«Fråværsgrensa lagar unødvendige helsekøar»

Jon Andreas Nilsen (17), Alva Helena Porter (17), Rakel Oline Moi (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Samfunnet forandrar seg, og det gjer elevane også.

I dag har vi ei fråværsgrense som gjer både skulekvardagen vanskelegare for elevane og forsterkar trykket på et allereie pressa helsevesen. Fråværsgrensa må forbetrast!

I dag er grensa i faga på vidaregåande skule på 10 prosent. Denne grensa er rigid og ein stressfaktor for mange. Fag som gym og programfag har ofte berre 1 time i veka. Det betyr at ein berre kan vere borte 1 time i halvåret. Desse faga blir for mange vanskelege å bestå berre fordi vi har køyretimar og andre ting som ofte hamnar i skuletida.

Unødvendig

Slik som fråværsgrensa er no så må ein gå til fastlegen og få ei legeerklæring på at ein er sjuk – sjølv om det berre er heilt vanlege sjukdomsforløp. Det er unødvendig at om vi unge blir sjuke må vi gå til lege for å få godkjent fråvær. Fleire fastlegar jobbar allereie overtid, og ein ny studie viser at berre 3 prosent av nyutdanna legar vil bli fastlege.

Legen skal vere tilgjengeleg for dei som faktisk treng det. Derfor er det tragisk at vi som har omgangssjuke brukar kapasiteten til nokon som kanskje treng det meir for å få hjelp.

Går sjuke på skulen

For å sleppe alt det unødvendige arbeidet med å både betale for legetime og legebesøk for vanlege sjukdomssymptom som går over av seg sjølv – vel heller folk å gå sjuke på skulen.

Resultatet er at fleire blir smitta og det blir mindre læring på skulen. Vi treng ei fråværsgrense der helsesjukepleiar kan godkjenne fråvær.

KrFU sitt forslag er å gjere det enklare for kvar enkelt elev å kunne få gyldig fråvær. Ved å la helsesjuketenesta på skulen skrive ut gyldig fråvær vil køane til fastlegen bli kortare. Om ein kan gå til helsesøster og få hjelp, og eventuelt gyldig grunn for fråvær ville det kanskje vere til hjelp, og i tillegg setje ein lågare terskel.


Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Berntsen Husby, meiner det er ei billeg løysing å innføre fråværsgrensa. Foto: EO