Dette er nytt: Munnleg-praktisk eksamen og fråværsgrenseretur

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellom anna vil elevar med dysleksi eller betydelege lesevanskar få tettare oppfølging i form av lesestøtte når dei skal gjennomføre nasjonale prøver i engelsk og lesing i september, skriv Utdanningsdirektoratet (Udir).

Det blir også innført nye digitale prøver i rekning for elevar på 3. trinn i oktober. Samtidig vil kartleggingsprøva i engelsk bli fjerna frå og med i haust.

Kartleggingsprøvene blir brukte av lærarar for å finne elevar som treng ekstra oppfølging tidleg i grunnskulen.

Ny eksamensform for 10. trinn

Som følgje av innføringa av nye læreplanar etter Kunnskapsløftet 2020 kan elevar på 10. trinn bli trekt ut i ei ny eksamensform, kalla munnleg-praksis. Det vil seie at elevane i tillegg utfører, demonstrerer eller lagar noko til eksamen.

Målet er at ein skal få vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking. Elevane kan berre trekkjast ut til denne eksamensforma i naturfag, matematikk eller arbeidslivsfag, skriv Udir.

Betre tilbod for utsette barn

Betre oppfølging av utsette barn og unge blir også vektlagt frå skulestart i haust. Frå 1. august får kommunen ei tydeleg plikt til å samordne tenestetilbodet til barn.

Målet er eit tettare samarbeid mellom skuleverket, barnevernet, Nav og andre offentlege tenester, opplyser Kunnskapsdepartementet.

– Det er viktig at barn som treng hjelp frå ulike velferdstenester, opplever at tilbodet er godt koordinert på tvers av tenestene. Men det har ikkje alltid vore klart kven som skal samordne dette, og ofte endar familien opp med ansvaret. Denne endringa vil vere med på å styrkje laget rundt barna og elevane, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Betre oppfølging av utsette barn og unge kjem til å bli vektlagt frå skulestart i haust. Her er elevar ved Lakkegata skule i Oslo på første skuledag i 2020. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Gratis SFO i 1. trinn

Regjeringa og budsjettpartnar SV har vedteke at alle førsteklassingar i heile landet skal få gratis SFO i tolv timar kvar veke, med verknad frå 1. august i år.

I tillegg får 60 kommunar moglegheit til å gi gratis heiltidsplass til 5.500 førsteklassingar frå familiar med låg inntekt. Samtidig kan familiar med låg inntekt søkje om reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. til 4. trinn i SFO.

Fråværsgrensa er tilbake

Den omstridde fråværsgrensa er tilbake på ungdoms- og vidaregåande skular i august.

– Det betyr at elevane ikkje lenger kan bruke eigenmelding eller stadfesting frå ein forelder for å dokumentere fråvær av helsegrunnar, skriv Kunnskapsdepartementet .

Fråværsgrensa er på 10 prosent.

Tilpassar for ukrainske flyktningar

Samtidig har regjeringa gjort mellombelse endringar i opplæringslova for å gjere det enklare for barnehagar og skular å ta imot flyktningar frå Ukraina.

– Kommunen får moglegheit til å godkjenne barnehagar og barnehageplassar mellombels, og også skalere ned tilbodet når det ikkje lenger er behov for det. Kommunane kan også organisere opplæringstilbod for dei i eigne grupper, klassar eller skular, utan at eleven eller føresette må samtykkje, skriv Udir.

Endringa er mellombels og blir seinast oppheva 1. juli neste år.


Kurdiske Lizan Rafat Slojek (16) går på vidaregåande og merkar at ho manglar basiskunnskapar i engelsk, der ho vert vurdert på lik line med medelevar som har mange fleire års opplæring. Foto: Privat