ho gjerne ville høyre våre meiningar. Vi sette oss då saman og skreiv ein lang e-post til kunnskapsministeren med våre argument.
Sjølv om dei var litt skuffa over at dei ikkje fekk møtt kunnskapsministeren, opplevde dei at meininga deira betydde noko og at dei kunne påverke verda rundt seg.
– Etter dette blei eg veldig engasjert i skulepolitikk og miljøet rundt meg på skulen. Gjennom elevrådet møtte eg Elevorganisasjonen, som viste meg kor mange moglegheiter det er gjennom elev- og studentrørsla i Noreg, fortel ho.
Helsetilbod for studentar
Hellesnes meiner dei tre viktigaste sakene for ANSA anno 2022 er: studiestøtte, autorisasjon, og det psykiske og fysiske helsetilbodet til norske studentar i utlandet.
– Utanlandsstudentane har ofte ei høgare gjeldsgrad, og vi ynskjer difor å jobbe for tiltak som kan redusere denne. Samtidig må studentane få ei sterkare kjøpekraft.
Ei anna viktig sak er at dei av medlemmane som studerer profesjonsutdanning i utlandet skal få utdanninga si godkjent, og få autorisasjon i det dei kjem tilbake til Noreg for å jobbe.
– Og som studentsamskipnad er det viktig for oss at våre medlem alltid har tilgang på eit godt helsetilbod, uavhengig av kor dei er i verda. Vi vil leve opp til slagordet vårt – du reiser aldri åleine, fortel ho.
Den nyvalde leiaren ynskjer å vera ein samlande og engasjerande leiar for heile organisasjonen, og ser særleg opp til sine eigne tidlegare leiarar, spesielt Rahman Chaudhry.
– Rahman klarte å vere ein tydeleg leiar for både sentralstyret i Elevorganisasjonen og resten av organisasjonen, samstundes som han var rettferdig, omsorgsfull og «down to earth», og sikra fleire politiske gjennomslag. Eg håpar eg kan ta med meg mykje av det eg lærte av han inn i vervet som president i ANSA.
Popkorn og politikk
På fritida går mykje av tida til å halde seg oppdatert først og fremst ved å lese aviser:
– Eg er veldig glad i å lese papiraviser og då eg budde heime pleidde eg å bla gjennom avisene før eg drog på skulen. No som eg har studert i utlandet har eg gått over til nettaviser, men set alltid pris på å fysisk bla gjennom papiraviser.
På fritida slepper ho ikkje politikken heilt og høyrer gjerne på podkastar som Stortingsrestauranten (Høgre-politikarar sin podkast) og Popkorn og Politikk.
Om ho skal kople heilt ut ser ho gjerne nokre episodar Real Housewives, eller henger med vener.
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Er litt for glad i ulike mobilspel, så det tek nok litt meir tid i kvardagen enn eg likar å innrømme.
Veggispizza og politikk
Om ho kunne invitert kven som helst på middag, levande eller daud, ville det blitt Jacinda Ardern, statsminister på New Zealand.
– Jacinda Ardern er ei føregangskvinne, og det hadde vore veldig kult å kunne diskutere politikk og korleis ho har handtert dei mange ulike situasjonane ho har stått i som statsminister. Eg ville ha servert heimelaga veggispizza, trur Jacinda hadde sett pris på ein heimekoseleg middag.
Elles er studentrettar verkeleg hjartesaka for den nyvalde leiaren, og om ho vakna opp til draumenyheita si i morgon, ville dette vore overskrifta: «Rekordmange nordmenn studerer i utlandet».
Om ho skulle sett for seg eit idealsamfunn, ville det vore at alle har reelle høve til å studere det dei vil, og kor dei vil, utan frykt for å uttrykke seg sjølv og vere den dei er.
– Eg trur det kan bli oppnådd ved å ha opne debattar med rom for meiningsutvekslingar og forståing for kvarandre. Ikkje minst vil det også vere viktig at politikarar og andre samfunnsleiarar tek ansvar. Det er òg ein ekstraverdi at dei lyttar til oss unge og studentar.
– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?
– Min Krig med Putin av Bill Browder. Ei veldig engasjerande bok om finansmannen Bill Browder og hans kamp mot korrupsjon i Putins Russland. Las den for første gong i 2016, og den har med tida berre blitt meir og meir relevant.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Borgen – veldig spennande og aktuell serie.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– «Don’t Shut Me Down» av ABBA.
Anna Handal Hellesnes
Alder: 23
Personleg pronomen: Ho/henne
Frå: Rykkinn, Bærum
Yrke/utdanning: Master of Arts (Honours) i Historie og Politikk frå the University of Edinburgh.
Favorittfag på skulen: Historie
Ulike verv: Internasjonalt ansvarleg i Elevorganisasjonen (2017-2018), sentralstyremedlem (2018–2019) og 2. nestleiar (2019–2021) i Europeisk Ungdom, nestleiar (2019–2020) og landsleiar (2021–22) i ANSA UK.
Medlem i: ANSA.