Kornelia (29) får stipend for å lære ungdommar om språkhistorie
Saman med mora har Kornelia Melsæter utvikla ei førestilling der ungdommar ser for seg språkutviklinga hundre år framover.

– Det er veldig stas. Eg har visst det ei lita stund, men det gjekk opp for meg kor stas eg synest det er på sjølve utdelinga, seier Kornelia Melsæter på telefon til Framtida.no.
Ho har fått nynorskstipendet til Noregs Mållag for framsyninga «Det var ein gong eit språk». Kvart år gir Noregs Mållag ut 50 000 kroner til tiltak som løftar nynorsken på nye område, eller der det er lite nynorsk frå før.
Melsæter har turnert med førestillinga på ulike ungdomsskular i Ålesund-området, og vil no utvikle prosjektet vidare.
Bygde vidare på mora si førestilling
«Det var ein gong eit språk» er ei førestilling som baserer seg på undervisningsvideoen «Språkhistoria på 11 minutt!», utvikla av norsklærar Magritt Jarlsdotter Grimstad, som også er mora til Melsæter.
Stipendvinnaren fortel at Grimstad i 2009 merka at det var vanskeleg å lære ungdommane språkhistorie, og som dramalærar i tillegg til norsklærar, tok ho i bruk fleire verkemiddel.
– Ho bestemte seg for å lage ei lita teaterførestilling til klassa si der ho spelte ut heile språkhistoria med flagg og karakterar. Ho sprang rundt i rommet og prøvde å gjere dette litt meir levande og lettare å forstå. Og det funka.
Førestillinga vart ein suksess i klassa, på resten av skulen, og snart på andre skular rundt om i Ålesund, i tillegg til å bli ein forkorta versjon i videoformat som Nynorsksenteret publiserte:
Men norsklæraren ville helst halde fram med å undervise sine eigne elevar, i staden for å ta fri frå jobben og reise rundt med førestillinga. Då var det ein fordel å ha ei dotter som er skodespelar.
– Eg kunne få førestillinga i arv og lage det til ei profesjonell førestilling, seier Melsæter.
Ho har utvida produksjonen med lyd, lys, og gjort det meir interaktivt. Grimstad er framleis med som pedagogisk koordinator og kan gi tips, og Fride Snipsøyr Holøs har blitt med som skodespelar.
Vekkjar språkleg medvit
– Med turnéen i Ålesund har nynorskstipend-vinnaren erfart korleis ein kan vekkja språkleg medvit, og førestillinga hennar skapar engasjement rundt språket si rolle i samfunnet, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.
– Difor er dette er eit godt prosjekt. Det er svært viktig for nye generasjonar ungdomsskuleelevar som skal ha nynorsk som sidemål, å få lære om den norske språksituasjonen, og å forstå kvifor nynorsk er ein viktig del av samfunnet vårt, seier Bjørnstad.
Med dei 50 000 kronene vil Melsæter oppgradere rekvisittar og andre ting som elles har vore på eit stramt budsjett. Målet er å få førestillinga vidare til Oslo og Austlandet, men ho utelukkar ikkje at det kan bli endå større.
Framtidas språk
Det som har gått mest inn på Melsæter er korleis elevar blir engasjerte og aktiviserte gjennom førestillinga.
– Eg har fått tilbakemeldingar om fleire elevar som har blitt munnlege, som vanlegvis ikkje seier noko, men som har stått fremst i klasserommet og framført.
Ho trur det hjelper at dei kjem inn og får elevane med på dramatiseringa, utan at det endelege produktet skal få ein karakter. Elevane klarer også å trekke linjer til moderne tid, når dei får spekulere i kva som skal skje med språket vårt mot året 2100.
– Dei kjem med mange kule spådommar, som at vi alle kjem til å snakke russisk, seier ho.
Ifølgje elevane vil eit russisktalande Noreg kanskje også få ei motstandsrørsle og ein ny Ivar Aasen-figur, som vil sjå på notidas norsk for å finne tilbake til språket vårt. Andre meiner vi vil flytte til ein nynorsk planet der vi berre drikk Mozell.
Melsæter trur ikkje innhaldet i førestillinga treng å bli endra for å få ho over til Austlandet, men ho opnar for at framsyninga kan få andre reaksjonar.
– Ho er laga heilt ut frå læreplanmåla, så det er det alle i landet skal lære. Samstundes er ho jo interaktiv, og det kan hende det er ei anna haldning til språk der.